Kina svarar USA med høgare straffetoll

4 hours ago 3


Canada og Mexico fekk sleppe. Men tysdag morgon har president Donald Trump innført straffetollen han varsla mot Kina.

Denne var mykje lågare enn dei 60 prosenten han lovde under valkampen. Men det har framleis brakt tilbake handelskrigen mellom verdas to største økonomiar.

Det kinesiske finansdepartementet har kritisert den amerikanske presidenten for å «alvorleg bryte med reglane til Verdas handelsorganisasjon».

No er svaret klart: Kina innfører 10 prosent tilleggstoll på amerikansk råolje, gardsutstyr, store motorkøyretøy og pickup-lastebilar, ifølge Reuters.

For den amerikanske naturgass og kolindustrien svir det endå meir. Kina innfører 15 prosent tilleggstoll på desse.

I tillegg innfører Kina eksportkontroll på ei rekke viktige metall og produkt derav: tungsten, tellurium, ruthenium, molybdenum og ruthenium.

Publisert 04.02.2025, kl. 06.44 Oppdatert 04.02.2025, kl. 06.48

Read Entire Article