Israel har angripe ein skule og eit sjukehus sentralt på Gaza, melder nyheitsbyrået AP.
Minst 30 personar er døde, og over 100 er såra etter luftangrepet, ifølge palestinske helsemyndigheiter.
Luftangrepet trefte jenteskule Khadija i Deir al-Balah, som blir brukt som feltsjukehus for internt fordrevne palestinarar, ifølge Gazas sivilforsvar.
Dei tretti personane hadde gøymd seg der, og blei frakta til Al Aqsa-sjukehuset kor dei blei erklært døde, skriv AP.
Det israelske militæret (IDF) seier målet for luftangrepet var eit av Hamas sine kontrollsenter.
Ifølge helsemyndigheitene på Gaza blei i tillegg 11 personar drepne i andre israelske angrep laurdag.
Opplysningane om drepne og såra er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder, men vert sett på som truverdige av FN og andre organisasjonar.