«Snerten samtidskritikk»

2 weeks ago 19


Kor­leis sleppe å servere kaffi og rydde søppel i kontor­felles­skapet berre fordi du er den einaste kvinna i flokken? Sei du er gravid og ikkje toler lukta.

Det er det smarte trekket til Shibata, eg-forteljaren i debut­boka til den japanske forfattaren Emi Yagi.

Problemet er berre kva ein skal gjere når vekene går og magen ikkje veks.

Shibata tar løgna heilt ut og byrjar å stappe mjuke sjal innanfor bukse­linninga. Og ja, ho slepp for­styrrande arbeids­opp­gåver som kven som helst på kontoret kan gjere, og ho slepp lange over­tids­timar.

Kollegaene spør korleis det går. Ingen gratulerer. Er det fordi ho ikkje er gift, tenkjer Shibata. Ho har jo ingen kjærast heller.

Stjerne­skot

Emi Yagi (fødd 1988) vert omtala som eit nytt litterært stjerne­skot i Japan. Til dagleg er ho redaktør i eit kvinne­magasin.

Med «Dagbok frå eit tomrom», som kom i 2020, fekk ho ein høgt­hengande debutant­pris i heim­landet. Romanen vart seinare kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker.

en kvinne i hvit skjorte som står i en hage.

JAPANSK STJERNESKOT: I sin prisvinnande debutroman skriv Yagi om utanforskap, einsemd og kvinners rolle i det moderne samfunnet.

Foto: Mayumi Abe

Ja, den vesle boka på 180 luftige sider er på god veg ut i verda.

Kan hende er det den nøkterne og kjensle­tørre stilen som treffer så godt? For om tematikken skulle mane til dei djupaste kjenslene, trer Shibata fram som ein heller grå og inne­stengd figur. Ho held seg helst for seg sjølv, har ingen store ambisjonar og deler ikkje fritida si med nokon.

Når ho ein gong i løpet av det dryge året boka spelar seg ut, tar ein tur heim til foreldra og får spørs­mål frå mora om korleis det går på jobben, svarar ho berre: Som alltid.

Ikkje akkurat på tilbods­sida, nei.

Så er det vel også einsemd denne boka handlar om.

Og stikk i mot det ein skulle for­vente, ligg det ingen lengt etter felles­skap i ho som er ein­sam. Dette er på overflata, vel å merke.

For i ei verd som kan synest meinings­laus, tenkjer Shibata også at:

«Dag­bok frå eit tom­rom» skildrar ein japansk kvardag, som nok er mindre jamstilt enn den norske. Jamvel er her mykje å kjenne att. Den non­sjalante (les: patriarkalske) haldninga mange har til at andre må rydde deira rot, kan ramme både kvinner generelt og dei meir smålåtne av oss spesielt.

Det er på tide å gjere opp­rør!

Shibata sitt opp­rør er stille, men ut­spekulert. Ho ser kva som må til for å få respekt.

U­for­pliktande felles­skap

Eg har lese om japanarar som nærast jobbar seg i hel. Arbeidet blir livet deira.

Før den oppdikta graviditeten har heller ikkje Shibata mykje tid til anna enn jobb. Ho arbeider i sals­avdelinga for ein fabrikk som produserer papp­røyr. Kven skulle tru at verda trong så mange papp­røyr?

Røyra er like tomme som magen til Shibata. Er livet hennar like tomt? Det plutselege inn­fallet med å dikte opp ein graviditet, har ein djupare botn:

Shibata lastar ned ein gravid-app som gir status og tips frå veke til veke. Og sjå om ikkje graviditeten inviterer til ein ny type felles­skap. Shibata finn ei trenings­gruppe for «mammaerobics». Ho går opp i treninga med liv og lyst.

Og ho finn ein felles­skap ho ikkje visste at ho trong.

Dikt og for­banna løgn

Kva som er sanning, og kva som er dikting, glir ut­over i boka over i kvarandre. Det er som om forteljinga blir sanninga.

Slik skildrar Shibata fabrikken, som ikkje er spekta­kulær, men som kan saman­liknast med det å skape kunst:

Eg kan ikkje japansk, men eg ser at Ingvill Kjær­stein har gjort ein ypparleg jobb med å hente fram bokstav­rimande norske ord som sam­stundes under­byggjer dei rytmiske rørslene til maskinene.

Faren ved å skildre eit tomt liv frå ein hovud­person som ikkje sjølv syner så mange kvalitetar lesarane kan knytte seg til eller distansere seg frå, er at sjølve boka kan kjennast for knapp. Vedkjem dette tomme livet meg?

Emi Yagi fell ikkje for freistinga til å under­halde. Det hadde vore lett å legge til pinlege eller dramatiske høgde­punkt som kunne engasjere lesarane. Fall­høgda til Shibata er open­berr.

Under­kommunisering av humor og lengt gjer at ein må lese grundigare. Og gjer ein det, ligg det langt fleire nivå her enn kva den nøkterne stilen skulle tilseie.

Publisert 03.03.2026, kl. 15.40

Read Entire Article