Slår alarm om tunge tømmerbilar: Ni centimeter djupe hjulspor i vegen

1 week ago 12


– Her ser me resultatet av intensiv tømmertransport. Denne vegen er i praksis ikkje eigna til denne typen transport.

Seksjonsleiar John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune sit på kne med ein meterstokk på fylkesvegen Skauvegen ved Myking i skogbrukskommunen Alver.

Hjulspora i den oppsprokne asfalten er ni centimeter djupe.

– Dette er trafikkfarleg, slår han fast.

Til samanlikning skal riksvegar ha maksimalt 2,5 cm djupe hjulspor.

Ei ny kartlegging viser at om lag 20 prosent av fylkesvegane i Vestland har eit kritisk behov for forsterkingstiltak.

– Det svarer til strekninga Bergen – Oslo tur-retur. Å rusta opp dette vil kosta over 4 milliardar kroner, seier Jacobsen.

Tømmerhogst og -transport i Munck-skogen i Alver

Hogsten til Børslid Skog AS er sett på pause, fordi den svake fylkesvegen ut frå området nå er stengt for tømmerbilane.

Foto: Børslid Skog AS

– Langt frå nok i NTP

Vestland er langt frå åleine om å ha dårlege fylkesvegar.

Regjeringa har i sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for dei neste tolv åra lova 16 milliardar kroner til drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Fylka, Statens vegvesen og bilorganisasjonen NAF seier behovet eigentleg er opp mot 100 milliardar kroner.

Stortinget skal vedta NTP 12. juni.

– Pengane i NTP-forslaget er ei god byrjing, men langt frå nok. Når den mest akutte vegforsterkinga i Vestland fylke åleine kostar 4 milliardar kroner, fortel det noko om behovet, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Fylkesvegane i hans fylke har åleine eit vedlikehaldsetterslep på rundt 20 milliardar kroner.

Dette er viktige kvardagsvegar. Dei er viktige som skule- og pendlarveg og for all næringstransport, ikkje berre for tømmernæringa, seier han.

Noregs største hogst

Skauvegen i Alver går i eit område med omfattande skogsdrift. I november starta Børslid Skog AS hogst i dei såkalla Munck-skogane, som vart planta på 1950- og 60-talet.

Totalt skal det hoggast opp mot 60.000 kubikkmeter gran.

– Dette er den største enkelthogsten på Vestlandet nokosinne, og den er ekstremt stor i nasjonal samanheng, seier Helge Kårstad, prosjektleiar i Kystskogbruket.

Nortømmer AS, som utfører hogsten for Børslid, har aldri hatt ein større enkeltståande tømmerhogst i selskapets 25-årige historie. Det stadfestar dagleg leiar Per Kveseth.

Heller ikkje i samvirkeselskapet Norges skogeierforbund kjenner dei til om nokon skogeigar andre stader i landet har hatt ein større enkelthogst.

Eidsnes tømmerkai i Alver

I enden av ein smal og svingete fylkesveg ligg tømmerkaien på Eidsnes i Alver, der stokkane blir skipa vidare til sjøs.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

For å bidra til effektiv tømmertransport, auka Vestland fylkeskommune i fjor grensa for kor store køyretøy som kunne køyra på Skauvegen.

Nektar tømmerbilane å køyre

Men denne våren er det oppdaga svære skadar i vegfundamentet.

No nektar Vestland fylkeskommune derfor tømmerbilane å køyra her, så hogsten har blitt stoppa om lag halvvegs.

– Me er bekymra for om fylkesvegane toler denne transporten. Det må gjennomførast tiltak før transporten kan takast opp att, seier Jacobsen.

Hogstområdet Smørdal (ein del av Munck-skogen) ved Mykiong i Alver

Tømmerhogsten i Smørdalen ved Myking er landets største enkelthogst: om lag 60.000 kubikkmeter tømmer frå 1,3 kvadratkilometer av Munck-skogane. Men skader på fylkesvegar (nede til høgre) har nå stoppa hogsten. Biletet er tatt førre veke.

Foto: Børslid Skog AS

Nødvendig utbetring av Skauvegen og Mykingvegen vil kosta over 10 millionar kroner.

Dette er midlar som me ikkje har på budsjettet for i år.

Han meiner kontrasten mellom private skogsbilvegar og offentlege fylkesvegar er paradoksal.

– Ikkje tømmerbilane si skuld

Men Kårstad er ueinig i at tømmerbilane er hovudårsaka til skadde fylkesvegar.

– Dette er gamle vegar som er bygde i ei anna tid. Berelagsmassane er svake. I vinter har frost gitt veldig mykje telehiv og humpar overalt. Det er ikkje aktiviteten til skogbruket som har ført til det, seier han.

Kårstad vedgår likevel at tung tømmertransport på vegar med telehiv kan ha forverra vegtilstanden.

– Då blir det store, permanente skadar på vegen. Og det berre aukar på etter kvart som vatnet trenger meir og meir inn. Men skal ein løysa problemet med sprekkdanning, må ein gjera noko med undergrunnen i vegen.

Kontrollingeniør Johannes Dale (frå venstre), seksjonsleiar John Martin Jacobsen og fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune, og Helge Kårstad i Kystskogbruket, her på fylkesveg ved Myking i Alver.

Inspeksjon på den skadde Skauvegen i Alver. Frå venstre: Kontrollingeniør Johannes Dale, seksjonsleiar John Martin Jacobsen og fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune, og Helge Kårstad i Kystskogbruket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Aukande tømmertransport på dårlege vegar

Tømmeret frå mellom anna Munck-skogane blir køyrt ned til Eidsnes tømmerkai. Derifrå blir det frakta til sjøs.

Dei mange enorme haugane med granstokkar på kaien viser at den internasjonale etterspørselen er svær. Og tømmerproduksjonen er venta å auka i minst 20 år til.

Tømmerproduksjonen i Vestland skal etter planen doblast til 1 million kubikkmeter. Det svarar til 10 prosent av den samla norske hogsten i dag.

– Det er meir og meir skog som blir hogstmoden og skal transporterast ut på det offentlege vegnettet. Fylkesvegane er ikkje eigna til dette, meiner Jacobsen.

Kontrollingeniør Johannes Dale (til venstre) og seksjonsleiar John Martin Jacobsen, Vestland fylkeskommune

På fylkesvegen ned til Eidsnes tømmerkai er det stor slitasje på asfalten. Kontrollingeniør Johannes Dale måler eit over 50 cm djupt hol, saman med seksjonsleiar John Martin Jacobsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fryktar hogst-stopp

Kårstad fryktar at konsekvensen blir at verdifullt tømmer ikkje kan hoggast.

– Alternativet er at bilane må setta tilhengaren frå seg og køyra fram og tilbake 8-9 gonger for å fylla eitt lass. Men då blir belastninga på vegane endå større, for akseltrykket framme på bilane er stort, seier han.

– Ein er nøydd til å gjera noko. Derfor er det nesten som ein draum at fylkeskommunen vil setta av midlar for å utbetra dei verste punkta på fylkesvegane, seier Kårstad.

Her ser du NRK sine saker om Nasjonal Transportplan .

Publisert 27.04.2024, kl. 12.37

Read Entire Article