Trump og Sheinbaum i strid om migrasjon

2 hours ago 3


Eit av Trumps hovudmantra under valkampen var å få bukt med ulovleg migrasjon frå Sør-Amerika.

Han lova mellom anna å massedeportere ulovlege migrantar.

I tida etter at Trump blei valt som president, har han snakka med kollegaar verda over. Onsdag var det den mexicanske presidenten Claudia Sheinbaum sin tur.

No har innhaldet i samtalen ført til usemje mellom dei to leiarane.

Ueinige om innhaldet

For i etterkant av samtalen la Trump ut eit innlegg på sin eigen sosiale medium-plattform Truth Social om samtalen dei hadde.

– Mexico vil umiddelbart stoppe folk frå å reise til vår sørgrense, skreiv han, og hevda at Sheinbaum var einig i å stoppe migrasjonen gjennom Mexico og inn til USA.

Dette fekk Sheinbaum til å reagere. Ho meiner nemleg at dette at ho ikkje har sagt dette.

Ifølgje Sheinbaum, forklarte ho Trump strategien til Mexico for å handtere migrantar i tråd med menneskerettane.

Mexicos posisjon er ikkje å stenge grenser, men å bygge bruer mellom styresmakter og samfunn, skreiv ho på X.

Migrants heading to the border with Guatemala on their way to the United States, march in La Entrada, in the Honduran department of Copan, on January 15, 2021. - Hundreds of asylum seekers are forming new migrant caravans in Honduras, planning to walk thousands of kilometers through Central America to the United States via Guatemala and Mexico, in search of a better life under the new administration of President-elect Joe Biden. (Photo by Orlando SIERRA / AFP)

Dette bilde er teken i Honduras i 2021. Desse hadde planar om å gå gjennom Sør-Amerika til USA.

Foto: ORLANDO SIERRA / AFP

Sheinbaum sa at dei hadde diskutert innvandring og at desse «karavanane» av menneske ikkje lenger når den nordlege grensa, og at dei blir handtert i Mexico.

Fenomenet med desse mennesketoga starta i 2018, då dei fattigaste migrantane samla seg for å gå over grensa til USA saman.

Sidan dei ikkje hadde råd til smuglarar, var det tryggare å gå saman med andre enn å gå åleine.

Dei fleste migrantar går gjennom fleire land i lang tid, og forholda er utfordrande.

A baby rests on a camping tent at Juventud 2000 shelter in Tijuana, Baja California state, Mexico, on November 6, 2024, on the aftermath of the US presidential election. Mexican President Claudia Sheinbaum said Wednesday that Donald Trump's election victory was "no cause for concern" for her country, despite his threats of tariffs and mass migrant deportations. (Photo by Guillermo Arias / AFP)

Eit lite barn kviler i eit telt på grensa til USA. Dette var tatt 6. november 2024 like etter Donald Trump blei valt som president.

Foto: GUILLERMO ARIAS / AFP

I løpet av sine første 100 dagar planlegg Trump å starte deportasjonen av hundretusenvis av ulovlege migrantar.

Toll-trugsel

Den eigentlege bakgrunnen for samtalen var i utgangspunktet om handelen mellom dei to landa.

Tidlegare denne veka sa Donald Trump at han ville innføre toll på handel mot fleire land, inkludert 25 prosent toll på varer frå Mexico og Canada.

Avgifta landa må betale, meiner Trump vil «halde landa i sjakk» heilt til dei stansar ulovleg migrasjon og narkotikahandel til USA.

Sheinbaum har sagt at Mexico vil innføre tilsvarande satsar.

Mexican president warns Trump tariffs will worsen inflation, kill jobs

Sheinbaum har sagt at Mexico vil innføre tilsvarande satsar. «Om USA hever tollen, vil Mexico heve tollen».

Foto: Presidencia de Mexico / Reuters

Ein slik avtale meiner ho vil bryte USMCA-handelsavtalen som Trump sjølv inngjekk under sin første presidentperiode mellom USA, Mexico og Canada.

– Det er som å skyte seg sjølv i foten, sa den mexicanske finansministeren Marcelo Ebrard.

Òg Canada har reagert på forslaget om å innføre handelstoll: Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau heldt ei hastemøte på onsdag for å diskutere korleis landet skulle svare på toll-trugselen frå Trump.

Publisert 28.11.2024, kl. 14.00

Read Entire Article