I Frankrike har dei rusta opp overvakinga av jernbanen med 50 dronar. Det blei klart då samferdselsminister Patrice Vergriete møtte pressen laurdag.
– Vi er i ein unntakstilstand og har høgste beredskap, sa Vergriete.
Sju av ti lyntog går som normalt etter fredagens sabotasjeaksjon mot store delar av det franske tognettet. Jernbaneoperatøren SNCF åtvarar likevel om forseinkingar.
På linje nord, Bretagne og sørvest vil sju av ti tog køyre med forseinkingar på ein til to timar, skriv det franske togselskapet SNCF.
Vidare kjem det fram at lyntoga vil vere i normal drift innan måndag.
Fleire tusen arbeidarar har jobba gjennom natta for å reparere skadane. Dette arbeidet vil truleg vare til over helga.
– Eg vil takke jernbanearbeidarane som jobba under krevjande vêrforhold for å fikse brente kablar og gjenopprette nettverket, sa samferdselsministeren.
Det er framleis uvisst kven som står bak og kva som var motivet.
– Etterforskinga held fram. 50 etterforskarar jobbar med saka. Det er topprioritet å finne ut kven som står bak, sa Vergriete.
800.000 råka
Natt til fredag blei transportsystemet i Frankrike ramma av sabotasje.
Hendinga skjedde same dag som opningsseremonien i OL i Paris gjekk av stabelen.
Aksjonen mot jernbanenettet førte til store forseinkingar og innstilte tog. Til saman 800.000 menneske blei råka.
Tre av landets fire høgfartstoglinjer blei sette fyr på. Hendinga råka dei atlantiske, nordlege og austlege toglinjene.
– Sårbare område blei angripe. Det krev ein slags kjennskap til nettverket for å vite kvar ein skal slå til, sa statsminister Gabriel Attal til nyheitsbyrået AFP fredag.
Den franske idrettsministeren Amélie Oudéa-Castéra fordømmer hærverket.
– Det er heilt forferdeleg. Å angripe leikane er det same som å angripe Frankrike, sa ho til kanalen BFMTV.
Rustar opp
Tryggleik har vore nøkkelordet under førebuinga til OL.
Over 30.000 politifolk var til stades under fredagens opningsseremoni, skriv franske Le Monde.
Soldatar og politi frå både inn- og utland skal patruljere gatene kontinuerleg dei neste to vekene.
Publisert 27.07.2024, kl. 13.58 Oppdatert 27.07.2024, kl. 14.14