Kjendisinvestor saksøkte hotelleigar – nå har dommen komme

2 weeks ago 10


Det var 5. oktober det vart kjent at kjendisinvestoren og tidlegare Petter Stordalen-partnar, Magnus Rønningen, hadde gått til søksmål mot tidlegare hotelleigar. Rønningen har dei siste par åra kjøpt opp store deler av bygda med rundt 1500 innbyggjarar.

Blant anna, hotellet midt i Vågåmo sentrum.

Bakgrunnen for søksmålet er at han meiner at seljaren heldt tilbake opplysningar ved salet og saksøkte den tidlegare eigaren, Suat Catalgøl, for 13 millionar kroner. Ifølgje Rønningen vart det avdekka etter overtaking at ni av hotellets 58 hotellrom ikkje tilfredsstiller forskriftsmessige krav til branntryggleik.

Dommen fra Vestre Innlandet tingrett fastslår at Sudacat AS må betale 4,5 millioner kroner til Niche Holding AS og Vågå Nasjonalpark Holding AS. Sudacat AS må i tillegg betale 488.822 i saksomkostninger.

Møttest i retten

Den tidlegare hotelleigarens selskap, Sudacat AS, nekta for påstandane i retten og viste til at selskapet og hotellet fram til overtaking var drevet og haldt ved like på ein forsvarleg måte.

Rønningen-rettsak

Suat Catalgøl (t.h) meiner at han ikkje heldt tilbake opplysningar i salet. Her i tingretten i oktober med advokaten sin, Elias Christensen frå advokatfirmaet Andenæs.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ifølge dei har det i Suat Catalgøl si eigartid ikkje vore treft verken vedtak eller varsel om bruksforbod for dei aktuelle romma.

Meinte han gav alle opplysningar

Magnus Rønningen, via sine selskap, meiner at seljar har forsettleg eller grovt aktlaust heldt tilbake opplysningar ved salet. Dermed meiner dei at dette er brot på garantiar i aksjekjøpsavtale.

Dette nektar Suat Catalgøl for og han meiner at han har gjeve alle tilgjengelege opplysningar som leidde fram til kjøpet, ifølge sluttinnlegget til tingretten.

Magnus Rønningen inne på hotellet i Vågå.

Magnus Rønningen har brukt mange millionar kroner på å ruste opp Villa Vågå hotell.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Saka oppdaterast

Publisert 07.11.2024, kl. 22.05 Oppdatert 07.11.2024, kl. 22.09

Read Entire Article