Amerikansk hangarskip mistenkt for søppelfunn langs norskekysten

1 month ago 26



Naturvernforbundet peikar på hangarskipet Harry S. Truman som mogleg «rotårsak» etter at plastbeger frå «Kellogs», «Lucky charms» og «Cherrios» har skylt inn langs norskekysten den siste månaden.

Hangarskipet var på besøk til Noreg i november, og delar av begera er uopna.

SV meiner at Økokrim må kome på banen for å finne den ansvarlege for «griseriet».

Her må Økokrim på banen og sjekke kor denne søpla kjem frå. Dette er totalt uakseptabel forureining, seier Lars Haltbrekken til NRK.

Alfred Bjørlo (V) foreslår ei anna tilnærming:

USA er våre venner og allierte. Når venner ikkje oppfører seg ordentleg, slik det kan verke som her, så seier vi tydeleg ifrå. Vi spring ikkje rett til politiet.

Fredag retta han eit skriftleg spørsmål til Bjørn Arild Gram (Sp) der han ber forsvarsministeren om å kontakte sine amerikanske kolleger.

Eg ventar at han gir klar beskjed om at det ikkje er greitt å bruke havet vårt som søppelplass.

Noreg har overvakt strandsøppel ved sju norske strender sidan 2011. Denne veka melde Miljødirektoratet at dei styrkar miljøovervakinga og aukar talet på strender til 15.

Funn heile vegen frå svenskegrensa til Sunnmøre

Medlem i MDG og Naturvernforbundet, Per-Erik Schulze, skriv på Bluesky at dei har gjort funn av feltrasjonar og «plastemballasje av amerikansk opphav» heile vegen «frå Hvaler på svenskegrensa til Haram på Sunnmøre».

Bilda under er frå Kristiansand, Farsund og Askvoll.

  • bafkreie6obi2fjxjiy6ugcy6krok4vl2tj6omfmbuownndrb56kyzglnjq

    Frå Kristiansand. Foto: H. Skiffard.

  • bafkreiaqjn44esjypctptkk5rlg73bv3yoibcmcjje77mje2tz6d5nr7km

    Frå Farsund. Foto: A. Grønsund.

  • bafkreifrr6sml4z4wxy24rqhq4kex4roqodbzmhame44cbfmocbo5zguhi

    Frå Askvoll. Foto: E. Torvanger.

Han legg til at strandryddar-gruppa i Naturvernforbundet har kontakta den amerikanske marinen, men utan å få svar.

NRK har kontakta den amerikanske ambassaden i Noreg, men har foreløpig ikkje fått svar.

I desember havarerte planane om ein ny global plastavtale etter at landa ikkje klarte å bli einige om innhaldet i avtalen.

– Eg er svært skuffa. Verda treng eit samla løft mot plastforureininga, uttalte utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp).

bafkreigdqbtajlj2yftslq7rqhxng2ntaozypaqq3njff73yy2js4rrpzq

Naturvernforbundet peikar på amerikanarane etter at plastbeger frå «Kellogs», «Lucky charms» og «Cherrios» har skylt i land. Bilete frå Herføl, Ytre Hvaler Nasjonalpark.

Foto: Are S. Grønsund / Miljøstiftinga elv og hav

– Det er jo litt pussig

– Det er jo litt pussig at amerikanske produkt og transportlappar frå det amerikanske militæret flyt opp på stranda samtidig, seier Frode Pleym i Greenpeace.

– Eg reknar med at den amerikanske ambassaden i Oslo er einig, og gjer kva dei kan for å finne ut kva som har skjedd.

Onsdag fortalde NRK at feltrasjonar til amerikanske soldatar har stått bom fast i den norske tollen i snart eitt år, og at USA har trua med at «konteinar-gate» kan føre til færre øvingar på norsk jord.

Torsdag løyste saka seg da norske myndigheiter lempa på reglane.

– Av omsyn til nasjonal tryggleik gjer vi eit unntak for reglane. Det er viktig at Noreg som vertsnasjon viser at vi kan ta imot allierte forsterkingar, uttalte Forsvarsdepartementet.

Ingvild Sundal Joys er prosjektansvarleg for plast i Naturvernforbundet Hordaland.

Ho seier til NRK at «altfor mykje miljøkriminalitet fell mellom to stolar i byråkratiet, eller blir lagd bort av politiet.»

Vi får ofte førespurnader som vi prøver å følge opp med dei ressursane vi har, men det er arbeid i motbakke. Vi håpar denne saka blir tatte alvorleg, da miljøkriminalitet får altfor lite merksemd.

  • Truls Gulowsen

    Richard Aune

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Vi veit ikkje kva som har skjedd her ennå, men noko nokså stort har openbert skjedd. Og avfallet som ser ut til å kunne stamme frå engelskspråkleg skip, har hamna på feil plass i Nordsjøen sånn i november-desember. Vi lurer på kva slags beredskap og etterforskingskapasitet ein har på myndigheitssida rundt slikt, ettersom det verkar som lite skjer.

  • Frode Pleym

    ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

    Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg

    Produsentar har plikt og ansvar for produkta sine gjennom heile livsløpet, inkludert når dei blir avfall. Svære selskap som Kellogg’s og Nestlé kan begynne med å gi eit solid bidrag til dei frivillige strandryddarane som må ordne opp i griseriet deira. Eller kanskje aller helst: Komme seg ut sjølv, og fjerne forsøplinga.

  • Carl Hjman

    Salt

    Carl Höjman i organisasjonen Salt, som jobbar mot marin forsøpling

    Dette ser ut som eit større uhell eller eventuelt bevisst dumping. Eg oppfordrar dei som plukkar opp «frukostsøppelet» til å sende inn dokumentasjon til Sjøfartsdirektoratet og Miljødirektoratet.

  • Ingvild Sundal Joys

    Viktoria K. Joys

    Ingvild Sundal Joys, prosjektansvarleg for plast i Naturvernforbundet Hordaland

    Altfor mykje miljøkriminalitet fell mellom to stolar i byråkratiet, eller blir lagd bort av politiet. Vi får ofte førespurnader som vi prøver å følge opp med dei ressursane vi har, men det er arbeid i motbakke. Vi håpar denne saka blir tatt alvorleg, da miljøkriminalitet får altfor lite merksemd.

Publisert 17.01.2025, kl. 20.48

Read Entire Article