Datert: 08.01.2025
Til behandling

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Å skape private arbeidsplasser i Distrikts-Noreg er viktig for mange lokalpolitikarar. Kommunar som har fått grunnlovfesta sitt lokale sjølvstyre, forsøker å vera ein tilretteleggjar for å møta næringslivet sine behov. Ofte møter kommunane på innblanding frå statsforvaltarane som hindrar lokale løysingar. Eit nyleg eksempel på dette er frå Tysnes, der kommunen sa ja til dispensasjon for eit næringsbygg på eit allereie planert område. Her klaga statsforvaltaren.
Meiner statsråden at statsforvaltarane klagar på for mange lokale vedtak?