Simon (16) var sikker på å komma inn – men etter søknadsfristen la fylket ned klassen

3 months ago 35


Simon Sunde Pedersen har akkurat fylt 16. Nå står han utanfor hovudinngangen på den vidaregåande skulen i nabolaget sitt i Bergen.

Han har eit karaktersnitt på 4,7 frå ungdomsskulen. Det var han sikker på at var meir enn godt nok. Likevel kjem han ikkje inn på VG1 studiespesialisering på Olsvikåsen vgs.

– Eg er veldig skuffa. Eg står på 23. plass på venteliste. Forklaringa er at dei nyleg kutta ein klasse.

Førre skuleår hadde Olsvikåsen tre klassar på studiespesialisering. Men halvannan månad etter søknadsfristen i vår, avgjorde fylkespolitikarane at frå hausten av blir det berre to klassar.

Simon har i staden fått plass på Sotra vgs. i nabokommunen, ti kilometer unna.

– Det er dumt at eg ikkje kan gå på skulen i nærmiljøet mitt. Her er det berre eit par busstopp, så er eg på skulen.

Treng fleire yrkesfag-plassar

På VG1 er det 4 av 10 som tar studiespesialiserande og 5 av 10 som tar yrkesfag, viser nasjonal statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Både i Bergen og elles i landet er det ein trend og ei ønskt utvikling at endå fleire ungdommar vel yrkesfag.

Grunnen er at næringslivet og offentlege arbeidsgjevarar treng fleire tilsette med meir praktisk retta utdanningar.

Å redusera tilbodet om studiespesialisering på vidaregåande er derfor ein strategi som kan bli vanlegare.

– Me har underskot på elevplassar når det gjeld yrkesfag, seier utdanningsdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland.

Nå jobbar han med ein tiårsplan for skulestrukturen i fylket.

Dei neste ti åra må me ha fleire elevar på yrkesfag, færre på studiespesialisering. Me må rett og slett flytta elevplassar over til yrkesfag.

Allereie det kommande skuleåret har dei svært populære bergensskulane Amalie Skram, Bergen Katedralskole og Olsvikåsen mista éin klasse kvar innan studiespesialisering.

– Ein burde ikkje kutta ei populær studiespesialiseringslinje på gode skular for å få fleire yrkesfag-plassar, meiner Simon.

Simon Sunde Pedersen, søkar til Olsvikåsen vg skule

Simon får «prøvegå» trappa på nærskulen der redusert klassetal gjer at karakterane hans likevel ikkje er gode nok til å sikra han plass.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ein annan nasjonal trend er at det blir fødd stadig færre barn – både i Vestland, Noreg og Europa.

Hovudprognosen til SSB viser at Noreg truleg har 11000 færre ungdommar i vidaregåande skulealder om ti år enn i dag, ein nedgang på 6 prosent.

Prognosen for Vestland er 11 prosent nedgang i elevtalet på vidaregåande skule.

Tomme pultar kan kosta 1 milliard kroner

Men å kutta i populære tilbod på vidaregåande skule er kanskje ekstra paradoksalt i Vestland, som kvart år brukar rundt 500 millionar kroner på ubrukte plassar i meir eller mindre halvfulle klassar.

Grunnen er at skulane i hovudsak får driftstilskot ut frå talet på klassar, ikkje talet på elevar.

For rundt om i dette fylket står heile 2500 vgs.-plassar tomme (sjå tabellar nedst i saka). Dette kan bli dobla på ti år, på grunn av nedgangen i elevtal.

Dersom ein ikkje endrar dagens skulestruktur og klassetilbod blir talet på tomme vgs.-plassar dobla til 5000 innan ti år.

I 2035 kjem Vestland fylkeskommune då til å bruka 1000 millionar kroner – 1 milliard kroner – ekstra på dei elevane som går på skular med mange ledige pultar, ifølge Lyngedal.

Blant fylkespolitikarane er det semje om at talet på skular og fagtilbod må justerast ned, men usemje om korleis:

Elias Eide i Høgre

Fredrik Mohn

Elias Eide (H): «Skule på kvart nes»

– Å bruka 500-1000 millionar kroner på tomme plassar årleg, er ikkje berekraftig. Dette kunne me brukt andre stader i skulen. Me kan ikkje ha skule på kvart nes utan nok elevgrunnlag. Dette er store spørsmål.

