Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Dei sprekaste av oss har betre fysisk form i 2024 enn i 2008, viser testing av tilfeldige nordmenn i Kan3-undersøkinga som NIH og FHI med jamne mellomrom gjennomfører. Men nokre grupper ligg langt etter. (Foto: Colourbox)
Resultata av testar viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.
1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form.
Dei sprekaste av oss har betre fysisk form i 2024 enn i 2008, viser testing av tilfeldige nordmenn i Kan3-undersøkinga som NIH og FHI med jamne mellomrom gjennomfører. Men nokre grupper ligg langt etter. Foto: Colourbox.
I fjor kom rapporten frå Kan3 som viste at berre om lag halvparten oppfyller dei nye anbefalingane til fysisk aktivitet.
I etterkant har 1200 tilfeldige personar i alle aldersgrupper takka ja til å delta i testing av kondisjon, muskelstyrke, balanse og rørsleevne rundt om i heile landet.
Om lag 800 av dei har testa sitt maksimale oksygenopptak.
Gjennomsnittsnordmannen er i god form
– Det gjennomsnittlege oksygenopptaket i den norske befolkninga er godt og over eller på nivå med det som er foreslåtte anbefalte verdiar. Det er i seg sjølv er positive nyheiter, seier professor, Jostein Steene Johannesen.
Kan3
Kan3 er ein del av befolkningsundersøkingane der NIH i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet kartlegg aktivitetsnivået og den fysiske forma til nordmenn med jamne mellomrom. Testinga har blitt gjennomført ved Norges idrettshøgskole, Universitet i Agder, Universitet i Tromsø, Høgskolen i Innlandet, Universitet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet.
Sjølv om det gjennomsnittlege oksygenopptaket er bra er det er langt frå alle som ligg så godt an.
Viss vi snur på det, er det om lag 30-40 prosent av deltakarane som ligg under det som er anbefalte nivå (35-40 ml/kg/min).
For gruppa som har lågast oksygenopptak vil sjølv daglegdagse aktivitetar som det å gå i trapper eller i motbakke, krevje ein så stor del av oksygenopptaket at dei ikkje vil klare å gjennomføre lengre enn nokre minutt.
Kan få ein formidabel treningseffekt
Det gir auka risiko for livsstilssjukdommar, dårlegare dagleg funksjon og for tidleg død.
– Den gode nyheita er at det for denne gruppa skal svært lite til for å auke oksygenopptaket og igjen få nyte godt av fordelane det gjev, seier Steene-Johannensen og kjem med enkle tips:
– Det kan vere så lite som å velje trappene i staden for heisen, gå til butikken og fylle opp sekken med varer eller gå tur i motbakke og ulendt terreng slik at ein blir andpusten og sveitt. Personar som er i dårleg fysisk form kan få ein formidabel treningseffekt av slik enkel trening så lenge den blir gjort regelmessig.
Hans råd er å starte i det små, for så å gradvis auke både lengda du er ute og går, og intensiteten etter kvart som du kjenner at forma blir betre.
Dårlegare form jo eldre vi blir - men du kan bremse utviklinga
Resultata viser at både oksygenopptaket, muskelstyrke og balanse blir redusert med aukande alder. I gjennomsnitt blir det maksimale oksygenopptaket redusert med rett i underkant av 10 prosent per tiår frå fylte 30 år.
Det er også ein betydeleg reduksjon av gripestyrke og balanse etter fylte 60 år. Men du kan sjølv bremse utviklinga om du regelmessig legg inn kondisjonstrening og fokuserer på aktivitetar som styrke både musklar og utfordrar balansen.
– Styrketrening er spesielt viktig frå 50-60-årsalderen, og sjølv personar over godt over 70-80 år vil kunne auke både muskelmassen og styrken betrakteleg ved å starte med regelmessig styrketrening, seier professoren.
Styrketrening blir spesielt viktig jo eldre ein blir, og også eldre som aldri har gjort det før, vil få stor nytte av det, seier forskarane. Foto: Shutterstock.
Han meiner det er viktig at eldre ikkje berre tenkjer på kondisjonstrening, men også hugsar på styrketreninga.
Fordelane er mange.
– Det vil hjelpe deg til god livskvalitet og god funksjon i kvardagen, som kan bety at du kan vere sjølvhjelpen lengre inn i alderdomen, seier Steene Johannesen.
Har dei sprekaste blitt sprekare?
Vi er midt oppe i det mange kallar ein ny løpebølge. Store mosjonsløp som Oslo maraton og Sentrumsløpet blir fullteikna og i mange norske byer er bybildet prega av løparar.
Men har folk flest også blitt sprekare?
Gjennom kartleggingsstudiene er det mogleg å samanlikne tal frå Kan3 med tidlegare undesøkingar.
– Me fann ingen endringar i gripestyrke, men gjennomsnittsnordmannen ser ut til å ha noko betre kondisjon i 2023 (Kan3) samanlikna med tal frå Kan1 i 2008, seier forskaren bak.
Ulf Ekelund forskar på fysisk aktivitet og helse, både på NIH og FHI.
Kartlegger fysisk aktivitet
Institutt for idrettsmedisinske fag ved Norges idrettshøgskole har i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet etablert eit system for å kartlegge det fysiske aktivitetsnivået i befolkningen. Det er gjennomført tre kartleggingar av barn og unge (ungKan1, ungKan2 og ungKan3) og tre kartleggingar av vaksne og eldre (Kan1, Kan2 og Kan3). I 2024-2026 vil vi gjennomføre ein fjerde kartlegging av barn og unge (ungKan4)
Prosjektkoordinator for Kan3 fase II er stipendiat Elisabeth Teinung og blir leia av Professor Sigmund Alfred Anderssen og Jostein Steene-Johannessen
Resultata viser at det er ein oppgang på i gjennomsnitt seks prosent frå da ein liknande gruppe i Kan1 blei testa i 2008.
– Det er gledeleg å sjå at det er ein positiv trend. Ein betring av oksygenopptaket kan bety mykje for folkehelsa framover, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole og forskar ved Folkehelseinstituttet.
Men han understrekar at noko av den positive endringa kan forklarast med andre forskjellar mellom dei to utvala som vert samanlikna.
– Me har grunn til å tru at ein litt ulik seleksjon i samband med testing av maksimalt oksygenopptak i Kan3 har ført til at me har testa eit noko 'friskare' utval i Kan3 samanlikna med i Kan1. Den neste Kan-undersøkinga, som skal gjennomførast om nokre år, vil gje oss sikrare svar, seier Ekelund.
Referanse:
Kartleggingen av fysisk form blant voksne og eldre i Norge 2022-23 (Kan3 fase 2). Norges idrettshøgskole og FHI, 2024.