Amerikansk fange tilbake frå russisk fengsel

2 hours ago 5


Etter 1276 dagar i russisk fangenskap kom amerikanaren Marc Fogel tilbake til USA i natt, norsk tid. Det melder Det kvite hus.

Det blei tysdag kjent at Trump-administrasjonen har gjort ein avtale med Russland for å få Fogel fri. Det blir omtala som ei utveksling, men det er uklart kva Russland får i retur av USA.

Fogel blei tatt imot av Trump i Det kvite hus.

U.S. President Donald Trump holds an event to welcome back released American schoolteacher Marc Fogel, at the White House

Det var god stemning mellom den amerikanske presidenten og Fogel i natt då dei møttest i Det kvite hus.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

– Takk alle saman. Eg elskar landet vårt og eg er så glad for å vere tilbake. Eg skulle ynskje eg kunne formulere meg betre.

Fogel var tilsynelatande overvelda av kjensler under møtet med Trump.

Amerikanaren jobba som lærar på ein skule. Han fekk ein dom på 14 års fengsel etter at han tok med medisinsk marihuana inn til Russland sommaren 2021. Seint i 2024 stadfesta Biden-administrasjonen at Fogel var urettmessig fengsla.

Fogel blei lauslaten etter at den amerikanske spesialutsendinga Steve Witkoff hadde besøkt Moskva. Saman tok dei privatfly tilbake til USA.

Detained American Fogel

«Urettmessig fengsla. 700 dagar.» stod det på eit skilt under ein demonstrasjon i fjor sommar for å legge press på å få Fogel tilbake til USA.

Foto: AP

Tidlegare har det vore protestar i USA for å vise støtte til Fogel og vise ynskje om at han skal få returnere frå Russland.

Ny amerikansk fange skal bli lauslaten

– Nok eit amerikansk gissel vil bli sett fri på onsdag, sa USAs spesialutsending for gissel-saker Adam Boehler til CNN i natt.

Han ville korkje seie kven det er snakk om eller kvar vedkommande vil bli lauslaten frå.

På direkte spørsmål om kven det er snakk om svarte han:

– Vel, det vil bli ei overrasking for i morgon.

Trump Putin Fogel

Ei teikning av Marc Fogel under ein protest sommaren juli 2023 for å få han tilbake til USA.

Foto: AP

Han ville heller ikkje svare på om denne amerikanaren sit i fangenskap i Russland.

Der er framleis fleire amerikanarar som sit i fangenskap i Russland, ifølgje CNN. Minst to av dei har fått status som urettmessig fengsla: amerikanske Stephen Hubbard and russisk-amerikanske Ksenia Karelina.

Eit steg i rett retning

Det er uklart om Fogel sin retur til USA er direkte relatert til krigen mellom Ukraina og Russland. Det er også uklart om Donald Trump og Vladimir Putin har snakka direkte før utvekslinga.

– President Trump, Steve Witkoff og presidenten sine rådgjevarar forhandla ei utveksling som viser velvilje frå Russland si side. Det er også eit teikn på at vi er på rett veg for å få ein slutt på den brutale og fryktelege krigen i Ukraina, sa nasjonal tryggingsrådgjevar Mike Waltz, ifølgje Reuters.

Publisert 12.02.2025, kl. 08.11 Oppdatert 12.02.2025, kl. 08.18

Read Entire Article