Hans Marius planla å bli masse­drapsmann. Han starta med sin eigen far

1 month ago 48


Om nokre månader er 20-åra hans forbi. Barndomsvenner har tatt utdanning, skaffa seg jobb, fått barn.

Det er berre nokre veker sidan Hans Marius kjøpte sitt aller første brød.

Som 20-åring blei han dømt til fengsel på ubestemt tid. Han blei rekna som så farleg at han fekk den strengaste straffa ein kan få i Noreg.

Kontaktlista hans er full av namn du sikkert kjenner frå fæle avisoverskrifter.

Det han har gjort er opprørande. Dømte som han kan enda opp med å sitta i fengsel resten av livet.

Men målet er at Hans Marius skal endra seg. Først då får han koma ut.

Korleis skal han klara å bevisa det?

Tett bilde av Hans Marius med foldede hender i rettsalen

Når vanleg fengselsstraff ikkje er nok til å skjerma samfunnet frå dei farlegaste blant oss, dømmer me dei til forvaring.

Då blir dei sperra inne heilt til ein domstol slår fast at det er trygt å sleppa dei ut igjen.

I teorien kan dei bli sittande livet ut.

Bilde av Hans Marius ser ut av vinduet fra fengselscellen sin. Hans Marius har ryggen mot kamera

Kva er forvaring?

Forvaring er ei særskilt straffereaksjon i Noreg som vert nytta når ein lovbrytar vert vurdert som så farleg at vanleg fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg.

Forvaring har eit hovudfokus på å beskytte samfunnet mot personar som har stor fare for å gjenta alvorlege lovbrot.

I motsetnad til ordinær fengselsstraff, som har ei fastsett lengd, kan forvaring vare på ubestemt tid.

Stort bilde av Ila fengsel

Når kan ein forvaringsdømt sleppa ut?

Forvaring er det einaste middelet i det norske rettssystemet som kan føra til ei reell livstidsdom, sidan det ikkje finst ei øvre grense for varigheita.

Det blir fastsett ei tidsramme og ofte ei minstetid, og forvaringsdømte kan ikkje sleppast fri før minstetida er utløpt.

Bilde av Hans Marius på en underjordisk T-banestasjon i Oslo, Hans Marius har ryggen mot kamera

På kva grunnlag vurderer domstolen lauslating?

  • Risikovurderingar: Psykologar vurderer om den dømde framleis er farleg for samfunnet.
  • Fengselsobservasjonar: Rapportar om åtferd og deltaking i rehabilitering.
  • Dokumentasjon: Rapportar frå terapi og rehabiliteringsprogram viser om personen har vist positiv utvikling.
  • Tidlegare åtferd: Retten vurderer risikoen for tilbakefall.

Mannen som sit på benken i luftegarden på Kroksrud fengsel er tilsynelatande ein heilt vanleg fyr. Kvikk, energisk.

Ein sånn fyr som tar «handstand» fordi han kjedar seg. Humørspreiar og ein som viser initiativ, ifølge fengselstilsette som har følgt han i årevis.

Tett bilde av Hans Marius sittende på en benk i sommersolen utenfor Ila fengsel

Men også ein mann som i lang tid hadde lagt grufulle planar, og som forsøkte å drepa tre personar.

Ingen forstod at noko var i gjære. For familie og vener rundt han kom den redselsfulle laurdagen som lyn frå klar himmel.

– Når eg ser tilbake, så kan eg klara forstå kva som skjer med meg på det tidspunktet. Men det er veldig ekkelt å tenka på. Det er så langt unna den eg er i dag.

Lagde torturinstrument av farens verktøy

Hans Marius var ikkje rusa. Han var ikkje rekna som psykotisk. Han var kalkulert, og hadde planlagt det, står det i dommen.

Han hadde invitert vener på besøk ein kald januarkveld i 2014. På festen skulle han skjenka sine kompisar, før han skulle torturera og påføra mest mogleg skade.

Han hadde laga lister med namn, våpen og torturinstrument. Målet hans var å gå inn i historiebøkene som massedrapsmann.

Månadene i forkant hadde gått med til planlegging, innkjøp og skruing i farens verkstad i hagen.

