– Framandspråk har aldri hatt stor prioritet i skulen

6 hours ago 1


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Og verre kan det bli om regjeringa får det som ho vil. Kva er problemet med at dei fleste av oss, diplomatane inkludert, snart kan berre engelsk og norsk?

I klasserom med mange språk, er det elevane, ikkje læraren, som kan språka best. (Foto: Colourbox)

Berre dei siste fem åra har studentar som vel framandspråk ved ulike norske universitet, gått ned med 26 prosent.

Samstundes opnar Arbeidarpartiregjeringa for at elevar skal kunne velje vekk framandspråkfaget i skulen, stikk i strid med intensjonane i norsk og europeisk språkpolitikk dei siste tretti åra, der målet er at alle skal lære seg tre språk. I Norge vil det seie morsmålet, engelsk og eit framandspråk. I andre europeiske land morsmålet og to framandspråk.

Kvifor dalar språkinteressa i Noreg? Kva kan vi gjere?

– Framandspråk var valfag i Norge fram til 2000-talet. Med læreplanreformene i 2006 var intensjonen å gjere faget til eit fag for alle. Men i dag er det obligatorisk berre i studiespesialiserande vidaregåande, fortel framandspråkforskar Debora Carrai.

Ungdomsskuleelevar og yrkesfagelevar kan droppe framandspråk.

I Stortingsmelding 34, En mer praktisk skole, som kom i fjor, sender regjeringa signal om at faget ikkje er så relevant. 

– Det forplantar seg vidare til høgare utdanning, seier Carrai, som sjølv underviser lektor- og Praktisk pedagogisk-studentar ved Universitetet i Oslo.

Ho merker ei dalande interesse.

Podcast: Engelsk skvisar ut andre språk – kva er problemet?

Alle europearar skal kunne tre språk. Kvifor, kva språk og korleis går det eigentleg?

I Universitetspodden: Språkekspertane Joke Dewilde, professor i fleirspråk i utdanning, og Debora Carrai, førsteamanuensis i framandspråk. Programleiar er Monica Bjermeland. Du finn episoden nedst i denne artikkelen.

Norske elevar trivst med framandspråk

Lyspunktet er at om lag 70 prosent av elevane på ungdomsskulen framleis vel framandspråk, og trivst med det.

– Faget har ei tydeleg praktisk retning, understrekar Carrai, med eit nikk til regjeringa.

 – Sjølv om eg ikkje kan gå god for korleis det faktisk vert undervist rundt om i landet. Det er opp til lærarane.

Når ein snakkar om framandspråk i Norge, snakkar ein gjerne om tysk, fransk og spansk. Kan det snevre utvalet ha noko å seie for interessa?

– Det er sjølvsagt viktig med europeiske språk, men frå eit migrasjonsperspektiv handlar språkkompetanse om å sjå på alle språka som blir brukte til dagleg i eit land, seier Joke Dewilde, professor i fleirspråk i utdanning.

– Her i Norge er det ikkje berre norsk, engelsk og dei europeiske framandspråka som vert brukt av store grupper, men også polsk, tigrinja, arabisk, swahili. Å ta dei inn i varmen også, er å tenke fleirspråkleg, fortel ho.

Debora Carrais (t.v.) språkinteresse kjem frå skjønnlitteraturen, Joke Dewildes frå oppveksten i fleirspråklege Belgia. No forskar dei på og underviser i framand- og fleirspråk ved Universitetet i Oslo. (Foto: Monica Bjermeland / UiO)

Redd for språkleg utanforskap

Dewilde meiner at den offentlege debatten er for einsidig opptatt av at innvandrarar skal lære seg norsk.

– Det er klart alle skal få moglegheit til å lære norsk, men innvandrarar bringer med seg mange ulike språk og dermed erfaringar som vi bør vere meir nysgjerrige på og ta meir på alvor, seier ho.

