«Heilsprøtt spel med kåte kattar»

5 days ago 12


Smak litt på namnet.

Mjaugenikk.

Det seier ein del om kva ein kan forvente i forhold til stemninga i dette spelet.

Pusekattar og galgenhumor går hand i hand med popkulturelle referansar, alt skildra i ein visuell stil som hadde passe rett inn tidleg på 2010-talet.

En tegneserieaktig scene med fire kattefigurer og tekst som lyder "Sir Cumference got it on with Izanami... and made two kittens!". En av figurene sitter, mens en annen ligger med munnen åpen. To mindre figurer står ved siden av. Bak dem ser man et bord, en stol og en klokke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

ER DEI IKKJE SØTE?: Mutasjonar og tvillingar er blant gledene med katteoppdrett i «Mewgenics».

Foto: Jenny Lund / Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Ein må kunne finne humor i mishandling av styggsøte animerte kattar for å verkeleg kose seg her.

Kva det seier om meg at eg gjer det, vil eg ikkje tenke på.

Todelt eventyr

«Mewgenics» er eit strategispel innanfor roguelite-sjangeren.

Her er kvart nye eventyr prega av tilfeldigheiter.

Kor god ein er til å tilpasse seg forholda og lage nye strategiar for kvar situasjon, er avgjerande for om kattane kjem sigrande heim eller blør ut på kampmarka.

Spillfigurer på et enormt sjakkbrett i et dataspill

RUTENETT: Strategidelen av «Mewgenics» kan minne om eit absurd brettspel.

Foto: Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Spelet blei annonsert av indiespel-auteur Edmund McMullen i 2012, men hamna i ein uheldig utviklingssyklus og blei til slutt avlyst.

Mange år seinare plukka McMullen og samarbeidspartnar Tyler Glaiel opp rettigheitene, og no, i 2026, får me endeleg sjå resultatet.

Ein kan dele spelet inn i to separate delar: Rundebasert strategi og uetisk katteoppdrettssimulator.

Video: Edmund McMillen / Tyler Glaiel

På den eine sida skal ein sende kattane ut på oppdrag.

Her kjempar dei i eit slags brettspelformat mot farlege fiendar, medan dei hentar heim ressursar som pengar og mat. Dess meir erfaring kattane tileignar seg, dess sterkare blir dei, og ein låser opp nye stadar og moglegheiter.

Illustrasjon av fire tegnede figurer i et nattlig landskap. En sort figur med store ører sier "I fear death still follows us". Over dem står teksten "Moki and the Misfits - Return Home". Illustrasjonen er i tegneseriestil. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Jenny Lund / Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Kvar katt er utstyrt med sine grunnferdigheiter, fordelt over ulike kategoriar.

Desse kan endrast på ved hjelp av eit klassesystem inspirert av klassiske rollespel som «Dungeons & Dragons».

Heime skal ein passe på kattane, blant anna ved å innreie huset. Samtidig er det her sjølve «mjaugenikken» kjem inn.

Bilde fra et spill som viser et hus med mange katter innendørs. Et grensesnitt til venstre viser statistikk og handlinger. Et skilt i bildet sier "END DAY". (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HEIMEKOSELEG: Heime må ein passe på kattane, men om natta skjer mykje rart.

Foto: Jenny Lund / Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Nettene er tida for krig og kjærleik kattane i mellom, og dersom ein er heldig fører dei sine beste gen – som angrep og andre eigenskapar – vidare, medan dei parar seg.

Ein kan berre sende kvar katt ut i kamp ein gong, så ein kjem ikkje utanom det tvilsame oppdrettet.

Video: Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Kattevald og absurd humor

Som strategispel er «Mewgenics» botnsolid, med eit nyansert og rikt system som held opplevinga fersk time etter time.

Å halde styr på ulike angrep, eigenskapar, utstyr og dei unike farane med kvar fiende kan vere overveldande – men når brikkene fell på plass er tilfredsstillinga enorm.

Likevel er det estetikken og stemninga over det heile som verkeleg får det til å skine, med handteikna animasjon og eit handlingsforløp som tek spelaren til stadig snålare stadar.

Spillfigurer som kjemper på et slags sjakkbrett i et dataspill

HERLEG KAOS: Ein må halde tunga rett i munnen for å komme seg gjennom bosskampane.

Foto: Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Eg må også gi ros til det godt gjennomførte ljodsporet, med irriterande fengande tekstar om tema som det å ete rotter og korleis kattar kan ta over verda om forskarar gir dei tomlar.

Etter meir enn seksti timar samla speletid, er eg berre ein brøkdel gjennom alt spelet har å by på.

Raskare går det nok for kyndigare strategar, men sjølv for dei beste finst det mangfaldige timar med nye ting å oppdage. Også når ein ikkje nødvendigvis får sjå noko nytt, er det såpass med variasjon og nyansar i syklusen at ingen rundar er heilt like.

Held klørne ute

Eg må innrømme at eg også har hatt ein del frustrerande augeblikk med «Mewgenics».

Tapar ein, mistar ein så godt som alt ein har samla opp, pluss kattane.

En oversikt over prestasjoner i et dataspill

STERKARE OG BETRE: Når kattane går opp i nivå, får ein eit tilfeldig utval moglege oppgraderingar.

Foto: Edmund McMillen / Tyler Glaiel

Denne fallhøgda trengst for å halde spenninga oppe, men kvar gong ein spesielt lovande runde endar i tap lurar eg på om det var verdt bryet – spesielt sidan kvart forsøk kan vare ganske lenge.

Er eg berre ein dårleg tapar? Godt mogleg, men då er det greitt at mine felles dårlege taparar er åtvara.

Likevel kan eg ikkje motstå å bli dratt inn igjen gong på gong. Kall meg ei gal kattedame om du vil, men eg kan ikkje anna enn å førestille meg at det er mange, mange timar igjen før «Mewgenics» er ferdig med meg.

Publisert 08.04.2026, kl. 10.43

Read Entire Article