Ingen rundt han mistenkte noko som helst.

– Eg er ikkje så god på å lyga, men eg er kanskje god på å skjula bestemte sider av meg.

Etter å ha levd ti år i eit høgsikkerheitsfengsel vel Hans Marius å opna opp om si historie.

Han er ein av dei forvaringsdømte som Leo Ajkic møter i NRK-serien «Leo og de farlige».

Hans Marius veit at han risikerer mykje med å stå fram.

Men han har tenkt uendeleg mykje på kvifor han hamna her. I dag ser han tilbake med skam, vantru og anger på det han gjorde. Han har forsøkt å forstå korleis han kunne bli så tiltrekt av det mørket som slukte han.

Difor ønsker han å åtvara andre unge. Mot å isolera seg, bygga murar og stenga andre ute.

– Eg har jo vore ein person som gjennom store deler av livet har gått rundt og bygd mange vegger og fasadar. For ikkje å vera synleg som heile meg.

– Ingen fekk kontakt. Dei prøvde, men dei klarte det ikkje. Og det handlar mykje om meg.

I tillegg vil han åtvara foreldre, som kanskje i det lengste håpar at «det går over» med sine barn. Det er ikkje alltid det gjer det.

– Det kom til eit punkt der eg ikkje klarte å sjå meg tilbake. Eg ville drepa, og gjera dei grufulle og bestialske tinga eg hadde sett andre menneske stå bak.

– Stiller du opp fordi du trur det kan tena saka di?

– Det er ingenting av det eg stiller opp på som set meg i noko godt lys. Eg står her med både gode og vonde sider, og viser mi historie, ganske nakent. Eg tenkte at det ikkje kunne gjera ting verre å vera open om det, og det kan kanskje hjelpa folk å sjå at det finst eit menneske bak «monsterstempelet».

I barndomen sleit Hans Marius med å finna seg til rette. Foreldra skilte lag, han flytta, bytta skule og det blei mange og sporadiske kameratskap.

Ein lenge ukjent ADHD-diagnose bidrog til at han sleit ut kameratane sine. Han mangla filter og kunne ofte sei «rare» ting, som gjorde venner usikre. Til tider blei han mobba. Dei vonde opplevingane gjorde han søkande etter noko som kunne hjelp han å forstå.

Det begynte med valdelege skrekkfilmar og bestialske teikningar. Vald fanga interessa hans. På barneskulen kopla foreldra på BUP-apparatet og diskuterte teikningane med skulen.

Men det berre eskalerte.

Nært bilde av Hans Marius som konsetrerer seg om å tegne

Tryggleiken familien trudde han hadde funne heime var ikkje der. Gjennom ungdomsåra skapte han den sjølv. I ei fantasiverd ingen hadde innsikt i.

Familien såg ein ung gut som strevde, som takla motgang og stress dårleg, men som såg ut til å klara seg.

Som liten var han godt likt, sprudlande og hadde så godt lag med barn. Han leika og tulla med veslebroren.

Då han ville byrja på kampsport, sa faren nei. Han ville ikkje at Hans Marius skulle hamna i eit uheldig miljø.

Videospel kom heller ikkje på tale.

Då tenåringen sleit med å følga reglane heime, fekk han berre endå fleire reglar. Han opplevde å mista meir og meir kontroll.

Alle nederlag i ungdomstida tok han med ned på guterommet i kjellaren.

Tapte vennskap og knuste kjærleiksforhold. Han takla ikkje overgangen til vaksenlivet. Han klarte ikkje å setta ord på det han følte, og snakka aldri med andre om raseriet som bobla.

I ettertid har han skjønt at han gjekk rundt som ein trykkokar.

Guterommet og datapulten i kjellaren blei ein arena han hadde kontroll på, i eit valdsunivers som vaks og vaks.

Hans Marius trur det han kjente på kan samanliknast med ein rusavhengig sin lengt etter stadig sterkare rus.

– Den dosen du starta med, er ikkje tilstrekkeleg for å føla det du følte den første gongen. For meg vaks fascinasjonen for skrik og skrekk, og blod og drap.

På eit tidspunkt begynte tenåringen å plassera seg sjølv inn i fantasiane.

