Sidan 1. desember har den «den konkurransedrivne realityserien» gått sin sigersgang på norske TV-skjermar.
Over 1 million har sett kvar einaste episode, medan sesongstarten har passert 1,5 millionar sjåarar.
Julaftan er det stor finale og berre tre deltakarar står igjen i kampen om 1 million kroner!
Nemleg Birthe (Kevin Vågenes), Stian (Herman Flesvig) og Cato (Kevin Vågenes).
Serien har vore prega av konfliktar, skandalar, venskap, fiendskap, bitte litt sex og alliansar. Nett som i ekte realityseriar.
– Utruleg fint
Det var knytt store forventningar til den nye runden i «Nissene»-universet.
Mottakinga har vore overveldande, og serien har samla sjåarar på tvers av generasjonar.
– Det er fyrst og fremst utruleg fint å sjå at ein humorserie treffer eit så stort publikum. Det har vore målet heile vegen, seier produsent Jenny Vuong.
Ho peikar på at karaktergalleriet er nøkkelen til at serien famnar så breitt.
– Suksessen handlar veldig mykje om at Herman Flesvig og Kevin Vågenes lagar karakterar og eit univers som gjer at mange kjenner seg att, seier Vuong.
«Jentealliansen» med Lone (Tuva Billing), Birthe (Kevin Vågenes) og Mette (Amalie Stuve) har vore sentral gjennom serien.
Foto: NRK– Treffer tidsånda
Serien har ikkje berre levd på skjermen, men har fått sitt eige liv på plattformer som TikTok og Instagram. Klipp, memes og parodiar har florert sidan premieren.
Vuong trur dette skjer fordi serien spelar på element publikum allereie har eit forhold til.
– Universet er kjend, og mange er engasjerte i det frå før av. Samtidig trur eg vi treffer mykje av tidsånda, og spesielt det dei unge er opptekne av i dag, forklarer ho.
Julaftan blir den siste episoden publisert i NRK TV klokka 06. Så dersom du vil vite kven som er vinnar, er det berre å skru på.
Men i mellomtida kan du gjette vinnaren her:
Kven trur du vinn «Nissene i skjul»?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Publisert 24.12.2025, kl. 06.18














English (US)