Sirkusfaktoren er høg på Det Norske Teatret i Oslo denne våren. Ved inngangen har bystene av Aasen, Garborg og Braaten fått på seg kledelege Pippi-parykkar.
Eit leikent hint om kva som ventar alle dei Pippi-elskande barna som spring oppetter trappene mot hovudscenen.
Alt før ein kjem inn i salen, kan ein høyra munter sirkusmusikk, og på scena står ein lur sirkusarbeidar (Tord Kinge) og gjer ei rekke morosame trylletriks.
Forteljinga om Pippi på sirkus utgjer eitt kapittel på fire små sider i Astrid Lindgren si bok «Pippi Langstrømpe». Svenske Björn Ulvaeus, han frå Abba, står bak musikk og songtekstar, og saman med Maria Blom har han og skrive manuset.
I sentrum for framsyninga står altså ein svensk popkjempe, nysirkus-nummer og ei svært folkekjær jente med raude fletter og frekner. Kan det bli betre?
Ja – det kan det.
HØGE LØFT: Sterke-Adolf (Axel Ahl) må sjølvsagt til pers, og Pippi (Natalie Bjerke Roland) viser at ho framleis er verdas sterkaste jente.
Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret / Det norske teatretAnstrengt og slapt
Frå starten er det noko som skurrar. Kor er krafta i humoren som plar følgja dei to surrete politikonstablane Kling (Paul-Ottar Haga) og Klang (Rafid Arsalan Islam)?
Alt frå starten verkar slapsticken så planlagt, så seig.
LOVAS LANGE ARM: Paul Ottar Haga (til venstre) som Kling og Tord Kinge som Pierre.
Foto: Siren Høyland Sæter / Det norske teateretSamstundes er dei koreograferte allsong-delane i starten avslørande: Ikkje alle artistane kan teksten, og dei mumlesyng litt innimellom samstundes som dei kikar seg over skuldra for å sjå at dei er på rett plass i dansen. Har dei ikkje øvd nok? Uttrykket blir i alle fall både anstrengt og slapt.
God Pippi
Historia handlar om Pippi, som dreg på sirkus saman med vennene Tommy og Annika. I staden for å sitta å sjå på, bryt ho inn i kvart einaste nummer og er ei skikkeleg urokråke. Sirkusdirektøren vert oppgitt, men ikkje så veldig sur. Heile historia er bygd rundt sirkusnummera, og dei er spektakulære. Når tempoet i framsyninga innimellom vert tatt litt ned, skapar nysirkuset poetiske lommer.
Teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl fortel.
Samstundes er historia i «Pippi på sirkus» syltynn.
Få karakterar er bygde ut, verken Kling, Klang eller fru Prysselius (kvifor er ho der i det heile, eigentleg?) har noko særleg å spela på. Det har ikkje Pippi heller. Først halvvegs ut i den knapt halvannan time lange framsyninga kjem den kloke og underfundige sida ved Pippi fram.
Det seier noko om dei sterke kvalitetane til Natalie Bjerke Roland når ho på svært tynt grunnlag klarar å få fram ei elskeleg og vilter Pippi frå dette materialet.
HOVUDROLLA: Natalie Bjerke Roland gjer ein solid jobb som Pippi, uttrykksfull og spelopp-glad. Og det sjølv om ho har lite i manus å spela på. Her i ein ettertenksam augneblink.
Foto: Hoyland Saeter Det Norske Teatret / NTBDrag-pudlar i svev
Det går fort, det er fargerikt, og det er spanande når det er halsbrekkande. Men det er og vanskeleg å følga med på. Dei fleste songtekstane er vanskelege å få med seg, i tillegg har dei vanskelege ord som går rakt over hovudet på ein treåring.
Framsyninga er driven av effektar og underhaldning: Her skal alle smila, og alle skal fly.
Men effektane og sirkusnummera får ikkje til å fortelja historia eller driva ho framover. Logikken i framsyninga er til tider rar – som når Pippi si veske med gullmyntar vert stolen, og dei hentar fram ei maistong når dei skal finna ut av kva dei skal gjera no. Like raskt som stanga kom inn, vert ho boren ut att.
AKROBATIKK: Det er grasiøst, mjukt og særs imponerande når artistane Max Olsson og Lukas Ivanow gjer sine poetiske hopp-nummer. Her i puddel-variant.
Foto: Det Norske TeatretIkkje all moroa gjev meining i framsyninga, og nokre av verkemidla vert snart oppbrukte (til dømes flyginga).
Samstundes er det òg mykje bra her, bandet er til dømes drivande og godt.
Når artistane får vera artistar, er det spektakulært (min favoritt er drag-puddel-nummeret, det består av poetiske svev i herleg rosa innpakning). Når sirkusstjernene går på line og gjer akrobatikk og det ikkje hender noko anna samstundes, så er det verkeleg fint.
Likevel: Det er noko hult her. Figuren Pippi kjem ikkje til sin rett. Astrid Lindgren hadde fortent betre.
Publisert 22.04.2026, kl. 19.56
















English (US)