Han las om massedrap og fantaserte om den makta noko så mørkt og grufullt kunne gje han. Makt over andre sine liv.

Rommet i kjellaren blei mørkare og mørkare.

– Eg oppdaga menneske som liksom separerte seg frå menneska gjennom bestialske handlingar. Og eg trur noko med det fekk hjarta mitt til å slå. Og eg trur den kjensla av at hjarta slo, var betre enn å føla at hjarta mitt ikkje slo i det heile.

Hausten 2013 starta han på barnehagelærarstudiet i Oslo. Han hadde ingen tankar om kva han ville med livet, så familien hadde meldt han opp.

Han hadde jo så godt lag med barn.

Men han møtte aldri opp.

Stipendet studievenene brukte på bøker og tysdagspils, brukte Hans Marius på knivar, sager og utstyr han kunne bruka til å skade andre med.

Så flytta han fantasiane inn i kalenderen.

Og inviterte eit titals vener heim på fest ein laurdag i januar.

Hans Marius kryssa ut datoar dag for dag, og skreiv lister over utstyr han skulle nytta seg av.

Etter å ha gjort seg ferdig med alle venene på festen, skulle han gå ut i gata og ta livet av så mange tilfeldige personar han klarte.

Han skulle gjera «noko stort». Så skulle Hans Marius berre bli borte, tenkte han.

Men først måtte han kvitta seg med sin eigen familie. Faren, stemora og stesøstera.

I dag seier han at han ikkje hadde reflektert over at han skulle ta livet av nær familie. Det var berre brikker som måtte ryddast unna.

– Det er ubehageleg at eg har hatt dei tankane, for det er så ekstremt lite representativt. Han der guten på 19 år... han jobbar eg med å tilgje, for han visste ikkje betre

Hans Marius

Hans Marius sitter ved et bord på cellen og skriver notater i et rom med en

– Den unge fyren hadde strevd i mange år med å orientera seg i livet, og så gjekk det berre skikkeleg gale. Så er eg veldig glad for at det ikkje gjekk meir gale enn kva det gjorde. Sjølv om det er heilt forferdeleg likevel.

Ein hammar og ti krater

I ein grøn og frodig hage ein kort togtur frå Oslo har ein mann i 60-åra sete seg til rette på altanen. Han sit med ryggen mot veggen.

Alltid med ryggen mot veggen.

– Han slo meg på fire ulike tidspunkt, med minst to slag kvar gong. Eg trur eg har telt rundt ti krater i «huet» her, seier han og bøyer seg ned.

Arild er både fornærma og næraste pårørande. Huset hans er både heim og åstad.

Han er faren som fekk skallen slått inn med hammar ein laurdagsmorgon, og som ti år seinare framleis ser eigne blodflekkar på teppet nede i kjellaren.

Han hugsar ingenting av vekene i forkant. Låg tre veker i koma.

Hans 19 år gamle son hadde ropt han ned til kjellaren, og spurt om hjelp til noko på datamaskina. Faren logga seg inn medan sonen skulle henta nokre dokument på rommet.

Men han henta ein hammar. Og slo sin eigen far i hovudet med all kraft.

Deretter gjekk han til angrep på stemora og stesøstera. Dei hadde klart å koma seg unna, og ved å halda seg for hovudet kom dei frå angrepet utan alvorlege skader.

Då Arild til slutt kom krypande opp kjellartrappa med blodet rennande frå hovudet, hadde Hans Marius stilt seg over han og sagt «Eg er eit monster. Skjønar du ikkje det!?»

Så hadde han slått på nytt. Og ringt politiet.

Planane hans stoppa der.

Dei siste ti åra har Arild tenkt og tenkt. Var det noko dei burde ha reagert på? Var dei for strenge med han? Eller trengde han endå tydelegare rammer?

I ettertid har han skjønt at mykje handlar om utanforskap og einsemd. Og at Hans Marius blei soge inn i ei verd som fascinerte og prega han.

– Det var aldri noko alkoholmisbruk, lite krangling og usemje i heimen. Me hadde aldri noko uoppgjort. Men eg går jo rundt og spør meg om eg har vore ein dårleg far.

