Regjeringa vil kunne tvinge deg til å jobbe i krise eller krig

2 hours ago 4


Rundt 70.000 norske kvinner og menn har gjennomført førstegongsteneste og kan bli kalla inn for å forsvare Noreg.

Om du er ein av dei, har du nok klart føre deg kva oppgåver du kan få om landet hamnar i krig.

Men sjølv om du ikkje har noko forhold til Forsvaret, kan du bli pålagd litt av kvart om krise og krig oppstår.

– Vi må faktisk tenke på at det kan skje, seier direktør i DSB Elisabeth Sørbøe Aarsæther.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther står på ein parkeringsplass med ein mobiltelefon i hendene.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther er direktør i DSB og har mellom anna ansvar for å sørge for god sivil beredskap i samfunnet.

Foto: NRK

Og det er ikkje berre ein invasjon av Noreg som kan sende landet i krise.

– Det kan skje ein såkalla artikkel fem-situasjon, der éin for alle, alle for éin-regelen i Nato blir utløyst. Då kjem krigen såpass nær at vi må førebu oss på kva vi då må gjere, seier Aarsæther.

Dette kan du som sivilist plikte å gjere i krise eller krig, og lista kan bli lengre:

Tene i Sivilforsvaret

Etter Sivilbeskyttelseslova har alle i Noreg mellom 18 og 55 år tenesteplikt i Sivilforsvaret. Trass namnet, har dette ingenting å gjere med om du har vore i førstegongsteneste eller ikkje.

Sivilforsvaret skal mellom anna støtte naud- og beredskapsetatane, beskytte sivile i krig og evakuere sivile ved akutt fare.

Dei har om lag 8000 tenestepliktige, og rundt 600 av desse får grunnopplæring kvart år. Men alle i Noreg i vaksen alder er tenestepliktige om dei får innkalling.

Ein gjeng frå Sivilforsvaret sit på campingstolar utanfor eit oransje tunelltelt. Dei har på seg uniformer og refleksvestar.
To menn i Sivilforsvaret-uniform ber ei pumpe forbi ein stor oransje varebil med Sivilforsvaret på.

Sivilforsvaret kan ha mange ulike roller i større og mindre kriser. Øvst frå samarbeid med Røde Kors og helsepersonell ved Tyrifjorden 22. juli 2011. Under frå Åndalsnes i 2014 då dei venta at Mannen skulle rase.

Foto: Tore Meek og Terje Pedersen / NTB

Gi frå deg bilen

Forsvaret kan ta bilen din, båten din, huset ditt eller andre ting du eig.

I januar sende Forsvaret brev til 14.000 nordmenn om at dei kan kome til å trenge noko dei har i ein eventuell krigssituasjon.

I stor grad gjeld det dei som har store, firehjulsdrivne diesel- og bensinbilar med god lastekapasitet. Som SUVar, pickupar og kassebilar.

Tre militærpoliti i uniformer står væpna rundt ein sivil SUV.Tre HV-soldatar står ved ein open kassebil og set opp piggtrådgjerder og stålbarrierer.

Både ein SUV og ein kassebil kan vere nyttig for Forsvaret i krig. Her frå ulike HV-øvingar.

Foto: Kristian Berg og Sondre Mosdal / Forsvaret

La Forsvaret bruke garasjen

Forsvaret kan også ta i bruk private bygg som verkstadar, garasjar eller lager.

Og dei kan ta større maskiner som gravemaskiner, brøytebilar, bulldosarar og lastebilar.

Tilsette i Forsvaret jobbar på ein lastebil på ein verkstad
Fleire soldatar i uniform og refleksvest ser på ei gravemaskin som jobbar på ein veg i skogen.

Private bygg som verkstadar kan også verte rekvirert i krig. Det same kan større maskiner – som gravemaskiner.

Foto: Mats Grimsæth og Torgeir Haugaard / Forsvaret

Tene i politiet

Ja, faktisk. Alle som har tenesteplikt i Sivilforsvaret, det vil seie alle mellom 18 og 55 år, kan etter polititenestepliktlova plikte å gjere teneste i politiet.

Det gjeld for eksempel dersom Noreg set i gang militær beredskap, viss ein må avgrense naturkatastrofar, eller det trengst for å oppretthalde orden i samfunnet.

Skulle det skje skal ein ha opp mot 72 dagar med trening og øving.

