Når «Edvard Munch – Portrett» no blir vist på Kunstsilo i Kristiansand, er det første gong på over 30 år at eit museum lagar ei større utstilling med fokus på denne verksgruppa.
Vi har jamleg sett portrettkunsten hans som ein del av faste og temporære utstillingar, på blant anna Nasjonalmuseet og Munchmuseet. Men det var jammen på tide at nokon gjorde dette til hovudtema for ei heil utstilling!
Utstillinga er kuratert av National Portrait Gallery i London, tilrettelagd og (re)produsert for Kunstsilo.
Her er det beherska og eminent koloristisk. For det meste valørar i grønt og raudt, spente opp mot den gylne ansiktsfargen, med det spinkle slipset som eit enkeltståande blått element. Skildringa av han sjølv er også gripande her: Ein merkar brytninga mellom noko sårbart og motlaust i kamp mot ei viss sjølvbevisstheit. Det er som møtet mellom eit indre og eit ytre bilde av han sjølv. Hatten sit ikkje så godt på hovudet som dressen sit på kroppen.
Foto: MunchmuseetHer er igjen overkroppen måla rett på, mens underkroppen blir litt betrakta ovanfrå. Her har han med vilje skapt to horisontar, og det gir dynamikk til komposisjonen. Det er eit vakkert komplementært fargespel mellom blåtonane i dressen, og golvet og det gule veggteppet i bakgrunnen. Den kroppslege haldninga er flott og sjølvbevisst. Det teikneriske uttrykket er prega av elegante bølgelinjer i jugendstilen i den tida.
Foto: KODE Kunstmuseum
Store forventningar
I 1994, då Munchmuseet hadde den førre store mønstringa, gjekk eg på vidaregåande. Eg hugsar svært godt at eg besøkte utstillinga på Tøyen saman med mormora mi. Opplevinga var skilsettande.
Minnet mitt om vandringa i Munchmuseet blant dei ulike sterke personskildringane bidrog til at forventningane var høge på toget til Kristiansand.
Der eg går frå sal til sal på Kunstsilo, tenker eg at det ikkje er utan grunn at Munch i dag blir rekna som ein av dei aller fremste portrettmålarane i den moderne europeiske kunsthistoria.
Kva er det eigentleg Munch gjer som gir desse bilda ei så spesiell nerve og nærvær?
I rommet med personen
Eg stoppar opp ved det monumentale portrettet av hans nære venn Kjell Jensen-Hjell frå 1885.
«Karl Jensen-Hjell» (1885). Olje på lerret. Dette er eit flott og berømt portrett. Her ser vi ei beherska fargehaldning med bruk av få valørar, og ein fin diagonalkomposisjon.
Foto: MunchmuseetI ein beherska koloritt målar han denne sjølvbevisste unge mannen i heilfigur ikledd snippkjole med lorgnett, og med spaserstokk.
Her har han rissa opp ein ganske elegant diagonalkomposisjon: Ytterkanten til ansiktet teiknar ei linje som fortset ned gjennom stokken. Den mørkeblå dressen har islett av sjøgrønt, som blir stemt mot den gylne ansiktsfargen.
Bakgrunnen er levande og sanseleg måla. Her har han openbert skrapa bort måling for å gi måleriet stofflegheit.
Som ofte i heilfigurportretta sine jobbar Munch nesten på kubistisk maner, med fleire horisontinjer innanfor same motiv. Likt det staselege portrettet av den tyske industrimagnaten og forfattaren Walther Rathenau frå 1907, ser vi han portrettert framanfrå, og underkroppen hans litt ovanfrå.
Akkurat som vi sjølv i røynda flyttar blikket når vi ser på ein person på nært hald, skaper Munch med dette grepet ei oppleving av at vi som betraktarar er i rommet saman med personen.
Dette bidrar utvilsamt til den levande kjensla av nærvær i desse skildringane.
Er Munch uansett terningkast seks?
Kunstsilo viser mange berømte verk, som det ikoniske og verkeleg framifrå portrettet av Hans Jæger frå 1889.
Samtidig løfter dei fram mindre kjente verk, eit eksempel er bildet av Elisabeth F. Nietzsche, søster til den store tyske filosofen. Her er det eit spennande, jugendinspirert linjespel og ein herleg komplementær koloritt.
