Eit siste forsøk på forhandling før bakkeinvasjon av Rafah

1 week ago 12


Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 26.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Qatar, Egypt og USA har i månadsvis prøvd å mekle fram ei våpenkvile mellom Hamas og Israel, men til inga nytte.

Hamas har no mottatt eit våpenkvileforslag frå Israel. Det er uvisst nøyaktig kva som inngår i forslaget som ligg på bordet, men Hamas har sagt at dei vil evaluere det og komme med eit svar.

Ei siste mekling

Ifølge israelske tenestemenn vil dette no vere Israels siste forsøk på forhandlingar før dei går inn i Rafah med bakkestyrkar, trass i sterke åtvaringar frå mellom anna FN, USA og EU.

Egypt skal ha sendt ein delegasjon med meklarar til Israel. Her skal dei diskutere våpenkvile, men også potensielle konsekvensar av ein invasjon av Rafah, som ligg ved grensa til Egypt.

Ifølge ein israelsk tenestemann står det no mellom «ein avtale - eller Rafah», melder Times of Israel.

Parallelt med samtalar om våpenkvile, har Israel trappa opp luftangrepa mot Rafah, og førebur den kommande bakkeinvasjonenen. The Guardian skriv at det er venta ei masseevakuering av palestinarane til Khan Younis, som ligg litt nord for Rafah.

Satellittbilete viser at Israel har sett opp telt, tett i tett.

mange kvite telt ovenfra

Eit satellitt bilde tatt tysdag viser hundrevis av telt sett opp nær Khan Younis.

Foto: Maxar Technologies / Reuters

I februar var det 1,4 millionar palestinarar som hadde søkt tilflukt i den vesle byen heilt sør på Gazastripa. I april er det om lag ein million.

«Urealistiske krav»

Politisk leiar i Hamas, Ismail Haniyeh, lista opp sju krav til ei våpenkvile i ein TV-tale tidlegare i april.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu har kalla krava frå Hamas for urealistiske. Israel på si side ønsker ei lauslating av alle gislane som framleis er på Gazastripa, i tillegg til at Hamas legg ned våpena.

Israel har i tillegg vore tydelege på at målet med krigen er ei total utsletting av Hamas på Gazastripa, noko ei våpenkvile med Hamas ikkje kan løyse.

Og for å knuse Hamas, må Israel inn i Rafah med bakkestyrkar, argumenterer Det israelske forsvaret.

– Det finst 24 Hamas-bataljonar, meiner vi. Vi har øydelagt 18 eller 19. Det er framleis fire i Rafah, hevdar Israels talsperson, David Mencer, til NRK.

Netanyahu meiner det er heilt naudsynt å gå inn i Rafah for å vinne krigen.

– Det vil skje. Vi har ein dato, sa han i starten av april, og la til at absolutt ingen kan stanse dei.

folk flyktar i ruinar

Sidan oktober i fjor har ein million palestinarar evakuert sørover på Gazastripa. No må dei nordover igjen.

Foto: Mohammed Dahman / AP

Sjølv om Rafah blir kalla eit «naturleg siste steg» for militæroperasjonen i Gaza, er det uvisst om det faktisk er her gislane er.

– Mest sannsynleg veit ikkje Israel kvar gislane er, seier oberstløytnant Sigbjørn Halsne i Forsvaret.

– Då hadde dei sett i verk operasjonar.

«Umogleg å fjerne Hamas»

Oberstløytnant i Forsvarets høgskole Sigbjørn Halsne meiner derimot at det er umogleg å fjerne Hamas, som ide og som rørsle, med militær makt.

– Det Israel i beste fall kan oppnå med ein direkte konfrontasjon, som dei har valt, er å redusere sin militære evne.

– Utfordringa når ein har ei motstandsrørsle som slåst asymmetrisk, som gøymer seg og har støtte i befolkninga, og ein brukar militærmakt for å gjere det same, vil det verke imot si hensikt.

Halsne meiner det heile er kontraproduktivt, og vil bidra til å rekruttere palestinarar til organisasjonen på lang sikt.

– Då må ein tilbake og gjere det same ti år seinare.

telt sett opp. ruiner i bakgrunnen

Det er truleg framleis om lag ein million palestinarar i Rafah. Dei fleste bur i provisoriske telt, med avgrensa tilgang til sanitetsanlegg, medisinar og tilstrekkeleg med mat.

Foto: AFP

Fryktar nedslakting

– Å gå inn der utan at det fører til enorme sivile tap og ei nedslakting, som FN seier, er ikkje mogleg.

Det seier generalsekretær i Legar utan grensar, Lindis Hurum.

Lindis Hurum

Generalsekretær i Legar utan grensar, Lindis Hurum, meiner det er umogleg å evakuere heile Rafah.

Foto: Daniel Eriksen / NRK

– Det er ikkje mogleg å evakuere desse menneska ein stad der dei har tilgang på mat, vatn og helsehjelp, som alle menneske treng for å overleve.

Ifølge ein israelsk militæroffiser er det sannsynleg at palestinarane i Rafah vil bli bedne om å evakuere til Al-Mawasi, skriv New York Times.

Men dette området er allereie overflaumd med fordrive menneske, som rapporterer om manglande infrastruktur, reint vatn og sanitetsanlegg.

– Den mentale belastninga er enorm

– Dei har levd i konstant frykt i mange månader, og den mentale belastninga er enorm. Dei søv ikkje, fortel Hurum.

– Det å ikkje ha nokon kontroll over framtida si, å vere konstant redd for denne invasjonen, det er ein umenneskeleg situasjon.

Hurum seier at palestinarane på Gazastripa kjenner seg heilt forlatne ettersom verda følger krigen minutt for minutt, men ingen klarer å stanse han.

– For alle veit jo at dette går føre seg.

Publisert 27.04.2024, kl. 12.11 Oppdatert 27.04.2024, kl. 12.13

Read Entire Article