– Den tanken blir eg aldri kvitt. Eg har nok ikkje vore tett nok på.

Fengsla fyller seg opp

Hans Marius blei dømt til 15 års forvaring – med ei minstetid på 10 år.

En fengselsbetjent står ved siden av Hans Marius som er på vei inn i en celle.

Han kunne ikkje vera psykotisk, meinte fagfolka i retten. Den langstrekte planlegginga og gjennomføringa av drapsforsøka viste at dette var ein oppegåande mann.

I retten håpte han å få forvaringsdom. Og dermed hjelp.

Grunnmuren i det norske rettssystemet er rehabilitering. Målet er at alle ein dag skal ut igjen. Også Hans Marius.

Då han blei dømd, tenkte han at han hadde ti år på å jobba med seg sjølv. Han var ivrig og motivert, ville nytta seg av alle tilbod han fekk.

Dette er tilboda til dei forvaringsdømte

Forvaringsdømde skal blant anna ha tilgang til høgare bemanning pr. innsatt, tverrfaglig kompetanse og individuelt tilpassa påverknadsprogram.

Særskilt oppfølging, td gjennom forvaringsteam, skal gi dei innsatte meiningsfulle behandlingstilbod og ei forsiktig utslusing.

Permisjon

Etter ei viss tid i forvaring kan den dømde søke om permisjon frå fengselet.

Dette kan vere kortare permisjonar for å besøka familie, dra på framstillingar, delta i arbeidstrening eller liknande.

Retten til permisjon vert vurdert individuelt, basert på risiko og tryggleik.

Oppdaterte risikovurderingar

Forvaringsdømde har rett til at risikovurderingane deira vert oppdaterte og vurderte med jamne mellomrom.

Dette inneber at det vert vurdert om risikoen for at dei skal begå nye brotsverk har minka, og om det er mogleg å sleppe dei fri.

Klagerett

Forvaringsdømde har rett til å klage på vedtak som vert gjort under soninga, inkludert avgjerder om permisjonar, soningsvilkår og vurderingar knytt til lauslating.

Dei har også rett til å anke forvaringsdommen til høgare rettsinstansar.

Forvaringsplass

Under soning skal den forvaringsdømte få moglegheita til å endre åtferd og tilpassa seg eit liv utanfor murane.

Men i mange tilfelle får ikkje dømte umiddelbart forvaringsplass, og behandlinga kjem seint i gang.

Dette meiner Sivilombudet er i strid med regelverket og føresetnadene som blei lagt til grunn ved innføringa.

I dag er Hans Marius ein av 140 forvaringsinnsette i norske fengsel. Han meiner sjølv han har klart seg ganske bra.

For ikkje alle er i stand til å reflektera og stilla seg dei vanskelege spørsmåla.

Nokre nektar å ta imot hjelp. Andre er for sjuke til å få nytte av tilboda.

Nyare forsking viser at dei innsette faktisk er sjukare i dag enn for 10–15 år sidan.

Fengsla blir fullare og fullare.

Deler av årsaka er at fleire lovbrytarar blir dømt til forvaring, og at dei innsette sonar lenger, ifølge Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI).

I fjor refsa Sivilombodet kriminalomsorga fordi det er for få forvaringsplassar.

KDI opplyser at det i dag manglar 13 forvaringsplassar, etter at det blei oppretta sju nye dette året.

Det betyr at det framleis vil stå dømde i kø som kjem for seint i gang med forvaringsløpet sitt.

– Me har tilfelle der dei har måtta venta i fleire år, og det beklagar me. Me arbeider for ei ytterlegare auke av talet plassar i tida framover, opplyser seksjonssjef Line Wilberg i seksjon for progresjon, tilbakeføring og sikkerheit gjennom KDI si kommunikasjonsavdeling.

Direktoratet understrekar at dei tar Sivilombudet sin kritikk på stort alvor.

– Me jobbar med å sørga for at straffegjennomføringa er i tråd med utviklinga av dei menneskelege standardane, blir Wilberg sitert på.

Kritikken mot forvaringsordninga

Forvaringsordninga har lenge blitt kritisert av juristar, menneskerettsforkjemparar og forskarar.

