Ny måling: Badeplassar i Oslofjorden kan vera verre enn Seinen

3 months ago 32


Kvar sommar testar Oslo kommune vatnet på dei ulike badeplassane i Oslo. Prøvene tekne tysdag viser at dei fleste badeplassane i Oslo har god vasskvalitet.

To stadar har derimot dårlegare testresultat enn prøvene tekne i Seinen då triatlon-konkurransen i OL blei utsett.

Vatnet på badeplassane må derimot målast ein gong til, før kommunane kan slå fast at dei frårår bading.

Høgare verdiar enn Paris

Bymiljøetaten i Oslo kommune måler vasskvaliteten på ulike badeplassar ein gong i veka, for å sikra at badevatnet i hovudstaden er trygt. Dei testar vatnet for blant anna bakterien E. coli.

Me målar termotolerante bakteriar (TKB), dei er i kloakk, rett og slett i bæsj, seier Ellen Espolin Johnson i Bymiljøetaten. Ho tek prøver av vatnet og sender det vidare inn til analyse.

Prøvene tatt på Bekkelagsbadet er fine. Men vatnet på Sørenga og ved Operaen har høge verdiar.

Der er mengda bakteriar målt i vatnet over det Oslo kommune meiner er akseptabelt.

På begge badeplassane viser prøveresultata litt høgare verdiar enn det som blei målt i Seinen før triatlon i OL blei avlyst og flytta til onsdag.

Triathlon - Women's Individual

I dag blei Seinen-vatnet godkjent før dagens triatlonkonkurranse.

Foto: Lisa Leutner / Reuters

På Sørenga var det målt 1700 og på Operastranda 1500. I Seinen var det mellom 980 og 1553 på dei fire teststadane. 1000 er grensa for Oslo kommune.

Badevatnet på Sørenga og Operastranda held altså ikkje OL-krava til reint vatn, ifølge prøvene tatt tysdag.

Men resultata må slåast fast med ei prøve til, før kommunen frårår bading her, forklarar Ellen Espolin Johnson.

Om verdiane også på neste prøve også er over 1000, set kommunen opp skilt som frårår bading.

– Det luktar litt møkkete

I periodar med mykje styrtregn, hender det at vatnet blir meir forureina.

Røyra blir fulle, så kjem kloakken opp i avløpa og det som renn på overflata og ned i elvene. Og så tar styrtregnet med seg hundebæsj og alt mogleg ut i vatnet, seier Johnson.

Badeplassen på Sørenga er likevel stappfullt på ein solskinsdag, sjølv om det regna kraftig sist veke.

Emilie Alexandra Karlsen til venstre, Maria Marlén Donatello i midten og Paula Garcia Helleberg til høyre

Emilie, Maria og Paula er på Sørenga ofte, men favoritten er eigentleg badeplassen Huk.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Vatnet er litt ekkelt, det luktar møkkete, seier Maria (17), som er på Sørenga saman med venninnene Emilie og Paula. Ho har følgt med på nyheitene tidlegare, og sett at vasskvaliteten har vore dårleg.

– Men eg likar å bada uansett!

Sondre (17) frå Lillestrøm har vore fast badar på Sørenga i sommar. Kvaliteten på vatnet er han derimot skeptisk til.

Kompisgjeng soler seg på Sørenga

Brage, Sondre, Thor og William har bada masse på Sørenga i sommar, men synest vatnet ser litt skitent ut.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Men vasskvaliteten kunne vore litt betre då, det er mykje drit som ligg i vatnet, som solkrem og plastikk og sånn, seier han.

Kompisen Brage (18) har høyrt at det blir dårlegare kvalitet på vatnet når det regnar mykje.

Vent eit døgn med dukkerten

Forskingsleiar Sondre Meland i Forskningsinstituttet for vann og miljø (NIVA), seier ein har eit lite augneblinksbilete av vasskvaliteten og at den ofte er i endring.

– Det er derfor ein har det generelle rådet: Har det vore regnvêr, bør du venta eit døgn med å ta ein dukkert.

I periodar med mykje regn kjem overvatnet, fordi det blir så mykje av det, ned i kloakken.

Når det er veldig mykje regn klarar ikkje vassrøyra å ta unna alt vatnet, og reinseanlegget har ikkje kapasitet til å reinsa det. Då hender det at vatnet går ureinsa ut i elver og langs fjorden.

Testing av vannkvalitet i flaske under vann

Oslo kommune testar vatnet på badeplassane i Oslo ein gong i veka.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Kva er faren ved å bada i skittent vatn som har høge bakterieverdiar?

– Bakteriane som blir målte er indikatorbakteriar for kloakk, og tarmbakteriar og den type ting. Når det blir høge nivå der, kan det medføra risiko for magetrøbbel og diaré. Men det kan også vera bakteriar og virus i vatnet som kan gje infeksjonar, seier Meland.

På spørsmål om han sjølv hadde hoppa uti vatnet i Sørenga i dag, svarar han nei.

Publisert 31.07.2024, kl. 21.38

Read Entire Article