Jakub vurderer å flytte heim til Polen: – Kronekursen er veldig belastande

1 month ago 29


– Eg har ikkje kjøpt leilegheit. Eg leiger. Eg bur aleine og slik vil det bli dei neste åra fordi eg tenker å flytte heim til Polen, seier Jakub Kaczmarek.

Jakub arbeider som elektrikar i Sandnes, og er ikkje aleine om å legge flytteplanar heim til Polen.

I vår var det rundt 100.000 polske lønstakarar i Noreg. Det er 5000 mindre enn på sommaren i fjor.

I løpet av første kvartal i år har 700 polakkar forlate landet, ifølge tal frå SSB. Kor mange av disse som er arbeidstakarar er uvisst.

Viss trenden held fram vil arbeidsflukta i år overgå fjorårets.

Svak kronekurs får deler av skulda. Dei siste ti åra har krona svekka seg mot både dollar, euro og polske zloty.

I 2014 kosta ein zloty 1,9 norske kroner. Ti år seinare kostar han 2,8 norske kroner. Det betyr at polske arbeidsinnvandrarar som arbeider i Noreg har fått svekka kjøpekraft i heimlandet.

Polakk

Jakub Kaczmarek jobbar som elektrikar i Sandnes. Nå vurderer han å flytte heim til Polen. Det blir for dyrt å bu i Noreg.

Foto: Jakub Krzsystof Spadlo / NRK

Største gruppa arbeidsinnvandrarar

– Eg pleidde å pendle før, og eg kan med sikkerheit seie at det er for dyrt for pendlarar å leve sånn, seier Lukasz Marszalek.

Marszalek er leiar for INorge, ein organisasjon for det polske miljøet i Stavanger-regionen.

– Vedlikehaldskostnadane har vekse og krona er svakare. Pendlarar merkar skilnaden på valutaene, held han fram.

Lukasz Marszalek

Lukasz Marszalek er leiar for i Noreg. Det er godt over 100.000 polakkar i Noreg i dag.

Foto: Jakub Krzsystof Spadlo / NRK

Polakkar er den største arbeidsinnvandringsgruppa i Noreg. Ifølge tal frå SSB er det rett under 110.000 polakkar i Noreg.

Norsk næringsliv er avhengige av denne arbeidskraft, seier NHO.

Dårleg nytt for bedriftene i Noreg

Tone Grindland er regiondirektør i NHO Rogaland. Ho seier det har vore ein trend no i nokre år der fleire utanlandsfødde arbeidstakarar flyttar tilbake til sine heimland.

– Kronekursen er ein del av årsaka til at fleire vel å flytte heim og arbeide i eige heimland, og det er fordi ein tener mindre i Noreg no enn det ein gjorde før, seier ho.

Tone Grindland

Tone Grindland er regiondirektør i NHO Rogaland. Ho seier kronekursen er ein grunn til at fleire flytter heim frå Noreg.

Foto: Tom Haga / NHO Rogaland

Samtidig gjer endringar i innleigereglar det vanskelegare for utanlandsfødde å arbeide i Noreg.

– Det er mindre fleksibilitet i arbeidsforholdet, seier Grindland.

I Noreg er det stor kompetansemangel i bedrifter. Dermed meiner ho det er dårleg nytt at arbeidarar føler de må flytte frå landet.

– Bedriftene seier tydeleg til oss i NHO at dei treng fleire folk, og meir kompetanse. Det er mange oppgåver som vil stå uløyste, seier ho.

Den polske elektrikaren i Sandnes seier det er umogleg å ikkje legge merke til at den norske krona er svak.

– Fleirtalet av polakkar som jobbar i Noreg skal støtte familie og betale for hus. Derfor er dette veldig belastande, seier han.

Publisert 26.07.2024, kl. 20.48

Read Entire Article