Politi i verneutstyr står ved demonstrantar med Iranske flagg
Ein politibetjent i hjelm og gassmaske framfor ei rekke andre politifolk i ei gate i Bergen

Frå ein demonstrasjon utanfor den Iranske ambassade i Oslo i 2022 og ein demonstrasjon i Bergen i 2023. Politibetjentane er neppe sivile.

Foto: Terje Pedersen / NTB og Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Halde helsepersonell på jobb

Om du er sjukepleiar, ambulansesjåfør eller jobbar i heimehjelpa – ja, til og med om du jobbar på apotek, kan du bli pålagt å møte på jobb om krig truar.

Etter helseberedskapslova kan dei som har slike jobbar bli tvungne til å jobbe utover vanleg arbeidstid, eller til og med bli sendt andre stadar for å jobbe.

Gravide eller dei som har barn under 16 år er til ei viss grad verna mot slik tenesteplikt, men ikkje om landet hamnar i krig.

Apoteker holder medisinen Balidax i hendene sine. Vi ser nærbilde av hendene.En ambulansearbeider tar på seg en rød ryggsekk ved siden av en ambulanse i en bygate i Oslo.

Tilsette i helsevesenet og i relaterte yrker, kan få arbeidsplikt i kriser og krig.

Foto: Matias Næss Lysholm og Beate Oma Dahle / NTB

Tene i Forsvaret

Sjølv om du ikkje har gjennomført førstegongsteneste eller er i Heimevernet, kan du faktisk få tenesteplikt i Forsvaret.

Om krig trugar, kan alle mellom 18 og 55 år få verneplikt, med heimel i forsvarslova.

Også dei som tidlegare har blitt vurdert som ikkje skikka til teneste eller nordmenn som er i utlandet, kan bli kalla inn. Kriteria som vanlegvis gjeld for å kome inn, treng ikkje gjelde då.

Prinsesse Ingrid Alexandra i uniform i hennar førstegongsteneste i Forsvaret

Sjølv om du ikkje har gjennomført førstegongsteneste, slik som Prinsesse Ingrid Alexandra, kan du bli kalla til teneste i Forsvaret i krisetid.

Foto: Terje Pedersen / POOL / NTB

Vil krevje at du jobbar

Men denne lista kan bli lengre og meir inngripande.

Regjeringa kan allereie gi folk arbeidsplikt, både til militære og til sivile føremål. Men i november 2024 la regjeringa fram eit forslag om å endre den såkalla sivilbeskyttelseslova.

Dei ber Stortinget om fullmakt til å gi folk mellom 18 og 72 år arbeidsplikt i krise eller krig.

Lova vil også gi regjeringa rett til å pålegge arbeid som til vanleg ikkje er lovleg. Dei kan sjå bort frå reglar om arbeidstid, helse- og miljøkrav, sikkerheit og rett til ferie og permisjon. Dei kan også stanse forhandlingar om arbeidsforhold og streik.

Arbeidsplikta skal likevel ikkje bryte med Grunnlova eller andre grunnleggande rettar.

Lovendringa vil også gjere at enkeltpersonar, bedrifter og offentlege organ kan bryte teieplikta viss det er nødvendig.

Ved brott på denne lova, for eksempel om ein nektar å arbeide, føreslår regjeringa ei straff på inntil tre år i fengsel.

Eit lovforslag frå regjeringa. Ei setning er utheva, som handlar om regjeringa sin rett til å krevje at alle mellom 18 og 72 år skal jobbe.

Lovforslaget vil mellom anna opne for arbeidsplikt for alle i ei krise – i tillegg til at reguleringar kring helse, miljø, arbeidstid og tryggleik ikkje gjeld.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Forslaget gjeld ekstremt alvorlege situasjonar der riket er i krig, krig trugar eller rikets sjølvstende eller tryggleik er i fare, skriv Camilla Fosse i kommunikasjonseininga til Justis- og beredskapsdepartementet i ein e-post til NRK.

I ein slik situasjon kan tiltak som ikkje er innafor i ein normal situasjon vere naudsynte, meiner departementet.

For å kunne oppretthalde evna til å forsvare oss frå ein angripar, til å drive sjukehus, straumnett eller for å passe andre kritiske funksjonar, skriv Fosse.

Lovforslaget er no til behandling i Justiskomiteen, som har fram til 1. april for å kome med si innstilling til Stortinget.

Publisert 12.02.2025, kl. 06.29

Read Entire Article