Mitt barndomsspel, som heldt meg lenka til familie-PCen time etter time, var ein liten sak med namnet «Lek gjemsel med Mummitrollet».
Du klikkar på ting, og så bevegar dei seg og lagar ljodar, heilt til du finn Nappetassen.
Toppen av speldesign!
Desse gode minna er kanskje litt av grunnen til at eg synest det er ekstremt stas at ein norsk spelutviklar, Hyper Games, får jobbe i Mummi-universet.
PASS DEG FOR VINDEN: Vinteren er både vill og vakker i «Mummitrollet: Vinterens varme». God timing trengst for å kome seg forbi den kraftige vinden på fjellet.
Foto: Hyper GamesDå er det godt å kunne melde at dei også gjer det verdig vis: «Mummitrollet: Vinterens varme» er nemleg ei nydeleg lita perle av eit spel.
Fint for store og små
Mummitrollet vaknar brått frå dvalen, og må for første gong oppleve den iskalde vinteren.
Mummimamma og Mummipappa søv enda, men heldigvis er det nok av innbyggarar i Mummidalen som treng hjelp til sitt.
Hovudmålet er å hjelpe vintervesena med å feire bålfest.
Til det treng ein både ved og gjestar, hjelpt av ei stadig større verktøykasse av utstyr.
Kvart verktøy har sin funksjon – for eksempel er ei øks god til å lage ved, medan vottar lar deg lage snøballar så du kan treffe gjenstandar langt borte.
Og ha snøballkrig med Lille My, så klart.
Medan ein utforskar Mummidalen, oppdagar ein nye stader og blir kjent og snakkar med nye karakterar.
ORIGINALT PÅFUNN: Vintervesena, her i ein av spelet sine flotte animerte sekvensar, er ikkje å finne i Tove Jansson sitt forfattarskap, men passar godt inn i Mummidalen.
Foto: Hyper GamesÅ hjelpe dei utgjer hovudvekta av spelet – enten det er snakk om å finne ein kjole, leke gøymsel eller utføre ein redningsaksjon på fjellet.
Det er ein melankoli i det heile som gir handlinga ein fin grad av alvor.
Mummitrollet er ikkje eit vinterdyr, så det å vakne før våren er ein strek i rekninga.
I ei verd som plutseleg verker frykteleg framand, og med ein besteven på reisefot og foreldre som framleis er i dvale, kjennar han seg einsam.
Dette er ikkje berre ei fin, pedagogisk forteljing for born, men rører ved kjensler eg trur me vaksne også kjenner oss igjen i.



UHYGGELEG: At spelet av og til er bitte litt nifst, trur eg kan gjere det enda meir spennande for unge spelarar.
Hyper GamesLett å bli glad i
«Mummitrollet: Vinterens varme» kjennest som naturleg utvikling frå Hyper Games sitt første Mummi-spel, «Snusmumriken: Melodien i Mummidalen».
Det var ei gladanarkistisk forteljing der ein, som Snusmumriken, brukar ulike musikkinstrument for å nedkjempe den grådige parkvakta.
«Mummitrollet: Vinterens varme» sitt fokus på einsemd og det ukjente, samt ei tidvis dramatisk handling, gir ei meir alvorleg stemning enn det førre spelet.
Spelopplevinga er likevel meir koseleg enn noko anna.
FULLT HUS: Den loddne Stamfaren, den fisefine Filifjonka, melankolske Misa og ein sporty Hemul er blant dei ein blir kjent med i «Mummitrollet: Vinterens varme».
Foto: Hyper GamesManuset er perfekt balansert mellom barnevenleg, forståeleg språk og finurleg filosofi.
Dette er eit karaktergalleri der alle har sine snåle sider, og det ligg mykje humor i korleis ein som Mummitrollet må få alle til å vere venar – sjølv viss du må lyge om kva du synest om Hemulen si hornspeling.
Spelet ser også særdeles nydeleg ut. Innpakka i dyner av snø er Mummidalen kald og vakker om kvarandre, medan ljoset skiftar frå rosa solnedgangar til glitrande blå netter.
Bruk av akvarellaktige teksturar over den handteikna verda gir ein malerisk kvalitet til kvart augeblikk.
INN I MØRKET: Mummitrollet må kome seg gjennom den frosne hola.
Foto: Hyper GamesNesten full pott
Ikkje alt er like engasjerande.
Spelet er generelt ikkje særleg vanskeleg. Då må andre ting enn dei tekniske utfordringane kunne underhalde.
For det meste er den flotte verdsbygginga og gode dialogen nok, men nokre av oppgåvene kan bli litt repetitive.
Spesielt det lengste side-eventyret, der ein skal finne brev på ulike stader, blei i overkant kjedeleg for meg.
Det er likevel berre småplukk i eit spel som minner om varm suppe for sjela.
Er ein på utkikk etter ei koseleg speloppleving, er «Mummitrollet: Vinterens varme» vel verdt å få med seg – spesielt om ein alltid har ønska å besøke Mummidalen.
Publisert 27.04.2026, kl. 09.25















English (US)