Kommuneskilt dukka opp på fjelltopp: – Heilt lekkert

1 week ago 10


«Saknar du skiltet ditt, Bernt Brandal? Du finn det på Hasundhornet.»

Dette innlegget blei lagt ut på ei Facebook, saman med eit bilde av skiltet til Hareid kommune. Det låg plassert på ein fjelltopp i nabokommunen, 533 meter over havet.

Dermed måtte ordførar Brandal ta beina fatt. Og det med godt humør.

– Det var kjempekjekt. Ein må nytte ei kvar anledning til å kunne få seg ein fjelltur i arbeidstida.

Skiltet til Hareid kommune ligg plassert opp mot varden på toppen av Hasundhornet i Ulstein. Det er tjukk skodde, og ingen utsikt.

Her låg skiltet til Hareid kommune plassert.

Foto: Peter Brandal

Det var lokalavisa Vikebladet som først skreiv om saka.

– Heilt lekkert

Med litt hjelp frå sonen sin fekk ordføraren omsider skiltet ned frå fjellet og det ligg no trygt plassert på rådhuset, inntil vidare.

– Eg blei veldig glad når han kom, for eg bar det litt oppå hovudet og litt på sida. Det var ikkje så tungt, men det var litt uveide (red.anm: vanskeleg) å handtere.

Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, på toppen av Hasundhornet med Hareid kommune sitt skilt i hendene. Det er tjukk skodde og ingen utsikt.

Det var ikkje berre berre å få skiltet ned frå fjellet, seier ordførar Bernt Brandal.

Foto: Peter Brandal

Stort sett kvart år, omtrent på denne tida, brukar det å skje ting med skilta i området Hareid og Ulstein.

Brandal har aldri opplevd at sjølve kommuneskiltet har hamna på toppen av eit fjell, men allereie før mai var nokre andre skilt i kommunen bytta om.

På spørsmål om kven han trur kan stå bak fantestrekane, er han ganske sikker.

– Eg synest det er ein flott spøk, og eg tippar det er russen som står bak. Men det er heilt lekkert.

Fleire skilt på avvegar

Og det er ikkje berre Hareid sitt skilt som har vore sakna dei siste dagane.

Ulstein sitt kommuneskilt er også vekk, og det har framleis ikkje kome til rette. Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide, seier han ikkje har hatt tid til å leite så mykje endå.

Eg forstår ikkje at Brandal har så mykje tid til å verken sitte på Facebook eller gå på fjellet i arbeidstida, for her har vi fullt opp med jobb å gjere.

Men han har ein mistanke om kvar det kan vere.

Stian Skorgen Scheide
Ordførar Ulstein Høgre

Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide.

Foto: Høgre

Sidan hareidskiltet var på Hasundhornet har eg ein mistanke om at Ulstein sitt skilt kan vere på Melshornet. Så då kan det bli ein litt lengre tur på meg, seier Skorgen Scheide.

Melshornet med sine 668 meter over havet har blitt beskrive som kongen av Hareidsfjella.

Og at ulsteinordføraren lever i uvissa, er det ein som morar seg med.

– Det er veldig artig når Ulstein ikkje har funne sitt skilt endå. Det er ekstra kjekt, humrar hareidsordførar Brandal.

Du meiner du veit kvar Ulstein sitt skilt er. Vil du røpe kvar?

– Nei, nei, nei, nei, nei. Då er jo heile moroa vekk.

Brandal har også fått ei melding om at skiltet til bygda Hjørungavåg skal vere vekk. Så også han har eit skilt han framleis må leite litt etter.

Hareid skilt

NRK har fått eit bilde av skiltet på toppen av fjellet på nattetid. Det er uvisst kven som har teke bildet.

Foto: Privat

Russepresident på Ulstein vidaregåande skule, Andrea Skaar Berg, kan bekrefte at russen kan ha hatt noko å gjere med skiltet som dukka opp på Hasundhornet.

– Men Ulstein sitt skilt er jo framleis på villspor. Forhåpentlegvis dukkar det opp på eit fjell i Hareid. Men eg det veit eg førebels ikkje noko om.

Publisert 08.05.2024, kl. 19.57

Read Entire Article