Datert: 07.01.2025
Besvart: 15.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vintervedlikehaldet og beredskapen generelt har vore kritisert dei siste åra, med store utfordringar landet rundt – spesielt på dei større riksvegane og i og ikring dei største byane, og på jernbanen. Utstyr som blir kravd brukt, har fått større negative utfordringar med bakgrunn i nullutsleppskrav frå regjeringa, og det tar seg dårleg ut å måtte «stå på lading» medan snøkaoset pågår, og med feilinvesteringar til dømes når det gjeld buss.
Kvifor har det blitt kø og kaos ikring det meste innan samferdsel med dagens regjering?