Klokka fem ein julimorgon rullar ein stor, kvit buss ned mot kanalen Saint-Denis.
Det kvin i bremsene, og trøytte ansikt stikk ut av glidelåsopningane på dei mange telta som står langs elvebreidda. Dei veit godt kva som er i ferd med å skje.
Dette med bussane har nemleg blitt ei rutine det siste året. Dei tek med seg heimlause som søv på gata og køyrer dei ut av den franske hovudstaden.
Flyttar heimlause
Sidan april i fjor skal franske styresmakter ha fjerna minst 14.000 heimlause flyktningar, asylsøkarar, sexarbeidarar og rusmisbrukarar frå gatene, herberga og brakkebyane dei bur i.
Det viser ein rapport laga av over 100 humanitære organisasjonar som jobbar i byen.
Avisa The New York Times har forsøkt å ta kontakt med franske myndigheiter, men dei ville ikkje kommentere skuldingane.
Franske styresmakter har tidlegare sagt at dette er eit frivillig program for å løyse hovudstaden sin bustadmangel.
Men då New York Times følgde bussane, fant dei ut at fleire av migrantane om bord enda opp på gata i byane dei kom til, eller blei flagga for utlevering til heimlandet sitt.
Men anten dei er klar over dei brotne løfta eller ei, går utkastinga langs Canal Saint-Denis stille og roleg for seg. Bebuarane tar på seg skoa sine, pakkar sekken og følger instruksane frå politiet.
Årets leikar skal vere meir ansvarlege, inkluderande og spektakulære enn nokosinne, ifølge handlingsplanen til arrangørane.
Bussa til andre byar
Den franske regjeringa har laga til ti mellombelse omsorgssenter i byar som Toulouse, Bordeaux, Lyon og Strasbourg. Nokre blir bussa heilt til Marseille, over 770 kilometer frå Paris.
Dei som blir med bussane, gjer det mot løfte om å få bu på omsorgssentera i tre veker før dei må vidare igjen.
Men fleire har rapportert tilbake at det ikkje var plass på sentra dei kom fram til, viser vitnemål samla inn av Le revers de la médaille.
Stor del av den franske arbeidskrafta
Omtrent halvparten av Frankrikes rundt 300.000 heimlause bur i Paris-området, ifølge Observatoire des inégalités.
Dei fleste bur på herberge eller i okkuperte tomme bygg. Fransk politi har rutinemessig kasta ut folk frå slike bygg det siste året.
Minst 7000 bur på open gate, utan tak over hovudet.
Mange bur i Seine-Saint-Denis, ein belasta forstad nord for Paris som no har fått ei skikkeleg oppussing for å huse OL-landsbyen og fleire arenaer.
Dei fleste står opp om morgon og går på jobb. Du finn dei i den uformelle helsesektoren, på byggeplassane, i heimetenestene og i oppvasken på dei dyraste restaurantane, fortel Antoine de Clerck.
Han er talsperson for Le revers de la médaille, kollektivet som samlar desse over 100 organisasjonane om å beskytte sårbare grupper under OL i Paris.
– Dei tar jobbane franskmennene ikkje vil ha,
Men OL-postkortet får dei ikkje vere med på.
– Når vi no skal vise fram byen vår for verda, set vi desse menneska vekk. Dei må ikkje bli sett. Det er veldig umenneskeleg, seier han.
Nektar for sosial reinsking
Ordførarane i byar og bygder som mottar migrantane, vert stadig meir provoserte.
Dei vil ikkje ha på seg noko ansvar for dei, og kriseberedskapen i heile landet er allereie overbelasta. I likskap med Le revers de la médaille og fleire aktivistar, skuldar dei Paris for å drive med «sosial oppreinsking» i forkant av OL.
Franske styresmakter nektar sjølv for at utkastingane har noko med OL å gjere.
Men organisasjonar som på ulike vis jobbar med heimlause og sårbare menneske på gata, har dokumentert at utkastingane byrja å auke i hyppigheit og omfang eit år før OL-fakkelen blei tent.
Jo nærmare startskotet byen kjem, jo færre teltleirar, herberge og brakkebyar finst det for dei som ikkje har permanent adresse.
I løpet av to dagar førre veke blei nesten 500 menneske frå leirar på fleire sentrale plassar:
- Langs Canal de l'Ourcq, som ligg på ruta for OL-fakkelen torsdag 25. juni.
- Pont-Marie de Seine, brua der opningsseremonien vert halden fredag 26. juni.
- Langs Canal Saint-Denis, der fleire arrangement skal finne stad.
Ikkje OL sin feil
Ei sosial opprydding av vertsbygatene før OL er ikkje nytt. Det ser snarare ut til å vere ein tradisjon.
– Det er viktig å seie at OL ikkje skaper problema. Problema finst i Paris allereie. OL gir snarare kraft til arbeidet vi driv med, seier de Clerck, og forklarar:
Vanlegvis slit han med å få folk til å bry seg om dei heimlause og sårbare i byen. Men OL set søkelyset på alle sider ved byen. Det siste året har journalistar frå heile verda ringt han for å høyre om dei heimlause som vert pressa ut av byen.
Og at OL i Paris vert vakkert, er han ikkje i tvil om. Nesten 96 milliardar kroner er sett av til arrangementet, inkludert til å pusse opp Seine-Saint-Denis.
– Byen har verkeleg planlagd nokre spektakulære scener. Det blir ein stor fest, seier de Clerck.
– Men eg skjønar berre ikkje kvifor ein liten del av det kunne gått til dei mest sårbare, slik at dei kunne vere med. Då hadde det blitt ein ekte folkefest.
Publisert 26.07.2024, kl. 13.37