100 år etter at Paris sist var arrangør, er OL-elden igjen blitt tent i den franske hovudstaden.
– Heile showet var ei bisarr Alice i Eventyrland-liknande reise, seier Hobbelstad om det fire timar lange opningsshowet.
Her er ei oppsummering av dei mest minneverdige utanomsportslege augneblikka frå showet i tilfeldig rekkjefølgje.
Woke-motemolo over Seinen
Hobbelstad samanliknar opningsseremonien med den i London i 2012, «ein diger nostalgifest», og den i Pyeongchang i 2018, «ein optimistisk visjon av ei framtid full av teknologi».
– Dette var rarare og skeivare enn noko eg nokon gong har sett før, i så stor skala, seier Hobbelstad.
Ho viser til at det var nok av sinte folk på sosiale medium, som mislikte den openbert «woke`e»-bodskapen.
For eksempel at «drag queens» og «folk som ikkje ser ut som olympiarar» etterlikna Leonardo da Vincis «Nattverden» ved ein motemolo på ei bru.
– Det urfranske var der stadig, med kabaretar, cancan dans og mote, men sidene ved dette som er «queer» og kjønnsoverskridande, vart understreka igjen og igjen, påpeikar ho.
– Dette er eit tydeleg og bevisst brot med ein meir tradisjonell olympisk estetikk, der ein har dyrka det maskuline og klassisk kraftfulle. Sånn sett gjekk opninga med rak rygg inn i kulturkrigen, seier Hobbelstad.
Dion-Comeback
Like etter flammen var tent, entra kanadiske Céline Dion Eiffeltårnet. Ho framførte ei Édith Piaf låt. «L'hymne à l'amour» frå 1950.
Framføringa var Dions første sidan mars 2020.
Mange har hylla ho på sosiale medium.
Regn!
Det var første gang opninga til OL vart arrangert utanfor eit stadion.
85 båtar, med 6800 utøvarar frå 205 nasjonar seglde på Seinen i fleire timar.
– Spektakulært og poetisk grep. Arrangørane forstod openbert at ein av dei største fordelane dei sat på var sjølve byen, Paris, seier kulturkommentator Hobbelstad.
Arrangørane gambla på at det ikkje skulle regne, og tapte veddemålet mot vêrgudane.
– Så til dei grader, seier Hobbelstad.
Titusenvis av publikummar stakk heim og forlét tribunane halvtomme.
Deltakarane, VIP-ane og resten som vart att, kledde seg i gjennomsiktige plastponchoar og samla seg under paraplyar, medan dansarar plaska rundt i dammar og musikarane spelte på våte instrument.
Første metalband nokon gong
Det franske metalbandet Gojira vart det første i sjangeren som har spelt på ein olympisk opningsermoni.
Akkompagnert av ein operasongar hamra dei svartkledde laust på instrumenta sine mellom flammar og kanonar, som skaut ut knallraudt tøy som likna blod frå plattformer høgt oppe på Conciergerie, ein ikonisk bygning frå den franske revolusjonen.
Før bandet kom på let regissøren ein myriade av hovudlause Marie Antoinettar synge «Ah! Ça ira».
Ein song som vart brukt av nokon av dei aller mest blodtørstige revolusjonære, fortel Inger Merete Hobbelstad.
– Er ein litt vrangt innstilt, kan ein sjå på det som ei feiring av politisk vald. Men det var oppfinnsamt, uventa og gøy, seier ho.
Og det syntest openbert publikum også. Gojira hausta kanskje den største jubelen av alle artistane, skriv Le Monde.
Fakkelberaren
Fleire som har spelt «Assasians creed» merka seg likskapen mellom fakkelberaren med tildekt ansikt og hovudpersonane i spelet sine kleder og akrobatikk.
Den mystiske karakteren er inspirert av fleire figurar frå fransk kultur, i tillegg til dataspelet. Mellom anna «Phantom of the Opera» og «Jernmasken», skriv Le Monde.
Mest minneverdig var karakteren kanskje når hen «rei» OL-flagget over Seinen på ein mekanisk hest.
Trassa kritikarar og dansa med republikanargarden
Den franske popstjerna Aya Nakamura var eit av fleire «lokale innslag» mellom internasjonale tungvektarar som Lady Gaga og Céline Dion.
Før OL kritiserte leiaren av det høgrepopulistiske partiet nasjonal samling, Marie Le Pen, Nakamura.
Le Pen meinte at artisten ikkje burde representere Frankrike i opninga fordi ho er «for vulgær» og at «ho ikkje syng på verken fransk eller eit anna språk», skriv Aftenposten.
Men Nakamura let ikkje kritikken stoppe ho.
Ho framførte ein mashup av ein eigen hit og ein song av ein kjent fransk komponist. Og fekk det Le Monde kallar «symbolsk støtte» frå rimeleg stive (men dansande) musikarar i Frankrikes republikanske garde.
Det heile gjekk før seg framfor Académie Française, som er strenge vaktarar av det franske språket.
Kulturkommentator Hobbelstad trur dei internasjonalt mindre kjente artistane «heilt klart» kan nå eit større publikum etter dette.
– Dette er vel ein av få verkelege fellesarenaer som står att, der ein artist kan nå fram til fleire generasjonar og et globalt publikum på nokre få, komprimerte minutt, seier ho.
Surfarar deltok via video frå Stillehavet
Frankrike har surfestrender på vestkysten. Men som i Noreg, er havet der så å seie flatt om sommaren, samanlikna med vinteren.
Derfor blir surfekonkurransane i årets OL arrangert på Fransk Polynesia – midt i Stillehavet.
Og derfor fleksa surfarane som deltar i OL «hang loose» teikn frå ei tropisk strand, i staden for å stå i stampe med resten av deltakarane under regnet på båtane i Seinen.
Tabbar
Når det blir brukt milliardar av euro på ein opningsermoni som i stor grad blir sendt live – er det også spennande å følgje med etter tabbar.
Ein av utøvarane opplevde for eksempel ein garderobesvikt - slik at ein testikkel tilsynelatande vart hengande utfor shortsen hans, skriv Daily Mail.
Og la du merke til då dansaren til Lady Gaga falt under det første musikalske innslaget?
NRKs kulturkommentator trekker elles ikkje fram Lady Gaga si framsyning som særleg minneverdig.
– Både hennar framsyning og cancan-dansinga, lei under dagslyset. Slikt treng scenemørke og lyssetting for å få full effekt, seier ho.
Men at OL-flagget vart heist feil veg går nok ikkje i gløymeboka med det første ...
Publisert 27.07.2024, kl. 15.01