Store høgdepunkt og endå lågare djupner

1 week ago 18


Då Chris Holsten, eller Christoffer, om ein skal gå ned på detaljnivå, sleppte debutsingelen «Layers» i 2015, tok det berre eitt år før han signerte platekontrakt med Warner Music.

Dette samarbeidet har resultert i tre album og minst ei handfull hitlåtar, og har gjort at namnet Chris Holsten er like populært blant 20-åringar som 60-åringar. Sjølv om han berre har gitt ut album sidan 2020, kjennest han likevel ut som ein artist som «alltid har vore her».

En mann i bar overkropp og burgunderrøde bukser ligger på ryggen på gulvet, med bena oppover veggen

Foto: William Blofeld

No, med «Bedre dager», legg 32-åringen sitt tredje album til diskografien. Det vi får er ein halvtime med varierande stoff.

Mykje som fengjer

I september i fjor sleppte Chris Holsten singelen «Oppe på månen». Ikkje berre er det ein nydeleg kraftballade som handlar om det å vere åleine utan å oppleve det som einsamt; låta er utvilsamt éi av Holstens beste.

Derfor, når ho blir brukt som introlåt på eit album som kjem ut fem månadar seinare, skapar det store forventningar for albumet som heilskap.

Uroa for at popartisten har brukt opp alt krutet på første låt, set seg i kroppen.

På mektig vis kjem Chris Holsten med eit motbevis allereie i neste låt, «Alle gode ting». Som ein instrumentell kontrast til opningssporet, byr artisten på morosam og innbydande poprock som gir ei god kjensle av show.

Deretter kjem RnB-låta «Jeg trodde aldri» og countrypop-kledde «Forever Young» med May som gjesteartist. Begge overraskar like mykje som dei imponerer.

Førstnemnde er som om ein tok lydbiletet til heile «House of Balloons» (2011) av The Weeknd og blanda det med «Floden» (2006) av Bjørn Eidsvåg. «Forever Young» er ei typisk poplåt inspirert av country, og med May sin vakre vokal er det lite negativt å seie.

Det er for godt til å vere sant.

To store trekk

Sjølv om «Bedre dager» har ei stjernerekkje av fire gode låtar heilt frå start, er dette ein kvalitet som dessverre taper seg.

Mann med mørkt antrekk som sitter med ryggen inntil vegg. Mannen sitter oppå en benk med det ene beinet oppå.

Foto: William Blofeld / promo

Korleis spranget frå dei fire første låtene til dei påfølgande vart så stort som det er, er ikkje lett å seie. Men det som er sikkert, er at den elles gode popmusikken sklir over til å bli noko ein berre vil hoppe over.

I kjend Abba-stil handlar låta «Abba» om å vere ung og sorglaus. Det er ikkje ein grensesprengande tanke innan popmusikk, og reint musikalsk er ho repetitiv og irriterande. Sjølv om låta ikkje er noko særleg lengre enn dei andre, kjennest ho dessverre uendeleg ut.

Neste låt ut, som deler namn med albumet, er uheldigvis den svakaste på «Bedre dager». Gitardelen er skremmande enkel, og teksten er klein på alle vis.

Det einaste oppløftande er Holsten sin falsett i starten på det andre verset, men denne høyrer ein ikkje meir til, så det var det.

Frå dårleg til kjedeleg til greitt

Heldigvis er «Abba» og «Bedre dager» dei einaste låtene som verkeleg er vanskelege å kome seg gjennom. Det betyr ikkje at dei fem siste spora er gode, men dei er fordøyelege.

En mann i åpen skjorte og olabukser lener seg på en vinduskarm

Foto: William Blofeld

«Store gutter gråter ikke» kom i likskap med «Oppe på månen» ut seint i fjor. I motsetning til «Oppe på månen» har ikkje låta nokon wow-faktor over seg, ho berre er der. Tematisk er ho interessant, men elles er ho ei heilt standard poplåt.

Det same gjeld for «Gloria» og «Natta er ung». Ja, dei er lette å danse til, men det er så å seie alle dei andre låtene på «Bedre dager».

På den andre sida er klinelåta «Siste første dans» både sår og personleg, og set Holsten sin fine vokal og tekstskriving i fokus.

Helfigurbilde av en mann med åpen skjorte og jeans som lener seg på en vinduskarm.

Foto: William Blofeld / promo

Avslutningslåta ber preg av mørk elektronisk RnB, igjen i The Weeknd-stil, og fungerer veldig godt som avslutning. Låta balanserer fint mellom å halde seg roleg der det trengst og å ta seg meir opp på dei store partia. Slik blir ho eit spor ein både gler seg til og lengtar etter når ho er ferdig.

Her viser Holsten god teft for å respektere det å iblant halde igjen. Det kjem berre litt for seint.

Kanskje det blir betre dagar

Sist Chris Holsten sleppte eit album var i 2023. Før det var det i 2022, og før der igjen i 2020.

 Chris Holsten på «P3 Gull» 2021.

Chris Holsten vann både «Årets artist» og «Årets låt» for «Smilet i ditt eget speil» under «P3 Gull» i 2021.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Det er positivt at han har teke seg litt betre tid med «Bedre dager», samtidig er det ikkje heilt lett å seie kva denne ekstra tida har vorte brukt til.

Det som startar som eit oppriktig, underhaldande og friskt popalbum, sklir kjapt ut til å bli ei oppleving det er lett å gløyme. På sitt verste er ho ærleg talt dårleg.

Likevel inneheld «Bedre dager» også noko av Chris Holsten sin beste musikk til no. Om han har meir i bagasjen av det som fengjer, så kan albumet på sikt markere eit klart musikalsk skilje.

Publisert 06.02.2026, kl. 00.01

Read Entire Article