Videoar og bilde frå den største fangeutvekslinga mellom Russland og Vesten sidan den kalde krigen.
Publisert 01.08.2024, kl. 21.40 Oppdatert 01.08.2024, kl. 21.50
Torsdag kom det fram at fleire vestlege land har inngått ei historisk fangeutveksling med Russland.
16 menneskerettsaktivistar og journalistar blir bytta mot åtte russarar, kunne utanriksminister Espen Barth Eide kunngjere.
Blant desse er Mikhail Mikusjin, som er sikta for grov etterretningsverksemd mot statsløyndommar i Noreg.
Bytehandelen er koordinert av den tyrkiske tryggingstenesta (MIT).
Publisert 01.08.2024, kl. 21.40 Oppdatert 01.08.2024, kl. 21.50