Rådyret går rundt med sofapute i geviret – men folk vegrar mot å ringe etter hjelp

1 week ago 11


Då Jan Engvig såg rådyrbukken utanfor kjøkkenvindauget sitt på Innerøya i Kristiansund torsdag føremiddag, såg han fort at noko ikkje stemte.

– Han hadde noko hengande på geviret sitt, seier Engvik, som rakk å ta bilde av dyret før det sprang vidare.

Jan Engvig

Jan Engvig klarte å ta bilde av rådyret torsdag formiddag.

Foto: privat

Vil ikkje kontakte Viltnemnda

Engvig var usikker på kva han skulle gjere, og la difor ut bildet saman med spørsmål om tips på ei lokal Facebookgruppe. Då fekk han raskt beskjed om at det ikkje var lurt å ringe viltnemnda i kommunen.

– Tilkaller du noen nemnd, smeller det, skriv ein.

– Blir bare skutt, skriv ei anna.

– Så mange tåpelige forslag, kanskje leit at dette ble publisert, nå blir vel dette friske vakre dyret skutt, ser ikke ut som dette hodeplagget er til så stor plage, det dette er snart av, men her er vel mange triggerhappy jegere som klår i fingeren – dessverre, kommenterer ein tredje.

Det er ikkje første gong eit dyr har forvilla seg inn i sentrum av Kristiansund. For to år sidan var ei gravid kvinne like ved å bli skoten av politiet.

Ber folk tenkje på dyret sitt beste

Lars Erling Koksvik er viltforvaltar i Kristiansund. Han stadfestar at dei torsdag fekk melding om rådyret og no har sendt ut ein jeger. Planen er nettopp å ta livet av dyret, om det kjem på skothald.

Koksvik likar ikkje å høyre at folk vegrar seg mot å ringe.

– Det synest eg ikkje noko om. Dei har plikt på seg til å varsle dersom dyr er skadde eller har skavankar eller blir påkøyrt, seier han.

– Men har de blitt for ivrige?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Folk blir kjenslemessig rørt, og det er fine dyr, så det skjønar eg. Men vi har eit oppdrag, så vi må forhalde oss til det. Dersom dyr lir, må vi ta affære.

Han seier det er ei ulempe for dyret å ha ei stor pute på hovudet.

Lars Erling Koksvik, skogbrukssjef og viltforvalter, Tingvoll kommune.

Viltforvaltar i Kristiansund, Lars Erling Koksvik.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Håper Bambi får leve

Rådyr og hjort har blitt eit stort problem i Kristiansund sentrum, og fører til stadige kollisjonar i trafikken. Kommunen har difor vedtatt at det skal skytast fleire dyr enn før.

Torsdag kveld sender viltnemnda etter planen på nytt ut ein jeger, som vil prøve å skyte rådyrbukken.

Jan Engvig som la ut Facebook-posten seier han håper at dyret får leve, sjølv om han forstår at alle viltpåkjørslane i området er utfordrande. Han seier rådyrbukken ser sunn og frisk ut, og håper puta forsvinn av seg sjølv.

– Eg håper han Bambi får leve i fred i sommar. For meg er det berre triveleg at rådyret dukkar opp, seier han.

Publisert 09.05.2024, kl. 18.26 Oppdatert 09.05.2024, kl. 18.31

Read Entire Article