Leiteaksjon i Fitjar etter funn av førarlaus båt

2 months ago 14


Båten stod stod inn mot land, opplyser vakthavande redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Owe Frøland, til NRK.

– Basert på observasjonar og undersøkingar har me ein mistanke om at båten kan ha gått på med maskinkraft. Me jobbar med å få tak i mogleg eigar eller personar som har brukt båten. Me veit ikkje kven eller kor mange som kan vere involvert.

– Parallelt har me sett i verk sjøsøk med båtressursar og organiserer frivillig mannskap for søk i strandsoner. I tillegg driv luftressursar med søk i både land- og sjøområde.

Hovedredningssentralen blei varsla klokka 10.40, ifølge Frøland.

Store ressursar blir tatt i bruk i leiteaksjonen.

HRS får bistand frå blant anna alle naudetatane, Kystvakta, SAR Queen-helikopter frå HRS, ambulansebåt og frivillige.

Publisert 08.09.2024, kl. 14.57

Read Entire Article