Sidan forvaring kan resultere i livstidsfengsling utan ei klar tidsramme, kan det vera i strid med menneskerettar, meiner kritikarane.

Det blir også påpeikt at forvaringsdømte kan ha vanskeleg for å bli lauslatne, sjølv om dei viser framsteg i rehabiliteringa.

Forvaringsdømte må stå i kø

Per november i fjor stod 25 forvaringsdømte i kø for å få forvaringsplass, ifølge Sivilombodet.

Nesten halvparten hadde venta i meir enn to år på plass.

Det gjer at dei ikkje kjem i gang med behandling, og ikkje kan visa til at dei blir betre.

Sivilombudet

Sivilombodet er bekymra for forvaringsdømde sin rettstryggleik, og fryktar at enkelte kan bli utsette for brot på menneskerettane.

Dei har bede KDI skaffa fleire forvaringsplassar.

Ombodet meiner praksisen med svært forsinka overføring til forvaringsavdeling er i strid med regelverket og det som blei lagt til grunn då forvaringsinstituttet blei innført.

KDI manglar 13 forvaringsplassar

KDI opplyser til NRK at dei tar Sivilombudet sin kritikk på stort alvor, og følger opp anbefalingane som kom i fjor.

Direktoratet jobbar med å sørga for at straffegjennomføringa er i tråd med utviklinga av dei menneskelege standardene.

Per 6. september manglar det 13 forvaringsplassar, etter at KDI tidlegare i år oppretta sju nye plassar.

Ein av landets fremst jusekspertar, Linda Gröning, meiner særstraffa ikkje var tiltenkt slik den blir brukt i dag.

Forvaringsstraffa var særleg tenkt for dei som skulle fått straff på nokre år, med behov for rehabilitering innanfor sikre rammer.

I tillegg får ikkje dei domfelte alltid den tilrettelegginga dei treng for å kunne koma tilbake til eit liv i fridom, som jo var tanken med heile ordninga, minner ho om.

Linda Grøning står ved et bord med mikrofon og notater, mens hun snakker under et arrangement i regi av norske myndigheter.

– Litt forenkla kan ein seia at forvaringsstraffa no også ser ut til å bli brukt som eit subsitutt for at Noreg ikkje har livstidsstraff.

Linda Gröning

Jusprofessor

– Dei får forvaringsdom for verkeleg å visa for samfunnet at domstolane straffar hardt dei som står bak forbytingane me reknar som dei mest gruoppvekkande?

– Eg trur det er komplekst, og også handlar om handlingane i samfunnet. Men når forvaring blir dømt, kan det nok gje eit signal overfor samfunnet om at me tar alvorlege lovbrot på alvor, seier Gröning.

Professoren sit i eit utval som regjeringa har gitt i oppgåve å evaluera særstraffene. Synspunkta i artikkelen er hennar eigne.

I 2021 blei ein mann dømt til 21 års forvaring i både Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett for eit brutalt drap og drapsforsøk på eit Nav-kontor i Bergen.

Men Høgsterett gjorde om dommen. Dei meinte at vilkåret for forvaring ikkje var til stades. Høgsterett la vekt på at mannen ikkje tidlegare var straffedømt.

Han fekk difor 21 års fengselsstraff.

Hans Marius har levd i fengsel heile sitt vaksne liv.

Her har han vore gjennom eit utal sinnemeistringskurs, samtaleterapiar, gruppeterapiar.

Men først etter ti år, no i sommar, blei han flytta til eit fengsel med opnare soning.

I vår var han i retten og bad om å bli lauslaten på prøve.

Behandlarane fortalde i retten om ein mann som var blitt flinkare til å setta ord på kjensler. Han stengde dei ikkje lenger ute. Retten fann heller ikkje haldepunkt for at Hans Marius i dag hadde tankar om tortur og drap, eller prega av eit narsissistisk raseri.

Før den første rettssaka etter drapsforsøket blei Hans Marius rettspsykiatrisk undersøkt.

Fagfolka konkluderte med at han har ei blanda personlegdomsforstyrring. Den har kome til syne ved at han har hatt vedvarande og mangeårig fantasering og iscenesetting om makt og dominans, tortur og drap.