Hans Jæger (til venstre) er meisterportrettet. Heilt fantastisk. Her trur vi verkeleg på tyngda i armen som lener seg på det vakre sofalenet, og på kroppen innanfor kleda. Det er så bra! Portrettet av Elisabeth Förster-Nietzsche (til høgre) er verkeleg jugendinspirert formgiving. Sjå korleis Munch har modulert bakgrunnen og skapt ei slags skyform eller aura rundt henne. Her har han vigd meir merksemd mot hendene. Det lyse partiet på venstre overarm blir ståande som ein litt fristilt og rar figur som ikkje føyer seg inn i kjolen. Det er ein veldig fin kolorisme i dette bildet med den gule bakgrunnen og den fiolette kjolen. Han hentar også lillavalørar inn i skuggane i ansiktet. Den mørke kysa avsluttar hovudet på ein fin måte. Utan den ville hovudet gått litt i eitt med bakgrunnen.
På veg ut av Kunstsilo tenker eg på eit spørsmål ein lesar ein gong sende meg på e-post.
Det lydde omtrent som følger: Er det i det heile tatt mogleg å lage ei dårleg utstilling med ein kanonisert verdskunstnar som Edvard Munch? Eller er ei slik utstilling førehandsgarantert ei strålande melding og eit høgt terningkast?
Spørsmålet er interessant, og svaret er samansett.
Heilt dårleg vil det vel sjeldan bli, men også Munch har faktisk skapt sin del svake verk, så det er jo alltids eit spørsmål om utval. Som meldar er det jo heller ikkje eigentleg Munch eg skal vurdere: Vi er alle einige om at han er ein framifrå kunstnar.
Dei har valt ganske kraftige veggfargar i utstillinga. Både svartfargen og blåfargen kan eg leve med. Blåfargen er kraftig ultramarin, men djup nok til at han legg seg som ein rein bakgrunn og ikkje blandar seg inn i måleria.
Foto: Tor Simen Ulstein / KunstsiloDen raude veggfargen er litt meir problematisk. Det er grunn til å spørje om det er eit så godt fargeval. Der blåfargen trekker seg tilbake og blir bakgrunn, trenger det raude seg fram visuelt, og står i fare for å ta fokus og å blande seg inn i opplevinga av bilda.
Foto: Tor Simen Ulstein / KunstsiloDei har som skrifttype valt ein i utgangspunktet klassisk Sans Serif, men dei har forandra dei konvensjonelle rundboga inneformene til å vere firkanta. Dette kan vere eit godt grep fordi det gir karakter til ordbilda. Det som kanskje ikkje er så sympatisk, er at om du myser på M-en, N-en, V-en og A-en, blir inneformene litt tronge, noko som gjer at ordbildet blir lysare (sidan det her er negativ skrift, kvitt på mørkt).
Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstsilo
Så i møte med ei slik utstilling er det særleg innsatsen til kuratoren som er under lupa. Korleis er utvalet? Kva er vinklinga? Lærer vi noko nytt, og så vidare.
Og vi kan jo til slutt sjå litt på akkurat desse spørsmåla.
Trygg og opptrakka trasé
Eg vil seie at utvalet i det store og heile er ganske flott og representativt, sjølv om Kunstsilo har inkludert eitt og anna svakt verk som portrettet «Inger i kvit bluse», eller det store portrettet av August Strindberg.
«Inger i hvit bluse» (1891). Dette er eit bilde som ikkje så ofte har vore vist. Og det er det openberre grunnar til. Her er det overraskande teikneriske svakheiter. Høgrearmen som ligg bak ryggen hennar, ser ut som om den er amputert med eit oppknytt erme, men ein slik arm hadde ikkje Inger. Bakgrunnen er også underleg måla, med merkelege planforskjellar. Grasbakken vippar blant anna opp og sluker huset med raudt tak. Det vi ser innanfor det kvite gjerdet til venstre, er også merkeleg. Og den mørke veggen (eller kva det no er) på høgre sida går i eitt med hatten, så her oppstår den formmessige kollapsen. Munch har laga så mange framifrå portrett at det er unødvendig å ta med eit så svakt som dette. Det kan godt få lov til å henge i magasinet i Munchmuseet.
Foto: Munchmuseet«Portrett av August Strindberg» (1892). Dette er ikkje eit fullt så strålande portrett. Her er det også nokre overraskande svake sider ved formgivinga. Armen ligg for eksempel ikkje på nokon truverdig måte på sofakanten eller puta eller kva det er for noko. Den heng liksom i lufta. Handa er meir som ein vott enn eigentleg ei hand. Den andre handa er skjult i lomma. Hender gir jo ein rikdom til eit portrett når dei er måla godt, og Munch veit jo korleis han skal gjere det. Her verkar det som om han har vilja spare tid. Underkroppen er også utelaten. Det er ikkje dårleg. Dette er jo Munch, men vi forstår kvifor det alltid er Hans Jæger-portrettet og ikkje dette som blir framheva når vi snakkar Munchs bohem-portrett.
