Omar fekk brutal beskjed frå foreldra: – Det funkar ikkje å leve slik

1 week ago 10


– Eg var 14 år og veldig tjukk. Eg dreiv ikkje med nokon sport. Eg sat berre heime og spelte FIFA på PlayStation.

Det fortel 25 år gamle Omar Shiha til NRK.

I mars gjorde han det ingen nordmann har klart på 28 år: Han kvalifiserte seg til OL i boksing.

– Det var den beste kjensla i livet mitt, seier Omar Shiha til NRK.

Men da Shiha var i starten av tenåra var det kanskje ikkje så mange som såg på han og tenkte at han skulle bli OL-utøvar.

– Eg åt mykje usunn mat og slik. Og sjokolade. Eg var interessert i fotball, og prøvde å gå på det, men eg var litt tjukk så eg klarte ikkje å spele.

Shiha er nådelaus med seg sjølv og kven han var som 14-åring. Han fortel at han vog 95 kilo. Då fekk han beskjed frå foreldra om at han var for tjukk.

– Det kjennest ikkje bra når du er stor og ung. Det er mange ting du ikkje kan gjere. Eg klarte ikkje å spele fotball. Du har XXL som 14-åring. Det er litt flaut. Skjønner du?, seier Shiha spørjande.

Omar Shiha som ung

TENÅRING: I starten av tenåra likte Omar Shiha best å spele FIFA på PlayStation.

Foto: Privat

Den brutale beskjeden frå foreldra fekk han til å tenke. Han greidde ikkje å vere sosial saman med kompisane sine som var sprekare enn han.

– Så eg bestemte meg for at det ikkje kan vere slik. For viss eg ikkje klarte det på den tida, og eg blir 20 år. Eg kan ikkje vege 120 kg, det blir heilt... Det funkar ikkje å leve slik, seier Shiha om tankane han hadde da han tok grep.

Boksing funka

Han prøvde seg på både basketball og fotball før han endeleg fann det som elleve år seinare skulle sende han rett til OL i Paris. Nemleg boksing.

Fyrst var det berre som treningsform for å bli litt sunnare. Han møtte opp på bokseklubben og trena ved å slå på sekkar.

Men Shiha fortel at trenarane kjapt byrja å legge merke til han.

– Trenaren min sa faktisk: «Du har litt talent. Har du lyst til å gå kampar?»

Omar Shiha var ikkje vond og be, og plutseleg var han i gang.

Han rasa ned i vekt, og Shiha fortel at han totalt gjekk ned frå 95 til 70 kilo som følge av boksetreninga. I tillegg vann han kamp etter kamp i bokseringen.

Omar Shiha som ung bokser

BOKSETALENT: I Egypt utvikla Omar Shiha seg raskt som boksar, og han kom inn på juniorlandslaget.

Foto: Privat

– Eg overraska faren min da eg kutta vekta. Etter to-tre månader såg eg ham igjen. Han er på jobb heile tida, så vi ser kvarandre ikkje så ofte. Han vart jo... «Du ser bra ut» og slik sa han.

Hyllast før OL

Omar Shiha er fødd i Noreg. Faren hans er frå Egypt, mens mora hans har egyptisk bakgrunn, men er fødd og oppvaksen i Noreg.

Da Shiha var seks år gamal bestemte familien seg for å flytte til Egypt, der faren fekk jobb som lege. Men da han var 19 år, flytta han og mora attende til Noreg.

Da hadde Omar Shiha vore innom juniorlandslaget i boksing i Egypt, men da han kom til Noreg fekk han beskjed frå foreldra om at han måtte fullføre ei utdanning. Så han tok ein bachelorgrad i økonomi ved BI, før han som 22-åring tok opp att hanskane og fann Oslo Bokseklubb.

Og etter tre år med beinhard trening er han no klar for OL i Paris.

Omar Shiha trenar med Max Mankowitz på Oslo Bokseklubb.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Trenaren hans Max Mankowitz, som tidlegare har trena boksaren Cecilia Brækhus, er klar på at den vanskelegaste jobben er gjort. For vegen til medalje, når han er blant dei 16 som er kvalifisert til OL-turneringa, er kort.

– Vinn han to kampar i OL, så har han medalje, seier Mankowitz.

– Kva er Omar god på?

– Han er ekstremt raskt. Ekstremt hurtig. Ein av dei raskaste i vektklassa si i verda. Relativt bra taktisk, og så har han ei bra psyke.

Sist ein nordmann var i OL som boksar var i 1996 i Atlanta-OL. Da heitte det norske håpet Jørn Johnsen, han vart slått ut i andre runde den gongen.

Men når Omar Shiha går i ringen i Paris 29. juli, er målet å gjenskape det som nordmannen Otto von Porat gjorde i same by i 1924: Vinne OL-gull i supertungvekt (+92 kilo).

– Han var også i supertungvekt. Han klarte å hente gull, så vi får sjå, seier Omar Shiha og smiler lurt.

– Det blir OL-medalje snart. Berre vent, avsluttar han.

Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28

Publisert 27.04.2024, kl. 10.48

Read Entire Article