– Kvardagen til Leon vil bestå i å få epilepsianfall i ein taxi. Fylkeskommunen må forhalde seg til lover og regler sjølv om dei gjer endringar. Det som skjer nå er ikkje verdig og det er straffbart, seier Stensvold Haugerud.
Ho tek eit godt tak rundt sonen sin Leon. Han er 16 år, utviklingshemma og starta denne hausten på Dokka vidaregåande skule. På skulen har han tilpassa opplæring med seks andre elevar og i ti minutts omkrins er både familien og avlastingsbustaden.
– Vi brukte eit år på å venne Leon, og dei som skulle ta imot han, til å starte på vidaregåande skule. Nå er han i eit miljø der dei tilsette kjenner ham og det er veldig godt tilrettelagt, seier Stensvold Haugerud.
– Vil gå på helsa laus
23. oktober bestemte politikarane i Innlandet fylkeskommune å leggje ned seks vidaregåande skular frå neste haust; Dokka, Skarnes, Flisa, Lom, Sønsterud, og Dombås.
Familien på Dokka er nokre av dei som blir hardast råka av vedtaket. For Leon betyr det at nærmaste skuletilbod blir Gjøvik vidaregåande skule, 43 kilometer unna.
– Realiteten for oss er at Leon ikkje får noko skuletilbod. Tilbodet for han blir sikkert bra på Gjøvik, men det hjelp ikkje at døra er ope så lenge vi ikkje kjem oss dit, seier mora.
Ho fortel at grunnen til det er at sonen ofte får anfall når han køyrer bil over lengre distansar.
– Leon blir fort sliten og er sensitiv. Med daglege turar til Gjøvik i ein taxi blir han ekstra utsett for å få anfall, og det vil gå på helsa laus. Kva skjer dersom han får anfall på veg til Gjøvik? Det kan bli katastrofalt. Her på Dokka har vi kort veg til avlastingsbustaden. Transporten vil i tillegg bli særs dyr, seier 36-åringen.
Derfor har ho anmeldt
Ho meiner at med vedtaket fylkeskommunen har gjort får ikkje sonen hennar eit reelt tilbod til skulegang på grunn av hans helsetilstand.
– Han har like store rettigheiter som andre på å gå på vidaregåande skule. Det blir ikkje eit fullverdig liv for Leon etter at Dokka blir lagt ned fordi han blir forhindra frå sine rettigheiter. Derfor har eg anmeldt fylkeskommunen, seier Anita.
Nå har ho bestemt seg for å ta kampen for Leon og andre sårbare elevar som blir råka av skulevedtaket.
– Dette gjeld ikkje berre Leon. I saksgrunnlaget til vedtaket er det så mange lovbrot uansett kor ein snur seg. Politikarane har overkøyrd oss og eg skulle berre ynskje at dei hadde forstått vår situasjon betre. Slik dei har oppført seg er ikkje greitt, seier Stensvold Haugerud.
Politiadvokat Hildegunn Tronsli frå Innlandet politidistrikt stadfester overfor NRK Innlandet at dei har teke imot anmeldelsen.
– Utover det har vi førebels ingen kommentar, seier Tronsli.
– Reknar med at politiet tek kontakt
NRK Innlandet har vore i kontakt med fylkesordførar Thomas Breen, men han viser til fylkeskommunedirektør Tron Bamrud.
– Eg har ikkje sett denne anmeldelsen utover det NRK har fortalt meg. Eg reknar med at politiet vil sjå på saka og eventuelt ta kontakt for kommentarar, seier Bamrud.
Han fortel at fylkeskommunen har god erfaring med å leggje til rette for enkeltpersonar med særskilde behov.
– Vi skal gjere det vi kan for at alle skal få sin lovmessige rett til vidaregåande utdanning. Vi må klare å finne tilfredsstillande løysingar for alle, sjølv om det kanskje ikkje blir slik akkurat den enkelte vil ynskje seg, seier Bamrud.
Nå er han og fylkeskommunen i full gang med å planlegge tilbod for komande skuleår.
– Så ser vi an søkemønsteret utover våren og gjer det vi kan for å leggje til rette best mogleg for dei som søker seg til skulane, seier Bamrud.
– Vil bli ramma hardt
Regionkontorleiar i Norges Handikapforbund Innlandet, Jørgen Wien, fortel at det er stor variasjon på korleis den enkelte elev med særskild behov reagerer på miljøskifte.
– Det er veldig individuelt og store forskjellar. Men i eit slikt skulevedtak er det spesielt elevar med funksjonsnedsettelse som blir ramma hardt, seier Wien.
Han begrunner det med at mange i den gruppa av ulike grunner ikkje har moglegheit til å flytte på hybel. I tillegg vil det skape mykje unødvendig stress å bytte kommune og få ei ny vurdering av behov for ulike tenester.
– Det er generelt veldig uføreseieleg og det vil nok føre til at enda fleire med funksjonsnedsettelse ikkje fullfører vidaregåande skule. For enkelte er det særs utfordrande å skifte miljø, seier Wien.
Variasjonane gjeld også på transporten.
– Nokre kan sitte på i ein vanleg taxi, mens andre må ha spesialtransport og skuletransporten kan by på store utfordringar. Om skuletransporten skulle fungere godt vil lengden på skulevegen uansett bli lang for enkelte. For nokre vil dette vedtaket føre til at det blir umogleg å fortsette på skulen, seier Wien.
Publisert 13.11.2024, kl. 08.28 Oppdatert 13.11.2024, kl. 08.37