– Eg var ikkje førebudd, trudde eg var for gammal. Skal ikkje takke alle dei neste seks minutta, men kona mi. Ho har vore fantastisk, seier Stellan Skarsgård (74) i sin takketale.
Skarsgård fekk Golden Globe for beste mannlege birolle for sin innsats som karakteren Gustav Borg i «Affeksjonsverdi». Han sa også at han håpar folk vil sjå filmen på kino.
Han var den einaste som vann pris for «Affeksjonsverdi». Filmen var nominert til heile åtte kategoriar, blant anna beste film.
NRK spør Skarsgård om det må ein svenske til for å vinne pris i Golden Globe.
– Eg trur ikkje det, men er takksam for at dei trur det.
Skarsgård fekk også ein Golden Globe-pris i 2020.
Etter at han vann gjekk skodespelar Sean Penn bort til bordet der skodespelarane frå «Affeksjonsverdi» sat. Der gav han Renate Reinsve ein stor klem.
Reinsve vann ikkje pris under nattas utdeling.
Foto: Richard Shotwell / AP / NTB– Kjempeglade
– Vi er kjempeglade og fornøgde, og det var veldig moro å vere der. Kjempefint arrangement, seier produsent for «Affeksjonsverdi», Maria Ekerhovd, til NRK.
Saman med henne i Los Angeles er regissør Joachim Trier, manusforfattar Eskil Vogt og produsent Andrea Berentsen Ottmar.
Skodespelarane Renate Reinsve, Inga Ibsdotter Lilleaas, Stellan Skarsgård og Elle Fanning er også på plass i filmbyen.
Skarsgård, Lilleaas, Fanning, Reinsve og Trier på Palm Springs International Film Festival 3. januar i år.
Foto: AP– Og så er vi sjølvsagt utruleg glade for Stellan. Det er jo kjempestort. Det var veldig rørande at han vann, seier Ekerhovd.
– Korleis var reaksjonen rundt bordet då han fekk den prisen?
– Der var det jubel, og folk stod og klappa og hylte og var veldig glade og klemte kvarandre.
«Hamnet» beste dramafilm
Filmen «Hamnet» stakk av med fleire prisar, blant anna for beste dramafilm.
Jessie Buckley vann også pris for beste kvinnelege skodespelar i drama for rolla i filmen.
Paul Thomas Anderson vann pris for beste regissør og beste manus for filmen «One Battle After Another».
Foto: Chris Pizzello / AP / NTBI natt var filmen «One battle After another» den einaste med fleire nominasjonar enn «Affeksjonsverdi».
Den vann blant anna for beste musikal eller komedie, beste regissør og beste manus.
Den amerikanske skuespilleren Jennifer Lawrence deltar på den 83. årlige Golden Globe-utdelingen.
Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTBDen brasilianske skuespilleren Wagner Moura poserer i presserommet med prisen for beste skuespiller i en spillefilm.
Foto: ETIENNE LAURENT / AFP / NTBDen amerikanske skuespilleren Jennifer Lopez deltar på den 83. årlige Golden Globe-utdelingen.
Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTBDen irske skuespilleren Jessie Buckley poserer i presseområdet med prisen for beste kvinnelige skuespiller i en dramafilm for "Hamnet".
Foto: ETIENNE LAURENT / AFP / NTBAmerikansk skuespillerinne Hailee Steinfeld
Foto: MICHAEL TRAN / AFP / NTB
– Skarsgård størst sjanse
Birger Vestmo i Filmpolitiet sa på førehand at nominasjonane er ei stor anerkjenning, men:
– «Affeksjonsverdi» kan nok ikkje konkurrere i så mange av kategoriane dei er nominerte til. Stellan Skarsgård trur eg er den som har størst sjanse til å vinne pris.
Han hadde altså rett. Skarsgård vann beste mannlege birolle.
Stellan Skarsgård møtte pressen om filmen i september 2025.
Produsent Ekerhovd seier dei ikkje hadde rekna med å vinne ein pris, sjølv om filmen var nominert i åtte kategoriar.
– Vi er berre overlykkelege for det og har ein fantastisk kveld her saman i LA, seier ho om prisen til Skarsgård.
Nominert til produsentpris
«Affeksjonsverdi» fekk ingen prisar under Critics Choice Awards førre helg, trass i at dei var nominerte sju gonger.
Reinsve på det amerikanske talkshowet «Late night with Seth Meyers».
Foto: Lloyd Bishop/NBCRenate Reinsve kjempa mot store Hollywood-stjerner som Jennifer Lawrence og Julia Roberts i kategorien beste kvinnelege hovudrolle i ein spelefilm. Ho vann ikkje pris.
Fredag blei det klart at også produsentane bak filmen «Affeksjonsverdi», Maria Ekerhovd og Andrea Berentsen Ottmar får sin hyllest. Dei er nominert til Producers Guild Awards, som første nordmenn nokosinne. Prisen blir delt ut nokre veker før Oscar.
Produsentane bak «Affeksjonsverdi», Andrea Berentsen Ottmar og Maria Ekerhovd er på plass i LA.
Foto: Anders Tvegård / NRKPublisert 11.01.2026, kl. 17.05 Oppdatert 12.01.2026, kl. 08.59


















English (US)