Moskvas ordfører: – Massivt dron­eangrep mot byen

19 hours ago 5


Det russiske luftforsvaret skal ha skote ned rundt 60 droner idet dei nærma seg hovudstaden natt til tysdag, ifølge ordfører Sergej Sobjanin.

Droneangrepet skal vere det største frå ukrainarane mot Moskva hittil, ifølge myndigheitene.

Ein person er drepen og tre skadde av restane av dronene, som skal ha treft fleire bustadblokker. Det skriv guvernøren for Moskva-regionen, Andrej Vorobjov, på sin Telegram-kanal.

Både Sobjanin og Vorobjov kallar angrepet «massivt».

Ukrainske myndigheiter har ikkje kommentert angrepet.

et rom som har blitt ødelagt, knuste vindu

Bildet er delt på Telegram av Moskva-guvernør Andrej Vorobjov.

Foto: NTB

Jernbane skal vere øydelagd

Angrepet skal mellom anna ha ramma trafikken ved to av byens flyplassar.

Det russiske statlege mediet Ria skriv også at delar av jernbanen utanfor bykjerna er treft.

Publisert 11.03.2025, kl. 06.12 Oppdatert 11.03.2025, kl. 06.15

Read Entire Article