Brukte 60 millionar på å kvitte seg med lakseparasitt – må likevel klorbehandle heile elva

3 months ago 28


Ei klorblanding sildrar ut i den nasjonale lakseelva Driva, som renn gjennom Innlandet, Trøndelag og Møre og Romsdal.

Blandinga skal ut i den lengste strekninga som har blitt behandla nokon gong.

Målet er å bli kvitt lakseparasitten Gyrodactylus salaris, som har plaga livet i fleire norske lakseelvar sidan 1975.

Men å klorbehandle heile elva var eigentlig ikkje planen. I 2017 blei det nemleg brukt 60 millionar kroner på Noregs største fiskesperre for å unngå nettopp dette.

– Vi skulle sleppe å behandle området over sperra. Ho hindra ny gyting, og fisk som allereie var der ville etter kvart trekke ut i havet. Utan laks i elva, ville gyroen dø ut av seg sjølv, sier Jarle Steinkjer, fagdirektør i Miljødirektoratet.

Klorbehandling av hele Driva

Fagdirektør i Miljødirektoratet, Jarle Steinkjer, fortel at det uansett er positivt at dei har delt opp vassdraget med fiskesperre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Men miljø-DNA viser at det fortsatt er laks der. For å vere helt sikker, ønsker Miljødirektoratet også å behandle elva over sperra med klor.

Ti mil skal behandlast

Derfor må Norsk institutt for naturforskning, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for vannforskning behandle ti mil med elv, og ikkje bare to mil som først var planlagt.

– Vi justerer dosen med klor slik at ho omtrent er på nivå med drikkevannet i Oslo. Det er verksamt mot parasitten utan at det skadar laksen og ørreten i området.

Det seier Anders Gjørwad Hagen, forskingsleiar for NIVA, som er med på å utføre klorbehandlinga i elva.

Klorbehandling av hele Driva

Anders Gjørwad Hagen, forskingsleiar for NIVA, fortel at dette er den lengste strekninga dei har behandla nokon gong.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den store fordelen med å bruke klor er at det ikkje skadar anna enn parasitten. Til samanlikning drep den mykje brukte rotenonbehandlinga alt liv med gjellar.

Spesiell laks

Det at det framleis er laks oppe i vassdraget er ifølge Steinkjer svært uvanleg. Men han har ei forklaring på kvifor det er slik i elva Driva.

– Laksen her går så høgt over havet. Vi har ikkje vore i andre elvar der laksen er i stand til å gå heilt opp til 600 meter over havet.

Han forklarer at laksen veks veldig sakte når han kjem så høgt opp og at det dermed tar lengre tid før fisken sym ut i havet.

Det er ikkje funne spor etter gyrosmitte i miljø-DNA-prøvene som blei tatt.

Klorbehandling av hele Driva

Fiskesperra i Snøvassmelan i Sunndal er den største i landet og skal hindre gytande fisk i å passere. Slik vil dei tømme elva for laks som ber gyrosmitte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Trur på suksess

– Men kunne ein då ha spart dei millionane på fiskesperra?

– Nei, for ved å bygge sperra vil omtrent all laks vere borte. Behandlinga som går føre seg no er ikkje ei fullskala behandling. Vi behandlar berre med klor i dei største vassløpa fordi det berre er stor fisk som står igjen, svarer Steinkjer.

Steinkjer seier at han ikkje kan garantere for at elva kjem til å bli fri for parasitten, men at han har stor tru på at dei no vil lykkast.

– Vi har drive med kjemisk behandling av vassdrag veldig lenge. Vi har faktisk ikke hatt ei mislykka kjemisk behandling sidan 2004, seier han.

Klorbehandling av hele Driva

Slik ser lakseparasitten ut på fisken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 01.08.2024, kl. 17.15

Read Entire Article