Foto: Moderna Museet«Lucien Dedichen og Jappe Nilssen» (1925-26). Dette er eit flott og rart dobbeltportrett. Veldig rare forhold i rombeskrivinga. Malt i ulike omgangar. Desse har ikkje sete i same rom. Han som står, er studert for seg. Ved beina blir det antyda at det er kort avstand mellom dei. Det er nok avstand til han som sit i forhold til størrelsen. Det er jo Munch. Dette er for spisst rom, veggane krenger og golvet går oppover. Dette har han berre ikkje fokusert på.
Foto: Munchmuseet«Dobbeltportrett» (1918). Dette er også verkeleg godt. Klar diagonalkomposisjon. Her går det ei linje frå øvst til venstre gjennom profilen. Og skuggelegging skaper ein motdiagonal i ein elegant krysskomposisjon. Dette er måleri. Her handlar det om fargar, flater og linjer. Sjølv om det ikkje er så vektlagd modellering eller formforklaring, så går ikkje heilskapen sund. Dette er strålande.
Grafikk: Munchmuseet
Men når det gjeld spørsmålet om vinkling, og om ny kunnskap om Munch, er vel denne utstillinga verken veldig dristig eller nyskapande. Her må vi kunne seie at dei går langs ein ganske trygg og opptrakka trasé.
Det er lett å kvile på Munchs eigne laurbær, og det er det Kunstsilo litt gjer her. Kanskje handlar det om at utstillinga er kuratert for eit publikum som ikkje kjenner dette kunstnarskapet så godt frå før.
Det krevst kanskje litt meir når Munch skal presenterast på heimebane.
Denne vesle innvendinga forandrar likevel ikkje det faktum at eg opplevde det som heilt makelaust igjen å kunne vandre omkring i Munchs rike verd av ulike skikkelsar og karakterar!
Det er ei oppleving eg unner andre å få med seg.
Fleire bilete frå utstillinga:
«Stéphane Mallarmé» (1897). Litografiet kan stundom bli litt dødt. Om ein tettar alle porer i steinen, blir det nesten som når du lèt ei datamaskin fylle ut fargen i ei digital teikning. Men Munch var bevisst eller intuitivt veldig merksam på akkurat dette. Det er ikkje på noko tidspunkt ei død flate nokon stad; ingenting er tetta heilt igjen. Det er fantastisk levande. Ein kjenner seg henta inn i prosessen hans. Sjå på forskjellen i blikket. Slik Picasso likte å vise det med kraftigare midlar, ser vi også her eit auge som stirer innover og eit som stirer utover. Auget til venstre i bildet er mandelforma og mørklagt. Det på høgre side er rundare og opnare, og med ein refleks på augeeplet. Dette er MUNCH!
Grafikk: Munchmuseet«Aase og Harald Nørregaard» (1899). Dette er eit praktfullt dobbeltportrett. Det skaper ein så verknadsfull kontrast at ho er avbilda en face, mens han er måla i profil. Munch gir henne ein klar forrang i det visuelle hierarkiet. Ansiktet hennar er måla meir intenst, og står i klarare kontrast til bakgrunnen. Dei to er nok måla i to operasjonar. Det er ingen stor kommunikasjon mellom ektefellane. Kanskje har det vore eit poeng for Munch å få fram. Kanskje ville han på denne måten seie noko om dei to personlegdommane, eller kanskje var han berre meir opptatt av henne. Dette er uansett kjempegodt.
Foto: Architecture and Design National Museum of Art«Elsa Glaser» (Munch i meir fargeglad versjon. Hovudet er veldig fint, og det er eit veldig flott anslag til eit portrett. Men formgivinga er ikkje så sterk. Han har for eksempel utelate handa til venstre i bildet. På høgre side i bildet manglar ho både underarm og hand. Om vi er velvillige (og det er vi jo til Munch), så kan vi tolke det som at det grøne, kva det nå enn er, skjuler delar av armen hennar. Det verkar nok som Munch ikkje har gjort dette heilt ferdig. Koloristisk er dette veldig vakkert.
Grafikk: Munchmuseet
Publisert 24.02.2026, kl. 11.17












English (US)