Minst 15 personar til sjukehus i Odda etter at dei måndag fekk i seg svoveldioksid

3 hours ago 3


Ei politipatrulje er på plass hos Boliden i Odda ved 10-tida tysdag. Det er uvisst om personane har vore til undersøking eller om dei er lagde inn på sjukehus.

Operasjonsleiar Ole Ronny Olsen hos Vest politidistrikt seier til NRK at det førebels er uvisst kva som har skjedd. Skadeomfanget er heller ikkje kjent.

Det var Bergens Tidende som omtala saka først.

Politiet er no på staden for å samtale med representantar frå verksemda og industrivernet i håp om å få klarlagt hendinga.

– Det driv vi og undersøkjer no, seier han.

Boliden Odda AS produserer metallisk sink på Eitrheimsneset i Odda. Fabrikken produserer også svovelsyre og ulike sinklegeringar for spesialbruk.

følgje operasjonsleiaren skal det ikkje vere noko trussel for befolkninga generelt i Odda.

– Veit de noko om korleis lekkasjen oppstod?

– Nei, per no har vi ingen opplysningar om det. Vi er som sagt framme på staden og har dialog. Eg har ikkje fått noko tilbakemelding på noko om hendingsforlaupet per no. Det må vi komme tilbake til seinare.

Publisert 04.02.2025, kl. 10.21 Oppdatert 04.02.2025, kl. 10.37

Read Entire Article