Vil ein forstå kva irske Kneecap handlar om, er det nok å gå tilbake til den snart ti år gamle debutsingelen «C.E.A.R.T.A»
Då ein venn av gruppa blei sat i arresten fordi han ikkje ville forklare seg på engelsk, vart frustrasjonen overført til musikken.
Sånn sett er Kneecap bygde på motstand.
Den kommende turneen til det nord-irske bandet har allereie vakt reaksjonar i Sverige, der bandet skal spele etter Noreg.
Foto: Kim Erlandsen / NRK«FENIAN» låner namnet frå tittelen til mytiske og historiske nasjonalistar som har kjempa for eit sjølvstendig Irland.
Bodskapen i musikken er ikkje til å ta feil av.
Trioen har med tida gjeve ut to album og stått bak ein heilt eigen spelefilm.
Dei har i tillegg halde fleire konsertar internasjonalt. I fjor spelte dei også i Noreg på Øyafestivalen.
Klipp frå «Nyhetsmorgen» sendt 18. februar i år. Kulturreporter David Eriksen snakkar om kva som gjer Kneecap så kontroversielt.
Kneecap har aldri latt kampen for språkrettar eller mot undertrykking gått umerka.
Sjølv ikkje når det har ført til terrorskuldingar.
Med «FENIAN» viser Kneecap igjen kvifor dei først og fremst er aktivistar og deretter musikarar.
Politikk i min musikk
Frå opningslåten «Éire og Deo» er det openbert kvar landet ligg, bokstaveleg talt.
Tittelen som kan omsetjast til «Irland for alltid» sår ingen tvil om kva Kneecap dedikerer musikken sin til.
Det er ikkje berre låtar om rus og sex framført på irsk; det er irsk språkpolitikk i albumformat.
Kneecap kjem tilbake til Noreg i november for å spele solo-konsert i Oslo Spektrum.
Foto: Kim Erlandsen / NRKSom følge blir «FENIAN» umiddelbart opplevd som meir utvikla enn tidlegare utgivingar, mykje på grunn av korleis albumet opnar.
Over ein lågmælt beat blir «spoken word» og synging brukt om ein annan for å poengtera at statusen til det irske språket står overfor ei gjenoppliving.
Deretter følgjer «Smugglers & Scholars», og ein blir fort mint på at Kneecap-universet trass alt er rotfesta i sjangrar som grime, trap og hardcore hiphop.
Låten minner ein på kva som gjer Kneecap sin musikk spennande – nemleg råskapen.
Her er samspelet mellom tekst og melodi framifrå og gjer at ein vil lytte gong på gong.
Det same gjeld for spora «Carnival», «Palestine» (feat. FAWZI) og «Occupied 6». Tematisk er dei innom fornuftsstridig politikk, okkupasjon og motstandskamp.
Sjølv om språket kan vera uforståeleg på grunn av blandinga av irsk og engelsk, er kjensla av alvor tydeleg på grunn av den dramatiske oppbygginga til låtane.
Bandets planlagde framferd i Stockholm har ført til reaksjonar blant svenske politikarar.
Foto: Kim Erlandsen / NRKVed å bruke omsetjingar kan ein få med seg uskuldige gullkorn om det å gå på pub.
På hardare vis slår også rapparane rundt seg med strofer om at Keir Starmer heller bør vera kompost enn Netanyahu sin våpenlangar.
«FENIAN» rommar mykje ulikt, men gjer verkeleg eit namn for seg når det er på sitt mest uredde.
Publikum under Kneecap sin konsert på Øyafestivalen i 2025.
Foto: Kim Erlandsen / NRKBerg-og-dal-bane av sjangrar
Det er framleis rom for det naive og utforskande, samtidig som det profesjonelle tek endå større plass enn før.
«FENIAN» er ei blanding av det ungdommelege som prega det åtte år gamle debutalbumet, «3cag» og det meir reflekterte albumet «Fine Art» frå 2024.
Men, tidvis er albumet hiphop i si reinaste, og kanskje noko utdaterte, form, som ved «Gael Phonics». Andre gonger er det meir eksperimentelt, som ved den psykedeliske «Cocaine Hill».
Fans på Øyafestivalen 2025 møtte opp til konserten med Kneecap-hette på.
Foto: Eskil Olaf Vestre / NRKSjølv om det ikkje er noko direkte vondt med nokre av beatane, kan dei vera føreseielege og tidvis kjedelege. Her er «An Ra» og «Cold at the Top» dei største syndarane.
Samtidig er ikkje Kneecap redde for å snu alt det etablerte på hovudet og køyra på med elektroniske sjangrar som jungle, drum & bass og elektronisk pop.
Låta «FENIAN» bygger på eit meir spenstig sample av norske Casiokids, men sjølv den blir noko einsformig.
Ved gjentekne gjennomlyttingar blir det litt mykje. I lengda blir det i tillegg noko vanskeleg å hugsa kva slags album ein faktisk lyttar til, reint sjangermessig.
Liten bom trass presist skote
Sjølv om «FENIAN» er Kneecap sitt lengste album til no, med ei speletid på 43 minutt fordelte over 14 låtar, blir heilskapen opplevd som meir komprimert enn «3cag» og meir effektiv enn «Fine Art».
Tematisk er albumet alle Kneecap sine opplevingar og overtydingar skrudde til hundre.
Der er lite ein treng å lesa mellom linjene for å forstå. Iblant er det akkurat kva ein treng.
DJ Próvaí under Kneecaps konsert på Øyafestivalen i 2025.
Foto: Kim Erlandsen / NRKMen musikalsk er «FENIAN» litt for mykje av det gode. Albumet sin melodiske kontinuitet blir ofte broten av sjangerendringar eller sprikjande beatar.
Kneecap lagar ikkje dårleg musikk, og «FENIAN» er heller ikkje eit svakt album. Trioen er utan tvil ei viktig stemme for irsk språkpolitikk og rettar.
Men, det som gruppa lagar musikk om kjem først, og deretter kjem sjølve musikken.
Konsertfoto i toppen av saka er tatt av Kim Erlandsen for NRK P3.
Publisert 30.04.2026, kl. 13.41

















English (US)