Sakkunnige har gjennomført testar, intervjua og kartlagt han gjennom fengselsopphaldet.

Retten legg framleis til grunn at han har diagnosen. Sjølv om dei har sett forbetringar.

Dei er ikkje sikre på at han ikkje vil skjula ting og gå inn i fantasiverda att om livet skulle verte vanskeleg. Hans Marius meiner sjølv at viss det skjer, vil det ramma han sjølv, ikkje andre. I fengselet blir han følgt tett opp av eit eige forvaringsteam.

Det han har av nettverk og system rundt seg i fengselet, er også eit element som forsvinn dersom han kjem ut.

Han har mykje positivt å seia om forvaringa og tiltaka som har hjelpt han ut av den mørke verda han bygde rundt seg.

Men han kunne også ha tenkt seg tydelegare tilbakemeldingar på progresjonen sin. Han meiner han burde fått meir tillit, med fleire permisjonar og ein konkret plan for å bli overført til open soning.

Hans Marius står i en korridor og ser ut av et vindu med gitter, iført treningsklær og oransje sko

Han har vist motivasjon og vilje til å endra seg for å motverka ny kriminalitet.

Men retten konkluderte med at han ikkje var klar.

Hans Marius kvir seg til ein ny runde i desember.

– Det har eigentleg tatt meg ti år å finna ut at det faktisk ikkje var noko uelskbart og ulekkert ved meg. Det var noko eg fortalde meg sjølv. Når eg no har funne den «feilen», og har jobba med å fjerna den, så føler eg at eg har kome til kjernen av problemet.

– I ei draumeverd så skulle det ha vore bra nok å stå der i retten og fortelja om den nye utgåva av seg sjølv. Men sånn fungerer jo ikkje verda, ikkje sant? Ein får alle desse spørsmåla, og eg får merkelappar av personar som ikkje kjenner meg. Det synest eg er tungt.

Hans Marius står med solbriller foran Ila fengsel, omgitt av piggtråd og sikkerhetsbarrierer, med den norske flagget på bygningen i bakgrunnen.

Burde me tola meir risiko?

I desember skal Hans Marius møte til ankesak i Borgarting lagmannsrett. Han tør ikkje håpa på eit anna utfall.

Sjølv seier han at han er sikker på at han ikkje ville handla slik igjen:

– Det har jo aldri vore ei trong til å drepa. Det har vore ei trong til å bli sett. Det eg også veit, som er ein skilnad frå no til då, er mi openheit om ting.

Linda Gröning meiner det er verdt å problematisera risikovurderinga. Mest av alt fordi den har så stor betydning for kva progresjon innsette vil få. Og til sist om dei blir lauslatne eller ikkje.

– Den som blir dømd, får ikkje progresjon til opnare soning eller sjansen til lauslating om det ikkje blir rekna som trygt nok. Du må så å sei visa at du har gjennomgått endring, og samstundes finst det ikkje alltid ordningar eller ressursar for å gjera det mogleg, poengterer professoren.

Linda Grøning, professor, iført en mørk blå genser og hvit skjorte, i portrett med nøytral bakgrunn.

– Og jo lenger den dømde blir sittande, jo vanskelegare blir overgangen om dei kjem seg vidare.

Linda Gröning

Jusprofessor

Risikovurdering er kanskje blitt for styrande i den norske forvaringsmodellen, meiner Gröning.

Ho ser auken i bruken av forvaring i samanheng med at me aksepterer ein lågare grad av risiko i dagens samfunn.

– På eit meir generelt samfunnsplan må me også spørja oss når me bikkar den avveginga mellom kor mykje me toler av risiko, og kor mykje me er villige til å ofra av andre sin fridom for å sleppa at me blir redde.

Ho vil heller snu på det.

– Iblant tenker eg at ein burde snu utgangspunktet, og heller ha tydelege reglar om progresjon og utslusing som hovudregel. Men det krev også at systemet har gode nok ordningar og ressursar for å hjelpa dømde tilbake til samfunnet – òg for å verna om ofra.

Jusprofessoren trur det er på tide med ein større debatt om kva risiko me vil akseptera i det norske samfunnet.

