Start låner ving frå dansk klubb
Mustapha Isah (20) er klar for Start. Han kjem på lån frå danske Randers FC ut sesongen, med opsjon på kjøp, skriv Start på nettsida si. Nigerianaren har spelt ti kampar for den danske toppserieklubben sitt førstelag dei to siste sesongane.
Tidlegare onsdag vart det kjent at midtbanespelar Jesper Gregersen forlèt Start. Han går til eliteserieklubben Sarpsborg 08.