Det europeiske eventyret held fram for Brann etter kveldens siger mot Go Ahead Eagles.
Kampen på Brann Stadion enda 2–1 til raudtrøyene i Bergen, og sender Brann vidare inn i tredje kvalifiseringsrunde i UEFA Europe Conference League.
Kampen fekk ein brå start med mål til Go Ahead Eagles allereie i andre minutt. Det var Jakob Breum som sørga for den tidlege nederlandske leiinga.
Rett før pause gav Bård Finne bergensarane håpet tilbake og utlikna til 1-1, med ein fin målgivande frå Niklas Castro.
Berre tolv minutt inn i andre omgang sender Castro ein ny målgivande til Fredrik Pallesen Knudsen, som sender ballen rett i hjørnet og gir Brann ei 2–1 leiing.
Kampane i tredje kvalifiseringsrunde blir spelt 8. og 15. august. Då skal Brann enten møte islandsk motstand frå reykjavik-laget Valur eller skotsk motstand frå Saint Mirren.