«Meir kreativ enn nokon gong»

1 day ago 1


Sassy 009 har halde på i rundt eit tiår. Ei lita stund som ein tro, men stort sett som soloprosjektet til oslobaserte Sunniva Lindgård.

Prosjektet har trekt internasjonal merksemd, som då britiske NME gjorde eit lengre intervju med ho i desember.

Og når ho denne fredagen slepp albumet «Dreamer+», er det allereie plukka ut som vekas album av den amerikanske nettstaden Stereogum.

Treff tidsånda

Varemerket til Sassy 009 er mørk musikk i grenselandet mellom pop, tekno og emo.

Det har det vore sidan den fyrste EP-en kom i 2017.

Artisten Sassy 009, en kvinne med brunt hår

Foto: Willa Wathne / Promo

No, i ei tid kor punk, tekno og klubbkultur finn meir og meir saman i oppgjer mot ei uroleg verd, søkjer fleire poplyttarar seg til artistar som Charli XCX og Yves Tumor.

Då er tida òg moden for det Sassy 009 kallar si eigentlege debutplate.

Armert med synth, taktstridige beats og Elias Tafjord sine jazzande trommer, er albumet teknisk sterkt.

Gjestane Blood Orange, Yunè Pinku og BEA1991 er overraskande celebre, og referansegrunnlaget verkar enormt.

  • Blood Orange ikledd svær hvit genser, står med armene ut og ser inn i kamera

    Blood Orange

    Foto: Vinca Peterson / promo
  • Yune Pinku ser inn i kamera, hun har glitrende sminke og glitrende sølvringer på fingrene.

    Yunè Pinku

    Foto: Ryan-Blackwell / promo
  • Bea sitter på gulvet med beina i kryss. Hun har litt bustete hår og ser rett inn i kamera. Over henne står det "Bea 1991"

    Bea1991

    Foto: Albumcover

Albumet er på ei side ein smeltedigel av pop, breakbeat, emo, tekno, indie, dansepunk og shoegaze.

På den andre sida får vi ein enno meir presisert, spissa og ambisjonsrik versjon av Sassy 009.

Stemning av stillstand

Sjølv om ho har halde fast i kjernestilen sin, viser «Dreamer+» stor utvikling for Lindgård.

Albumet er treigare og mørkare enn tidlegare, og ho byter ut tekno som før har høyrdest hard og energisk ut, med eit nifsare og meir eksperimenterande, nesten leitande uttrykk.

Tematisk syr det albumet perfekt saman. Sjølv om det er mange referansar frå både punk og elektronika, så osar stemninga av stillstand og ambivalens heller enn av store kjensler.

«Dreamer+» er lagt til draumeland, og brukar den oppbrotne, søkande musikken til å dykke ned i det som skjer i oss når vi ikkje er medvitne.

Flyktig univers

Tekstane er flyktige og poetiske, og dei vert presenterte med ein tilsløra vokal med raspande effektar.

Slik legg tekstane seg under musikken, halvvegs utilgjengelege – akkurat som ein draum ein har vakna frå.

Sassy009/Sunniva Lindgaard har på seg hvit boblejakke og står i en mørk gress-dekket skråning mens hun ser til siden. Mellom oss og henne er det også strå som lyser opp som stjerneskudd når de blir lyst opp av blitsen.

Foto: Bryden Bowley

Det er mogleg å tyde ei slags historie, for det er to personar til stades gjennom albumet. Eg-personen og ein annan som det enten blir synge til eller om.

Draumelandet har mange lag av medvit, som til dømes kjem fram i «Someone», kor linja «Feels like we've met before in a dream» nesten blir kviskra inn bak versa.

I den siste låta, «Ruins of a lost memory», ligg vokalen så langt bak i lydbiletet at det nesten er umogleg å høyre teksta. Men så blir den melankolske melodien tona ut, og historia om eg-karakteren og den andre karakteren, Jakov, får ein tydeleg slutt.

Det er som å vakne, samtidig som draumen fortsett å utspele seg.

Arkitekt over eiget univers

Den mørke teknopopen som Sassy 009 har røtene sine i, er mykje meir typisk for Tyskland og England enn for Noreg.

Men ho kombinerer sjangeren med ein veldig skandinavisk pop – meir bestemt naken, roleg og emosjonelt lågmælt type soveromspop som vi finn igjen i til dømes Astrid Sonne og Jouska.

Uttrykket som allereie er så assosiert med jenterommet, knyter seg tematisk perfekt inn i det drøymande albumet.

Sassy 009 har klart å strippe ned musikken sin og likevel ende opp med så mykje meir enn før. Frå å vere ein spanande artist, er ho no også arkitekt over sitt eiget univers.

Konseptalbumet «Dreamer+» er musikalsk søkande, men viser samstundes at artisten bak har meir kontroll, kreativ retning og gjennomføringsevne enn nokon gong.

Vi skal ikkje sjå bort ifrå Sassy 009 tek over for Smerz som Noreg sitt bidrag til internasjonale albumtopplistar i 2026.

Publisert 15.01.2026, kl. 12.46 Oppdatert 15.01.2026, kl. 12.56

Read Entire Article