«Eit av årets beste album – allereie»

1 day ago 6


Då Honningbarna slapp albumet «Animorphs» i 2022, skulle det vise seg at dei la lista usedvanleg høgt. Albumet blei utelukkande godt tatt i mot - både frå kritikarane og frå fansen, som for ein gongs skuld var einige.

«Animorphs» blei hylla som eit meisterverk med lovord som «punk i verdsklasse» og «ei av dei beste punkplatene i Noreg nokon gong». Det er ikkje verst for eit band som i 2018 måtte redefinere sounden sin som følge av å måtte erstatte to bandmedlem.

Med «Soft Spot» skal Honningbarna i all forstand hoppe etter Wirkola, sjølv om det er snakk om dei sjølve. Dei har hatt tre år på å forbereda seg. Forventningane er skyhøge.

Alt anna enn «soft»

Med albumets første låt, «Alt går over, noe varer» set Honningbarna på kraftig og intenst vis stemninga for albumet som heilskap.

I form av spoken word legg vokalist Edvard Valberg ut om alt det flaue, teite, slemme og umoralske han har gjort opp i gjennom åra, som ei form for sjølvreinsing og unnskyldning.

I tillegg viser Edvard til ein klar redsel grunna den usikre framtida, både for han sjølv, men også for verda generelt.

Vi ser en smilende Edvard ute blant publikum på en konsert. Han hilser på en publikummer og smiler. Han har blå sommerskjorte og bart.

FRONTFIGUR: Edvard Valberg i Honningbarna under konserten deira på festivalen Slottsfjell i 2023.

Foto: Maud Lervik Grøttland, NRK P3

Samtidig, i bakgrunnen, bygger eit tungt og dystert instrumentalparti av gitar seg stadig meir opp. Dette bryt ut i låten «Schäfer» som inneheld noko av det mest metal-aktige Honningbarna har laga til no.

«Soft Spot» er meir bråkete enn det dei har utgjeve før, samtidig er det eit organisert kaos. Alt tyder på at lista dei har lagt skyhøgt for seg sjølv skal klarerast med god margin.

Ein skulle tru det var umogleg, men Honningbarna har ekspandert den brutale sounden sin enda eit hakk. Reint sonisk er «Soft Spot» ein meir-enn-verdig etterkommar av «Animorphs».

«Soft Spot» består av fleire lag, både når det kjem til det tekstlege og det instrumentale. Dette gjer at heile den 40 minutt lange og fantastisk harde lytteopplevinga blir djup og detaljert.

Fleire låtar sklir over i kvarandre og lydbilda er prega av elektronisk glitch, noise og sjølvsagt pønk. Det går heller ikkje på kostnad av meir radiovennlege og «snille» rock and roll-låtar som «Festen som aldri stoppar» og «King Spud».

Like politiske som alltid

Det begynner å nærme seg tid for at tekstane til Honningbarna skal analyserast av elevar på vidaregåande, slik som det har blitt gjort med Karpe i alle år.

Valberg sin penn er like skarp som han er robust, og fleire av tekstane på «Soft Spot» gjer at låtskrivaren like så godt kunne ha vunne Kritikerprisen for «Årets kritiker».

På låten «God gutt» syng Valberg følgande, og sett like intelligent som intrikat albumtittelen i kontekst: «Planter miner og ein draum utpå

jorda. Høyrer smellane som ekko frå profetane. Soft spot for ein fascist hot shot». Dette er berre eitt av fleire eksempel på regelrett poesi.

Vi ser Edvard hoppende foran scenen. Han har hvit t-skjorte, sorte bukser og bart.

GODT LIVE-RYKTE: Edvard på scenen med Honningbarna under Slottsfjell 2023.

Foto: Maud Lervik Grøttland, NRK P3

Tekstane er sarkastiske utan å vere nedlatande, kritiske utan å vere moraliserande, og underhaldande utan å vere morosame. Dei fleste låtane opererer i eit område heilt opent for tolking, reint tekstleg, som gjer det gjevande å lytte til albumet gong etter gong.

Dei låtane som overhovudet ikkje treng å tolkast er slik av openberre grunnar. På «Heute ist mein tag» skal du halde kjeft og høyre etter, eller gå amok i moshpiten. Honningbarna har, nok ein gong på meisterleg vis, sørga for at begge tilnærmingar til «Soft Spot» er like viktige.

Honningbarna er din venn

Det er ikkje utan grunn at Honningbarna er eit av Noregs aller beste liveband og blir booka til festivalar heile sommaren. Bandet har ein gigantisk energi og ein ambisjon om å levere så godt dei kan, kvar einaste gong. Det same gjeld for studioinnspelinga deira òg.

I fjor, like før konserten deira på Pstereo-festivalen, gjekk dessverre Valberg sin bestefar bort. Ut i frå showet dei likevel leverte, skulle ein tru alt var som normalt. Poenget er: Honningbarna er ein av få artistar som verkeleg sett musikken først, og utnyttar ei kvar smerte for alt det den er verd.

Det er umogleg å mislike Honningbarna. Dei er band-versjonen av den personen som verkar skummel og kald på utsida, men som har kjærleik for alle, og som raskt blir din beste venn.

«Soft Spot» er ikkje berre eit bra rockealbum, eller eit album som er bra trass i at det operer i den vanskelege pønksjangeren. «Soft Spot» kjem til å ende opp som eit av årets beste album, punktum.

Foto, toppbilde: Magnus Nordstrand, promo

Hei!

Jeg anmelder hva som helst som har med musikk å gjøre, og er spesielt interessert i norsk musikk. Jeg er veldig glad i alle slags undersjangre av rock og rap, så gjerne send meg en anbefaling! 

Les også anmeldelsene mine av The Weeknds siste album «Hurry Up Tomorrow» og Drake sin skive med PartyNextDoor, «$ome $exy $ongs 4 U».

Publisert 27.02.2025, kl. 07.44

Read Entire Article