Det er inga lita teaterhending når Riksteatret og Kventeateret foreinar krefter.
Det snart 80 år gamle Riksteatret og det relativt unge Kventeatret (stifta i 2022) tar med seg ei historie om kvener og kjærleik når dei no skal spela «Kniven i ilden» over heile landet.
Ingeborg Arvola sin omfangsrike roman vart ein stor suksess då han kom.
Men det er ikkje det same som at det er lett å gjera han om til teater.
HOVUDPERSON: «Kniven i ilden» handlar om ei strabasiøs reise, om å starta på nytt, og om å la kjærleiken råda. I midten: Lena Kristin Ellingsen som Brita Caisa Seipajærvi.
Foto: Magnus SkredeEmpatisk og egoistisk
Historia om Brita Caisa Seipajærvi handlar om ei kvinne med bein i nasen.
For ganske fryktlaus må ein vera om ein vel å legga ut på reise frå Finland til Noreg – på ski – for å søka lykka.
Brita Caisa har to barn med ulike fedrar, og ingen av dei var ho gift med. Ho stod rakrygga under kirketukta, men forlèt no heimplassen og søker seg ein mann i Noreg. Helst ein fiskar, ein flink ein, ein som kan synga fint og ta vare på henne.
For slik var det midt på 1800-talet: Ei kvinne var ikkje noko utan ein mann.
Den uvanleg vakre kvinna med evna til å stoppa blod fanst i verkelegheita: Ho var ein av formødrene til Arvola.
Brita Caisa var ei klok kvinne med ei kompleks framferd. Ho hjelpte folk og dyr, var nærast i eitt med naturen, og var ei frigjort kvinne.
Såpass fri at ho ikkje tok omsyn til andre enn seg sjølv då ho forelska seg i den gifte gardeigaren ho og ungane arbeidde hos.
Og slikt straffa seg.
KJÆRLEIK: God stemning mellom Brita Caisa (Lena Kristin Ellingsen) og Mikko (Ivar Beddari).
Foto: Magnus SkredePolert
Lena Kristin Ellingsen er rakrygga i rolla som Brita Caisa. Stolt, men samstundes med eit hjartelag.
Likevel er det noko som ikkje stemmer allereie frå starten: Alt rundt henne er så mjukt.
Lyset, jordtonane i scenografien, flekkfrie klede – her er lite som minner om slit, strev og hardt arbeid. Pakka inn i den mjuke musikken til Arve Henriksen vert alt så motstandslaust.
Landskapet vert poetisk på ein måte eg ikkje heilt får til å stemma med den til tider ganske rå historia. Dramatikar og regissør Cecilie Mosli stryk romanen og Brita Caisa medhårs i denne framsyninga.
Det vert ikkje stilt spørsmål ved forteljinga, ikkje noko ved ho vert utfordra, slik teateret kan.
KOREOGRAFI: Saunaritualet er sentralt i romanen og i framsyninga. Koreografien med bjørkekvistar fungerer fint. Koreografien er også sentral når reiser, fiske og arbeid vert spelt ut. Frå venstre under: Pernille Sandøy og Lena Kristin Ellingsen.
Foto: Magnus SkredeNår ingenting vert farleg eller verkar å stå på spel, når Brita Caisa sjølv ikkje har noko framsyninga definerer som ømme punkt, vert det ikkje spanande nok.
Når samspelet med naturen heller ikkje får spela ei markant rolle i framsyninga, vert historia redusert til ei kjærleikshistorie om ei frigjort kvinne på jakt etter ein mann, og som tek det ho vil ha.
Sjølv om ungane åtvarar henne, og sjølv om han allereie er gift (han er no sjølvsagt med på det, då, Mikko).
Bara bada badstu
No er spelet mellom Brita Caisa og Mikko (Ivar Beddari) fint.
Sterkast er scena der Matti si kone Gretha (Ida Løken Valkeapää) konfronterer Brita Cajsa med kva ho er i ferd med å gjera, og åtvarar henne.
GOD STEMNING: Mellom Brita Caisa (Lena Kristin Ellingsen) og Mikko (Ivar Beddari), men like dampande vert det rett nok ikkje på teaterscenen. Ida Løken Valkeapää (høgre) spelar Martha, husfrua som blir sviken av Mikko og Brita Caisa. Ei sentral scene er der ho konfronterer Brita Caisa med kva ho er i ferd med å gjera.
Foto: Magnus SkredeArthur Hakalahti gjer òg ei god rolle som eldstesonen Aleksi. Han er den einaste som konfronterer mora med den relativt egoistiske framferda hennar.
Sjølv om «Kniven i ilden» ikkje lukkast heilt som teater, er ho ei viktig framsyning.
Historia om folka på Nordkalotten har vore bortgøymd i fornorskingsprosjektet til den norske staten. Men her løfter teateret ho fram. Her viser teatera fram ein frodig og naturnær kultur full av liv og personlegdomar.
Og det er verdt mykje, om ikkje sjølve framsyninga overtyder heilt.
Publisert 02.02.2026, kl. 15.52
















English (US)