Norsk Kylling inviterer fiskeoppdrett til å læra: – Sakte vekst gir betre dyrevelferd

4 months ago 25


16,7 prosent av oppdrettslaksen i Noreg døyr før slakting. Gjennomsnittet på Vestlandet er heile 25 prosent dødelegheit i fiskeoppdretten.

Det viser siste årsrapport frå Veterinærinstituttet.

Norsk Kylling AS inviterer nå havbruksnæringa til å læra av dei.

På åtte år har selskapet redusert dødelegheita i kyllingproduksjonen kraftig: frå 6-7 prosent i 2015 til vel 2 prosent i dag.

– Bøndene ville ikkje visa fram fjøset

Det største grepet var å gå vekk frå hurtigveksande kylling.

– Noko av det viktigaste me har gjort, er å endra til ein sakteveksande kyllingtype. Me hadde kylling som ikkje hadde det bra i fjøs, og me hadde bønder som ikkje hadde lyst til å visa fram det dei heldt på med.

Det seier administrerande direktør Hilde Talseth i Norsk Kylling AS. Dette er den tredje største kyllingprodusenten i Noreg, etter Nortura og Den stolte hane.

– Kyllingrasen me hadde tidlegare fekk store utfordringar, spesielt med hjartesjukdom, som også er veldig smertefullt for dyra.

– Me såg oss nøydde til å gjera noko med dyrevelferda.

Hilde Talseth, adm. dir i Norsk Kylling

– Me deler gjerne vår erfaring, seier Hilde Talseth i Kylling Norge til fiskeoppdrettsnæringa som slit med at mykje av fisken døyr før slakting.

Foto: Elin Iversen

«Hurtiglaks» med hjartesvikt

Hjartesjukdom er også påvist når oppdrettslaks blir manipulert til å veksa raskt i starten av livet.

– Det er ikkje tvil om at dette også bidrar til dødelegheita. Eg tenker at det er eit kjempestort velferdsproblem, sa Ida Beitnes Johansen ved Veterinærhøgskolen nyleg til NRK.

Nå melder også sjefen for Norsk Kylling seg på debatten.

– Då me gjekk over til ny sakteveksande kyllingtype, fekk me ei heilt anna dyrevelferd. Det gir også betre utbytte på slakteriet, fordi kyllingane har betre helsetilstand, seier Talseth.

– Det er sikkert vanskeleg å samanlikna biologien til kylling og laks, men er det eit fellestrekk kor fort dyret bør veksa i startfasen?

– Eg er sikker på at det har noko å seia. Om du er laks eller kylling, så må du ikkje bli pusha for hardt.

Talseth seier også at det er vesentleg kor tett dyra lever.

– At ein ikkje har det for tett i fjøset, er viktig for dyrevelferda. Det trur eg òg er tilsvarande for laksen.

Laksesmolt

Laksesmolten i oppdrettsnæringa blir manipulert med temperatur og lys for å veksa mykje raskare enn villaks-smolten.

Foto: Vossolauget

Sjømat Norge: – Kylling og laksesmolt er ulikt

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge skriv til NRK at målet er å ta best mogleg vare på dyra og optimalisera matproduksjonen.

– Fiskeoppdrettarane søker kunnskap og samarbeid der det er relevant, skriv direktør for havbruk, Jon Arne Grøttum.

Han meiner likevel at problemstillingane med hurtigveksande kylling og laksesmolt er noko ulike. Hurtigveksande kyllingrasar har blitt avla fram, medan smolten veks raskt ved hjelp av høg vasstemperatur og kunstig lys i settefiskanlegga.

Dessutan meiner Grøttum at det ikkje er trongt i merdane.

– Laksen svømmer i stim, og det er 2 prosent fisk og 98 prosent vatn i ein merd, så fisken har god plass.

Laks i merder

– Oppdrettslaksen står ikkje tett i merdane, seier Sjømat Norge.

Foto: Mowi

Meiner altfor mykje laks døyr

Norsk Kylling treng nå 3,9 millionar færre kyllingar for å produsera same mengde kjøt som før.

– Fordi kyllingen me har i dag overlever og ikkje blir sjuk under produksjon.

Ida Beitnes Johansen ved veterinærhøyskolen viser fram et hjerte fra en vill laks til venstre - sammenliknet med hjertet til en oppdrettslaks.

Hurtigveksande smolt gir laks med hjarte (til høgre) som er heilt annleis og svakare enn hjarta til norsk villaks (til venstre).

Foto: Nuno Duarte / NRK

– De meinte at 6-7 prosent dødelegheit var for høgt. Kva seier du då om opptil 25 prosent dødelegheit i lakseoppdretten?

– Det er altfor høgt. Eg er sikker på at ein kan gjera det på eit meir ansvarleg vis. Ein må læra av det vi har gjort, ta eit steg tilbake, og sjå på moglegheitene for å tenka annleis, meiner Talseth.

Ifølge henne har både Nortura og Den Stolte Hane sagt at dei skal gå over til sakteveksande kylling.

– Lytt til kritikarane

Ho oppmodar havbruksnæringa til å vera opne om utfordringane sine:

– Det kanskje viktigaste me har lært, det er kor mykje me får igjen for å vera opne og å dela. Me har invitert dei største kritikarane våre til å komma med innspel til det me held på med.

– Noreg var først ute med laks. Kven andre enn me skal kunna klara å produsera laks berekraftig og ansvarleg framover? Det håpar eg me får til, seier sjefen i Norsk Kylling.

Direktør Grøttum i Sjømat Norge skriv at det blir avla og forska mykje på å gjera oppdrettslaksen meir motstandsdyktig mot lakselus og annan sjukdom.

– Me er imponerte over korleis Norsk Kylling har lukkast med å avla fram ein vesentleg meir robust kylling.

Han kommenterer ikkje oppfordringa om å lytta til sine argaste kritikarar.

Jon Arne Grøttum, Sjømat Norge

– Sjømat Norge møter gjerne Talseth over sommaren, seier direktør for havbruk, Jon Arne Grøttum.

Foto: Sjømat Norge

Publisert 26.07.2024, kl. 16.44

Read Entire Article