– Andre fylke brukar meir pengar på opplæring i staden for tomme plassar.

Eg ønsker ikkje å legga ned skular nå, men me må ta grep om kva fagtilbod og klassetal me skal ha kvar.

Åsmund Berthelsen i SV

Arne Stubhaug

Åsmund Berthelsen (SV): «Ei vanskeleg nøtt»

– Å kreva at alle klassar er fulle betyr kraftig sentralisering og skulenedlegging. Men skulestrukturen må skalerast ned når elevtalet minkar kraftig. Det er nøtta. Ho er ikkje enkel.

Han godtar ikkje perspektivet om at Vestland brukar ein halv milliard kroner på ubrukte skuleplassar.

– Ja, halvfulle klassar er dyrare, men me bruker pengane på dei elevane som går der. Ikkje på dei som ikkje går der.

Bjørn Lyngedal

Synne Lykkebø Hafsaas

Opplæringsdirektøren: – Tilbodet blir smalare mange stader

– Målet er ikkje å legga ned skular, seier Bjørn Lyngedal.

I det ferdige forslaget til tiårsplan vil han føreslå éi nedlegging, i Fitjar, og kutta ulike skuletilbod rundt om i fylket.

– Me må justera ned kapasiteten og laga eit smalare og mindre allsidig tilbod på mange skular.

Han vedgår at det gir ei sentralisering til store stadar som Sogndal, Førde og Bergen.

I oktober skal politikarane i Vestland fylkesting vedta tiårsplanen for kva skular eller klassar som skal leggast ned, oppretthaldast eller etablerast.

Vestland-politikarane har i stor grad prioritert å ha eit godt og breitt skuletilbod også i distrikta.

– Det betyr at me ofte får klassar med relativt få elevar, seier Lyngedal.

Prosentvis har Nordfjord og Hardanger/Voss størst andel ubrukte plassar: rundt 20 prosent.

– Er det sløsing?

– Det er samfunnsmessig veldig bra å kunna ha eit godt skuletilbod der elevane bur. Det er ei god investering, men me kunne gjort det mykje billigare ved å ha færre klassar.

NRK har ikkje tal på kor mange ubrukte plassar det er ved alle vidaregåande skular i landet.

Bjørn Lyngedal, opplæringsdirektør i Vestland fylkeskommune

– Å ha nokre ledige plassar er nødvendig, for at elevane skal ha reell rett til å få eitt av ønska sine oppfylt. Men 5000 plassar som vil kosta oss éin milliard kroner er for mykje, meiner opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Mange må reisa lenger

Milliardkostnaden for ubrukte skuleplassar sjokkerer 16-åringen Simon.

– Det talet med pengar er heilt sinnssjukt. Enorme summar blir kasta i bosset.

– I staden for å kutta klassar på for eksempel Olsvikåsen, burde ein slå saman klassar eller unngå tomme plassar på andre måtar, meiner han.

– Men éin grunn til halvfulle klassar, er at folk skal sleppa å reisa langt på skulen, slik du ikkje ønsker å reisa til Sotra?

– Det er eit godt poeng. Men ventelista på Olsvikåsen, hadde vore nok til ein full klasse. Å kutta den klassen gjer at mange må reisa lenger.

Éin time kvar veg

Simon håpar i det lengste at han får byrja på Olsvikåsen vgs. Men han tar godt til takke med Sotra – sjølv om turen med buss tar éin time kvar veg, inkludert ein halvtime til fots.

– Eg er ikkje misnøgd med plassen på Sotra. Det er ikkje ein dårleg skule. Men i forhold til Olsvikåsen, blir reisa mykje lenger.

– Og du vel ikkje yrkesfag for å få kortare skoleveg?

– Nei. Det gjer eg ikkje.

Simon Sunde Pedersen, søkar til Olsvikåsen vg skule

– Ein burde ikkje kutta ei populær studiespesialiseringslinje på gode skular, meiner Simon (16) som av den grunn ikkje har fått plass på nærskulen sin.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Regionane og fagtilboda, rangert etter talet på ledige plassar:

Tabellane står i høyringsnotatet frå Vestland fylkeskommune, side 10.

Publisert 29.07.2024, kl. 19.07

Read Entire Article