No tek forskarane tursekken inn i laboratoriet for første gong

2 weeks ago 11


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Slik såg det ut på laben da dei forskjellige sekkane blei testa. Her er deltakar Amelie Werkhausen i gang på mølla. (Foto: NIH)

– Vi testar jo sekkane våre mykje på tur, så vi veit jo at det fungerer. Men å gjere det i ein lab blir noko heilt anna, seier Johannes Flem i Bergans.

Nordmenn er over gjennomsnittet glade i sekkar. Vi brukar dei ikkje berre på tur. Sekken er ofte på ryggen på veg til jobb, butikken eller trening. 

Og gjerne ein kombinasjon av alle desse. 

Men veit vi om sekkane sit optimalt på ryggen vår?

Sidan 2012 har Bergans utvikla eit beresystem som gjer at sekken beveger seg annleis på ryggen enn ein sekk med stiv ramme vil gjere.

Johannes Flem i Bergans viser korleis det fleksible beresystemet ser ut. Sjå video for forklaring. (Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)

Går vi meir naturleg med fleksibelt beresystem?

Nå har det blitt forska på kva dette beresystemet gjer for turgåaren. 

Blir vi mindre slitne og beveger oss meir naturleg med ein slik sekk?

– Vi har hatt lyst til å gjere dette her i ti år. Og har både vore redde og spente. Vi testar jo sekkane våre mykje på tur, så vi veit jo at det fungerer. Men å gjere det i ein lab blir noko heilt anna, seier Johannes Flem. 

Han er leiar for design og utvikling for turutstyr i Bergans. Han har jobba med utvikling av sekkar i snart 20 år. 

Beresystemet Spine er konstruert med ei ramme i fjørstål. Ho er forma som ein dobbel spiral. 

– Tanken er at sekken skal fylgje bevegelsane til ryggen når du er i aktivitet. Det skal gjere at hoftene og skuldrene kan bevege seg fritt, uavhengig av kvarandre, forklarer Flem.

Når du som turgåar går med tung sekk, kan du nok tenkje deg at ganglaget ditt endrar seg. 

– Hypotesen vår er at kroppen ikkje eigentleg er laga for å gå med slikt utstyr. Når du får på deg eit stort hoftebelte og ein stor, tung sekk, er det for eksempel bevist at du går mykje meir breibeint. Da brukar du også meir energi, seier han.

Fleire nyare sekkar i sal har allereie det fleksible beresystemet. (Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)

Testa to forskjellige sekkar med forskjellig beresystem 

I forskingsprosjektet testa 14 deltakarar to forskjellige sekkar på 70–90 liter på biomekanikk-laben på Norges idrettshøgskole (NIH). 

Den eine sekken var siste versjonen frå Bergans med det fleksible beresystemet. Denne sekken er ikkje tilgjengeleg i butikk ennå. Den andre var ein toppmodell frå ein internasjonalt sekkprodusent med stiv ramme. 

I sekken var det mat, drikke og klede til ei overnatting ute.

Deltakarane gjekk i motbakke (10 prosent) på ei stor rulleskimølle. For å simulere ulendt terreng gjekk dei også på skrå og over ein boks på 30 centimeter. 

Oksygenopptaket til deltakarane blei testa for å sjå om det var forskjell på oksygenforbruket under bruk av dei to ulike sekkane. 

Dei hadde også på seg refleksmarkørar. Slik kunne forskarane sjå på forskjellen i bevegelsane i hofte- og skulderpartiet.

Kunne det vere at ein brukar meir oksygen av å gå med ein sekk som gjer at du beveger deg meir? 

– Vi hadde blitt veldig overraska viss det hadde vore ein forskjell i oksygenforbruket. Det er mange som har prøvd å finne måtar å redusere oksygenforbruket. Særleg i militær samanheng. Men dei har ikkje klart det, seier biomekanikk-forskar, Hannah Rice. 

Lettare å bevege seg

Men forskingsfunna viste derimot at deltakarane kunne bevege seg lettare med det fleksible beresystemet. Også i opplevinga deltakarane hadde av dei to sekkane, var det klare skilnadar. 

Analysane viste at deltakarane hadde meir rotasjon og bevegelse da dei gjekk med det fleksible beresystemet. 

– Det er vanskeleg å seie om det er betre med større bevegelsar eller slag, men det gjorde ikkje at oksygenforbruket auka. Så på ein måte kan ein seie at du har større bevegelsesfridom med denne sekken utan at du blir meir sliten, seier Rice. 

Når deltakarane skulle vurdere dei to sekkane, kom også sekken med fleksibelt beresystem best ut. 

– Dei synest han kjentest meir stabil, og dei hadde betre balanse med han, seier Rice.

Bergans vil forske meir

Kles- og sekkeprodusenten har laga sekkar sidan 1908. Dei synest naturleg nok forskingsfunna er spennande og vil bruke dei i marknadsføring når sekken kjem ut i butikkane. 

– Funna var veldig interessante, og så klart ynskjer vi å gjere testen enda større. Kva skjer om vi køyrer deltakarane hardare med meir belastning? Når ein blir sliten, går jo det ofte utover balansen, seier Flem.

Prosjektet er finansiert av Regionalt forskningsfond Viken. Bergans har ikkje finansiert forskinga, men har levert sekkar til forskingsprosjektet.

 Referanse:

Anders Lundervold mfl.: Altered trunk-pelvis kinematics during load carriage with a compliant versus a rigid system. Ergonomics, 2024. Doi.org/10.1080/00140139.2024.2390125

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article