Politiet fekk klokka 16.43 melding om ein person i sjøen like ved Nordnespynten.
Naudetatar sette i gang ein redningsaksjon. Klokka 16.57 blei personen henta opp av sjøen og livreddande førstehjelp sett i gang.
Brannvesenet har assistert med båt, overflatereddarar og dykkarar for å leite etter personen i sjøen.
Politiet veit ikkje identiteten til personen og jobbar med å finne ut dette.
Politiet har førebels ikkje svara NRK.
Publisert 25.11.2024, kl. 17.51 Oppdatert 25.11.2024, kl. 17.53