Kan film gjere verda til ein betre stad?
Eg er filmkritikar, så eg vil jo så klart tru på det. Det vil nok folka bak «I Swear» også.
Filmen følgjer John Davidson, det skotske ansiktet til Tourettes syndrom, spelt av skodespelar Robert Aramayo. Vi får sjå Davidsons veg frå ei ungdomstid prega av utanforskap til å ha status som talsperson for tilstanden.
Det blir det både tårer og latter av i ein av dei varmaste filmane så langt i år.
Vil lære bort
For meg, som ikkje har personleg kjennskap til Tourettes, blei dette ein lærerik kinotur. «I Swear» er ein film som veldig tydeleg ønskjer å opplyse, og det kan kanskje bli litt platt som underhaldning om ein sjølv har erfaring med syndromet.
HJELPANDE HAND: John (Robert Aramayo) blir tatt inn i varmen av Dottie (Maxine Peake).
Foto: Graeme Hunter / Ymer mediaVENAR: Dottie er tidlegare psykiatrisk sjukepleiar, og døyande.
Foto: Graeme Hunter / Ymer Media
Med det sagt, så trur eg oppdraget er på sin plass, og det er tydeleg om ein les korleis Davidson snakkar om filmen. Eg følte heller aldri at eg sat på skulebenken: Dette er historia om eit liv, kokt ned til krafta av lærdommen ein kan hente frå det.
JOHN OG JOHN: Robert Aramayo saman med verkelegheitas John Davidson (t.v.) og Dottie Achenbach under årets Bafta-utdeling.
Foto: Reuters«I Swear» bryt ikkje nokon ny grunn når det kjem til den biografiske spelefilmen, men det treng han heller ikkje. Produksjonsmessig ser og høyrest alt bra ut, utan at noko set veldige spor.
Fine folk
Styrken ligg i det mellommenneskelege, og i å sjå John, perfekt utfylt av skodespelet til Aramayo, sakte men sikkert bli meir komfortabel med seg sjølv. Det hadde han ikkje greidd utan gode folk rundt seg.
DEN NYE KVARDAGEN: John gjer det til sitt livsoppdrag å auke kompetansen om Tourettes, her som føredragshaldar.
Foto: Graeme Hunter / Ymer MediaKreftsjuke Dottie (Maxine Peake), ein tidlegare psykiatrisk sjukepleiar og mor til ein skulekamerat, slepp John inn i livet sitt, trass i at ho berre har månadar igjen å leve.
Forholdet mellom dei to er nesten for perfekt i kor utruleg sjarmerande det er.
Hennar hjelp gir John nye perspektiv og moglegheita til å ta livet i eigne hender, sjølv om det er skremmande å bevege seg gjennom ei verd som alltid vil stille spørsmålsteikn ved han. Eit anna høgdepunkt er Peter Mullan som Tommy, den kulaste arbeidsgjevaren i verda.
SJEFEN SJØLV: Når Tommy (Peter Mullan) tilset John, er det enno ikkje klart kor viktige dei vil bli for kvarandre.
Foto: Graeme Hunter / Ymer MediaDesse folka, og augeblikka dei skapar rom for, blir lyspunkt i ei forteljing som også er prega av mykje smerte.
Spesielt forholdet mellom John og mora Heather (Shirley Henderson) beit seg fast i meg med uventa styrke.
Når John først begynner å få tics som femtenåring (då spelt av Scott Ellis Watson), er det vanskeleg for ho å ta det innover seg. I det ho forstår at det ikkje er tull, men noko han må leve med, utviklar det seg til eit altoppslukande behov for kontroll: Sonen må beskyttast frå seg sjølv.
KOMPLISERT: Forholdet mellom Heather (Shirley Henderson) og sonen John er «I Swear» på sitt beste og vondaste.
Foto: Graeme Hunter / Ymer MediaSamtidig er ikkje «I Swear» så blindt idealistisk at den ikkje tek utfordringane hennar på alvor, uavhengig av skaden ho gjer.
Den siste scenen mor og son deler, sit igjen i meg, sjølv no.
Ingen dans på roser
Det er ikkje noko glansbilde av Tourettes som vert skildra her. Det bør det heller ikkje vere. Uavhengig av intensjon sårar John folk, og det har konsekvensar ein ikkje berre kan trø over.
DET BLIR BETRE: Robert Aramayo er strålande i rolla som John.
Foto: Graeme Hunter / Ymer mediaDet å lære seg strategiar hjelp litt, men det er opplysningsarbeidet som verkeleg gjer ein forskjell.
Det er vanskeleg å skrive om «I Swear» utan å tenkje til hendinga under Bafta-utdelinga, kor Davidson hadde fleire tics og blant anna ropte ut eit rasistisk skjellsord mot to svarte skodespelarar frå salen.
Men debatten som det har skapt, belyser òg kvifor filmen finst: Ikkje fordi folk ikkje hadde rett til å føle seg såra, men fordi mangelen på kunnskap og kompetanse både hos enkeltindivid og institusjonar har blitt klinkande klar.
Publisert 06.03.2026, kl. 13.50
















English (US)