- Vi vil høyre di meining. Bli med i debatten under! 💬
Elise Kruse var ikkje berre stolt den dagen ho gifta seg. Ho var litt flau og.
Flau fordi ho vidareførte ein tradisjon som i si tid var kvinneundertrykkande.
Likevel stod ho ved valet. For ho visste godt kva ho ville – og kvifor.
Ho ville ha far sin som følgje eit stykke av vegen opp kyrkjegolvet. Som einaste attlevande forelder, og som ven.
Ein tanke sleppte likevel ikkje heilt taket i Elise Kruse;
– Gjorde avgjerda meg til ein dårleg feminist?
Elise Kruse er religions- og featureredaktør i avisa Vårt Land.
Foto: Robert Rønning / NRKSvenskane foreslår forbod. Tullete – synest danskane
Tradisjonen med at far følgjer dotter si opp kyrkjegolvet kan bli forbode i den svenske kyrkja.
– Skikken motarbeider kampen mot arrangerte ekteskap, hevdar den svenske kyrkjepolitikaren og presten Sara Waldenfors i avisa Vårt Land.
Og det var faktisk ikkje den kristne kyrkja som skapa tradisjonen.
Den stammar frå viktoriatida, og vart innført av overklassen i byane på slutten av 1800-talet. Fram til da gjekk brudepara i Noreg opp kyrkjegolvet ilag.
– Det er så tullete som berre svenskar kan vere!
Den danske presten og journalisten Sørine Gotfredsen legg ikkje noko i mellom, når ho ytrar sitt syn på den svenske kyrkjas forslag.
Det skriv ho i ein kommentar i den danske avisa Berlingske.
Men kva meiner vi om saka her heime?
Er du ein dårleg feminist om du let far følgje deg opp kyrkjegolvet?
Kvinnefiendtleg tradisjon – eller ein koseleg gest?
– Fordi nokon er undertrykt, så skal alle slutte med ein tradisjon? Det er ein generell konklusjon eg er heilt imot!
Det seier filosof Einar Duenger Bøhn som foreles i filosofi ved universitet i Kristiansand.
Han peiker på at alle kulturar treng ritual som samlingspunkt.
– Dette er ein så uskuldig tradisjon, og det at nokon følgjer deg opp kyrkjegolvet er jo berre koseleg, meiner han.
– Dersom vi opphevar alle ritual, har vi ikkje lenger samlingspunkt i kulturen, seier filosof Einar Duenger Bøhn.
Foto: Robert Rønning / NRKMerete Thomassen underviser prestestudentar ved Det teologiske fakultet i Oslo.
Ho er einig med Duenger Bøhn i at vi ikkje skal forby skikken i Noreg, men oppmodar til litt meir refleksjon hos framtidige brudepar.
– Eg er sjokkert over bruder med høgt kunnskapsnivå som avfeiar dette som «berre» symbolikk!
Det seier ein engasjert teolog Thomassen før ho held fram.
– Sjølv om brura ikkje tenkjer at no gir faren min meg til brudgommen, så er det faktisk det skikken symboliserer! Det meiner eg røper ei bevisstløyse, slår ho fast.
– Vi bør utfordre brudepar til å gå opp kyrkjegolvet i lag som to likeverdige partar, meiner teolog Merete Thomassen.
Foto: Morten NymoenElise Kruse skamma seg litt over valet om å be far hennar følgje seg opp kyrkjegolvet, av frykt for kva andre skulle meine.
Men ho angrar ikkje.
– Det er symbolikken eg vidareførte det er noko feil med – ikkje intensjonen min!
Det slår ho fast i ein kommentar i avisa Vårt Land.
Valet var viktigare for Elise Kruse, enn kva folk rundt henne måtte meine.
– På veg inn hadde eg fortida mi ved sida mi. På veg ut var det framtida mi som følgde meg. Slik romma vigsla heile meg, fortel Elise Kruse
Foto: Erlend BergeFortel oss di meining, eller ei historie om eit fint bryllaupsritual.
Publisert 08.09.2024, kl. 07.48