Pernille, Tuva og Sandra synest den analoge klokka er vanskeleg å lære seg

3 months ago 59


– Vi har lært om det på skulen, men eg har gløymt det ut, seier Tuva Våge Innbjo (11).

Ein grunn, ifølge henne, er at den digitale klokka finst over alt.

Og då er det ikkje den med liten og stor visar som vinn.

– Det er så mange tal. Den digitale er lettare, seier ho.

Venninnene Pernille Heggland (11) og Sandra Sandfors (11) føretrekker også den digitale som dei har på mobilen. Og anslår at kunnskapen om den analoge klokka er låg i klassane dei går i.

– Eg trur kanskje tre eller fire kan den analoge klokka i min klasse, seier Sandfors.

På veggen i klasserommet til Pernille heng det ei analog klokke, då kan dei for eksempel følge med på kor lenge det er til friminuttet. Eller?

Pernille Heggland

Pernille Heggland synest det går fint å berre kunne den digitale klokka.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eg spør ei venninne som kan den analoge klokka. Også har vi ei tavle på skulen der den digitale klokka står, seier ho.

Dei tre venninnene er 11 år, men dei på 18 år har vel full kontroll?

– Eg veit om nokon som slit med den analoge klokka, seier Leah Larsen (18). Venninna Thea Bisgaard Herløe nikkar bekreftande.

Thea Bisgaard Herløe og Leah Larsen

18-åringane Thea Bisgaard Herløe og Leah Larsen testar kvarandre i den analoge klokka. Begge har full kontroll.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Men kva er det med den analoge klokka som er så vanskeleg, og er det mange som slit med å lære seg klokke med visarar?

Foreldre har også ansvar

NRK har henta eksperthjelp frå tre personar med lang erfaring frå skuleverket. For det er vel på skulen ein skal lære seg kva klokka er både med og utan visarar?

– Skulen har sitt ansvar, men som foreldre har ein også definitivt eit stort ansvar for å prøve å lære ungane den analoge klokka, seier Gunn Reidun Tednes-Aaserød.

  • Gunn Reidun Tednes-Aaserød

    Gunn Reidun Tednes-Aaserød

    • Rektor på Vaulen skule i Stavanger.
    • Tidlegere fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Rogaland og mangeårig lærar i grunnskulen.
    • Har hengt opp analog klokke heime som eit tiltak for å betre kunnskapen om denne blant eigne born.

Ho har sett over lang tid at barn og unge slit med den «vanlege» klokka.

– Både som rektor og som mor ser eg at ungar av i dag rett og slett ikkje kan den analoge klokka lenger. Dei forheld seg til digital klokke både på mobil og på armen, seier ho.

Sjølv har ho teke grep på heimebane.

– Vi valde å kjøpe eit ganske stort analogt veggur og henge det på kjøkkenet i håp om å lære ungane våre den, men eg høyrer framleis at klokka er 20 på heil og 20 på halv, ler ho.

Er det viktig å lære seg den analoge klokka?

For ordens skuld. Å forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender er eit kompetansemål i matematikk etter andre trinn, men klokketype er ikkje spesifisert.

Ikkje verdas undergang

Gaute Hovtun på Universitetet i Stavanger er ikkje overraska over at fleire og fleire tilsynelatande slit med lang og kort visar.

  • Gaute Hovtun

    Gaute Hovtun

    • Universitetslektor i matematikk på Universitetet i Stavanger - underviser lærarstudentar i matematikkdidaktikk.
    • Har tidlegare jobba som matematikklærar i grunnskulen.
    • Peiker på barne-TV som eit viktig insentiv for at ein lærte seg klokka før i tida. 

– Mitt inntrykk er at det er færre som kan den analoge klokka nå enn tidlegare, seier han.

Han presiserer at det ikkje er forskingsbasert, men noko han ser både blant lærarstudentane, eigne barn og ikkje minst frå tida som lærar i grunnskulen.

Men er det viktig å kunne klokke med visarar?

– Det er ein ting som er kjekt å kunne og alle bør få moglegheita til å lære den, men så lenge ungane kan klokka er det ikkje verdas undergang om dei ikkje kan den analoge, meiner Hovtun.

Blir ikkje eksponert for «vanleg» klokke

Stine Christensen Holtet ser også at fleire slit med den analoge klokka og har diskutert det med lærarkollegaer.

  • 1. varamedlem i sentralstyret Stine Christensen Holtet i Utdanningsforbundet,

    Stine Christensen Holtet

    • 1. varamedlem i sentralstyret i Utdanningsforbundet.
    • 13 års erfaring som lærar i 1.-7. klasse i Oslo-skulen.

– Det er meir bruk av iPad og Apple Watch og desse er ofte innstilt på den digitale måten, så barna opplever nok å sjå den digitale klokka i større grad enn den andre, seier ho.

Men bør ein snu dette?

– Det viktigaste er at elevane skal lære om tid, så må vi vere opne for å diskutere inngangen til korleis vi gjer det. Om vi skal ha fokus både på den digitale og den analoge klokka, seier Holtet.

Pernille Heggland (11), Tuva Våga (11) og Sandra Strømfors (11).

Venninnene testar kvarandre i den analoge klokka. Heil og halv, kvart på og kvart over, har dei kontroll på.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Venninnene Tuva, Pernille og Sandra stressar uansett ikkje med den analoge klokka.

– Eg trur ikkje eg skal lære meg den. Ho er litt komplisert, seier Pernille Hegglund.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 31.07.2024, kl. 21.46

Read Entire Article