Forskaren fortel at vi må tenkje om språk på ein litt annan måte, og at dersom vi ikkje gjer det, kan vi skape språkleg utanforskap.

Innvandrarar bringer med seg mange ulike språk og erfaringar. Desse bør vi vere meir nysgjerrige på og ta meir på alvor, meiner ho. Berre i Osloskulen blir det snakka nærare 200 språk.

– I klasserom med ti, kanskje femten ulike språk, er det ikkje lenger læraren som er ekspert. Då er elevane ekspertar på sine språk, seier Dewilde.

Ho meiner at læraren ved å opne opp og vere nysgjerrig, kan la elevane sjølv ta styringa.

Skvisar ut andre europeiske språk

Trass i denne innsikta og EUs forsøk på å mane medlemslanda til å drive mangfaldig språkundervising, er det engelsk som vinn terreng.

– I fjor og året før kom det to rapportar frå Europarådet, der det viser seg at det er engelsk som har vekse, ikkje dei andre språka, fortel Debora Carrai.

Det ynsker Europarådet å gjere noko med. I desember i fjor kalla dei inn representantar frå alle 46 medlemsland til eit møte der dei bestilte eit motivasjonsmanifest, Motivation manifesto, som skal promotere språklæring i Europa.

– Manifesto skal først og fremst rettast mot elevane. Målet er å fremje motivasjon hos dei. Men for at det skal skje, må styresmaktene legge til rette for betre språkopplæring, fortel Carrai, som er medforfattar.

Manifestet vert lansert på den europeiske språkdagen 26. september.

Kva med minoritetsspråka?

Det er langt frå europeisk rammeverk til vår kvardag her i Noreg, fortel Joke Dewilde inn.

Også diplomatane våre manglar kulturelle normer og interkulturell kompetanse som kjem med å ha lært framandspråk. (Foto: Unsplash)

 – Omgrepa minorisert og majorisert fleirspråklegheit hjelper oss til å forstå kva vi må arbeide med, seier ho.

Minorisert betyr språk som har kome inn i ein minoritetsposisjon og som vert vurdert til å ha lågare verdi samanlikna med majoriserte språk.

– Majoriserte språk er typisk elitespråk som nettopp undervisingsspråka fransk, tysk og spansk. Når norske elevar lærer desse språka, blir det sett på som ein verdifull kompetanse. Vi høyrer politikarar som går ut i media og seier at det er viktig for norsk industri, seier ho.

– Men sjeldan høyrer vi at nokon går ut i media og seier noko om verdien av å kunne tigrinja eller somali eller arabisk, påpeikar Dewilde.

Norske diplomatar kan bli betre på småprat

Dei seinare åra har fleire rapportar peika på at Norge treng meir enn engelsk, at vi må kunne andre språk for å kome nærare kundane, forstå kva dei treng.

– Den interkulturelle biten manglar. I tidlegare behovsanalysar har ein sett at norske bedrifter tapte kontraktar fordi dei ikkje forstod kundane sine, fortel Carrai.

Ho gjennomførte nyleg ei behovsanalyse om språkbruk og behov i offentleg sektor. Analysen avdekte at til og med diplomatane våre manglar kulturelle normer og interkulturell kompetanse som kjem med å ha lært framandspråk, som er ein del av faget.

– I Utanriksdepartementet er dei høgkompetente, også når det gjeld språk, men til og med der brukar dei mest engelsk fordi kompetansen deira i andre språk ikkje er god nok. Sjølv om dette går greitt i forhandlingar og faglege møter, slit dei etterpå under minglinga, seier ho.

– Dei ynsker seg meir språkkompetanse, seier Carrai.

Dewilde er med på at også det personlege må på plass for å kome heilt nær, og det ligg i språkforståing, eller i det minste nyfikne på det.

– Nøklar til å skape eit godt samfunn finn vi, ikkje berre i norsk, men i alle språka som finst i landet vårt, seier Dewilde.

Høyr episoden her:

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article