– Eg synest ikkje me bør utsetta andre for nokså alvorlege inngrep, i tilfelle der me kunne ha brukt andre og mindre inngripande middel.

I farfar sine spor

Etter januardagen som endra alt, låg Arild fleire veker i kunstig koma.

Alle minna frå angrepet, og vekene i forkant, er viska vekk. Jobben som butikksjef måtte han gje slipp på. I dag er han varig arbeidsufør, men har sitt eige firma. Han fiksar hagemaskiner frå verkstaden i hagen.

– I etterkant har eg jo skjønt kva han har gjort. Og kva planen har vore. Men eg klarar ikkje forstå kvifor han gjorde det. Det vil eg nok aldri forstå.

Annakvar veke i meir enn ti år har Arild besøkt sonen sin. Dei har hatt møte med psykologar og gruppetimar med behandling.

Det tar tid å bygga opp att tilliten.

– Eg stoler på han ... I den grad ein kan stola på nokon etter noko sånt.

Arild har tenkt mykje på korleis ting blir. Når mannen som nesten tok livet av han skal bli ein fri mann.

I vilkåra står det at Hans Marius ikkje vil kunna besøka faren utan at det er avtalt på førehand. Ikkje før dei 15 åra i dommen er gått.

Å stikka innom for ein kaffikopp er uaktuelt. Han får ikkje lov å overnatta.

Den dagen sonen har sona ferdig for godt, blir dette detaljar som far og son – gjerningsmann og offer – må snakka om.

Så langt har dei ikkje det.

Det er elleve år sidan Hans Marius starta på barnehagelærarstudiet. I dag er han utdanna tømrar.

Målet er ein dag å kunne starta for seg sjølv. Tena sine eigne pengar, vera herre i eige liv.

Pappa Arild synest det er stas. Hans Marius sin farfar var tømrar i alle år. Barnebarn og bestefar har diskutert fag under fengselsbesøk.

Kanskje kan dei utveksla litt kunnskap på utsida også?

Hans Marius ønsker å flytta tilbake dit han budde. Det er der han har familie og kjente.

For ikkje lenge sidan var han på framstilling på det lokale kjøpesenteret i heimbyen. Nokre av kompisane han hadde lagt planar om å drepa kunne vera der.

Han turte ikkje å gå inn. I fengselet har han fått hjelp av konfliktrådet i Oslo til å kontakta vennene han inviterte den kvelden. Han ønskte å unnskylda seg, og høyra om det var nokon som ønskte å ha kontakt.

Berre nokre få svarte. Det var ingen som ønskte å møta han.

– Eg har tenkt mykje på kva eg skal sei eller gjera dersom eg møter dei igjen. Eg kjem til å halda meg på avstand. Viss nokon ønsker å seia «hei» blir eg kjempeglad, men eg kjem ikkje til å oppsøka nokon.

Faren ser at sonen har blitt vaksen i fengsel. Meir reflektert, meir moden. Men også prega av livet bak murane.

– Mest av alt er det for gale at han ikkje har fått starta på utslusing tidlegare. Då hadde han vore meir klar for det.

I november fyller Hans Marius 30 år. Han har søkt om permisjon. Denne gongen har han søkt om å få leva som ein tilnærma fri mann i fem døgn.

Det blir i så fall ny rekord.

Før han må inn igjen.

Hans Marius forsøkte å drepe familien sin, og planla å torturere og ta livet av vennene sine. Som forvaringsdømt må han nå endre seg for å sleppe ut.

Fotokreditering: Bileta av Linda Gröning er tatt av Javad Parsa/NTB og André Kvalvågnes/UiB. Video og stillbilete elles i saka er tatt av Aksel Storstein/Novemberfilm.

NRK-journalist Erlend Frafjord har skrive ei masteroppgåve om forvaring. Denne var grunnlag for ideen til TV-serien «Leo og de farlige» og ei bok om same tema. Frafjord hadde permisjon frå NRK då, men er i dag journalist i NRK Rogaland. Frafjord har ikkje jobba med denne artikkelen. NRK har gjort eigne uavhengige intervju, undersøkingar og vurderingar i dette arbeidet.

Publisert 08.09.2024, kl. 08.25

Read Entire Article