Vêrvarsel for jule­trafikken: – Ikkje det beste vêret å køyre «heim til jul»

2 months ago 15


Juletida er høgtid for reise, og komande helg kan bli travel på både flyplassane og på vegane landet rundt.

Fredag 20. desember blir den travlaste dagen i flytrafikken i jula.

Nesten 131.000 menneske tar fly denne dagen, ifølge Avinor. Dei neste to vekene skal heile 1,9 millionar passasjerar reise gjennom landet sine største flyplassar.

På vegane er det venta at nærare éin million bilistar reiser på juleferie, ifølge Statens vegvesen. Av erfaring legg størsteparten av desse ut på vegane på fredag.

– Vi håpar at fleire reiser på ein annan dag, slik at vi unngår for mykje forseinkingar, seier Nils Karbø i Vegvesenet.

Om du skal køyre bil i Sør-Noreg, bør du belage deg på vått og surt vêr og «nullføre».

– Til helga blir det vind og regn – ikkje det beste vêret å køyre i «heim til jul», skriv Meteorologisk institutt på X.

Vått og surt

Det er særleg temperatursvingingar mellom pluss- og minusgrader som kan bli utfordrande for dei som skal ut på vegane i Sør-Noreg.

På Austlandet vil den kalde lufta gå over til mildare luft utover laurdag. Mens i vest er vil denne overgangen komme på fredag.

I temperaturovergangane vil føre vere dårlegast, og det kan bli glatt.

– Temperaturstigninga er det eg tenker kan vere utfordringa. Det kan typisk gå frå minusgrader til plussgrader og då kan bli glatt, seier meteorolog Julie Solsvik Vågane.

I tillegg skal det komme ganske godt med nedbør heile helga i Sør-Noreg, og det blir våtast i vest. Her er det venta 40–60 millimeter på laurdag og 20–24 millimeter på søndag.

I Nord-Noreg er det derimot nyte vinterlege omgjevnader når du reiser heim, med temperaturar på minussida.

Lengst i nord kan det komme litt snøbyer, der kysten av Troms og Finnmark har størst sjanse for nedbør. I Nordland ser det forholdsvis tørt ut inn i helga.

– Elles ser det ut til å kunne bli ei ganske fin helg i nord, seier Vågane.

Vind på Flesland

Det kan bli vått i Bergen i helga.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Køyr fint, ver oppmerksam og tolmodig, er oppmodinga frå Nils Karbø i Statens vegvesen, til alle som skal ut å køyre bil.

Også mykje vêr før helga

Trass surt og grått vêr til helga i Sør-Noreg, vil kjem det verste vêret før.

– Helga er meir berre grått og dårleg vêr, med temperaturendringa som kan vere ei utfordring, seier meteorologen.

Publisert 19.12.2024, kl. 05.11

Read Entire Article